Kapittel

2. Unntakssøknader

Statlege verksemder skal etterleve krav i økonomiregelverket. Likevel kan verksemder av ulike årsaker ha behov for unntak frå krav i økonomiregelverket, for eksempel at ei verksemd skal opprette ein valutakonto (utanfor konsernkontoordninga). Verksemda kan då søkje om unntak frå krav i økonomiregelverket for ein kortare eller lengre periode.

DFØ har fått delegert makt til å fastsetje unntak frå økonomiregelverket. Unntakssøknader skal sendast til oss frå departementa på vegner av underliggjande verksemder. Vi kan gje eitt eller fleire unntak per søknad, søknaden kan bli avslått, eller det kan vise seg at verksemda ikkje har behov for å få eit unntak. Alle gjeldande unntak er tilgjengelege på Unntakssøknader fra økonomiregelverket - DFØ (dfo.no). I vedlegg 1 er det utfyllande skildringar av unntakssøknadene vi behandla i 2022.

Det var i 2022 til saman ni søknader om unntak frå krav i økonomiregelverket, og det vart totalt søkt om elleve unntak. FIN behandla to unntakssøknader om delegert etatsstyring. DFØ behandla dei andre sju unntakssøknadene. Alle unntakssøknadene vart innvilga.

Dep.VerksemdTema og tal på unntak ()Regelverk1VurderingLengd
SDNorsk jernbane-museumDelegert etatsstyring (1) Unntak innvilga av FINB 1.2 bokstav a), d) og f)InnvilgaInntil vidare
KDTo samiske vidaregåande skular og Sørsamisk kunnskapsparkDelegert etatsstyring (2) Unntak innvilga av FIN B 1.2 bokstav a), d) og f) Innvilga Inntil vidare
FINStatistisk sentralbyråÅrsrekneskap (1)
Søknad departement Søknad verksemd
B 3.4.3.2Innvilga 31.12.2025
HODFolkehelseinstituttetSRS (1)
Unntakssøknad
SRS 10Innvilga Rekneskapsåret 2021
NFDPatentstyretStandard kontoplan (1) Søknad departement
Søknad verksemd
B.3.3.3Innvilga Til og med rekneskaps-året 2026
KDNoregs idrettshøgskoleKonsernkontoordning (1) Søknad verksemdB 3.7.3.2Innvilga 31.12.2023
KDNord UniversitetKonsernkontoordning (1) Søknad verksemdB 3.7.3.2 Innvilga 31.12.2023
KDNoregs Handelshøg-skoleKonsernkontoordning (1) Søknad departement B 3.7.3.1Innvilga 31.12.2027
BFDBarne-, ungdoms- og familie-direktoratet Konsernkontoordning (2) Søknad departement B 3.7.3.1 og 3.7.3.2Innvilga 31.12.2027
Tabell 1: Oversikt over unntakssøknader behandla i 2022

Som tidlegare år var det også i 2022 Kunnskapsdepartementet som søkte om flest unntak på vegner av underliggjande verksemder. Årsaka til dette er at utdanningssektoren ofte har behov for unntak frå konsernkontoordninga. Eksempelvis har fleire av verksemdene under Kunnskapsdepartementet fått unntak for å kunne gjennomføre utbetalingar til utanlandske studentar gjennom ei kontantkortordning. 

Talet på unntakssøknader vi har teke mot og behandla, har halde seg relativt jamt over tid. Det er per 1.1.2023 til saman 71 gyldige unntak frå krav i føresegnene.

Fotnoter

1B = Føresegner om økonomistyring i staten.

2Det vart gjeve mange unntak i 2017 fordi universitets- og høgskolesektoren fekk unntak frå standard kontoplan for statlege verksemder.

Oppdatert: 27. juni 2023

DFØ-rapport 2023:4 DFØs forvaltning av økonomiregelverket i 2022

Skriv ut / lag PDF

1. Om forvalting av økonomiregelverket

Om DFØ

Om denne rapporten

2. Unntakssøknader

Fotnoter

3. Førespurnadar frå statlege verksemder

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Statlege lån

For mykje utbetalt løn

Tilskot

4. Tolkingsutsegner

5. Andre tiltak og erfaringar

5.1 Regelverksutvikling

5.1.1 Endring i rundskriv R-118 regnskapsføring av pensjonspremie

5.1.2 Rundskriv som følgje av utsett frist for lønsoppgjeret

5.2 Erfaringar frå regelverksforvaltinga

5.2.1 Ein digitalisert kvardag stiller nye krav til styring

5.2.2 Innføring av obligatorisk SRS

5.2.3 Områdegjennomgang om enkeltståande tilskot

5.3 Innhenting av kunnskapsgrunnlag

5.3.1 Forhold av gjennomgåande karakter i Riksrevisjonen sine rapportar med relevans for forvalting av økonomiregelverket

Hovudfunn i Dokument 1 for 2021

Hovudfunn i Dokument 3 for 2021

5.3.2 Innrapportert bruk av rekneskapsprinsipp

5.3.3 Lære av kvarandre sine erfaringar på styringsområdet

5.3.4 Støtte brukarane til meir heilskapleg styring

5.3.5 Kartlegging av korleis tilskot blir bokførte

5.3.6 Innsikt og rettleiing på tilskotsområdet

5.4 Kompetansetenester

5.4.1 Webinar og faglege nettverk

Statleg styring

Statleg rekneskapsføring

Webinar om økonomiregelverket

Nettverk for regulatorisk styring

5.5 Forvalting og tilgjengeleggjering av informasjon

5.5.1 Tenesta tilskudd.no

5.5.2 Forvaltingsløysinga

5.6 Tiltak som følgje av koronapandemien

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Rettleiings- og informasjonsarbeid

Statleg styring

Tilskot

6.2 Oppgåver frå planen for regelverksutvikling

Statlege rekneskapsstandardar

Bokføringsplikta for statlege verksemder

Enkeltståande tilskot

Andre utvalde tema

Vedlegg 1 Unntakssøknader behandla i 2022

Konsernkontoordninga

To søknader om vidareføring av unntak om krav om sikring av betalingsoppdrag med EU-betalingar - innvilga

Søknad om unntak for bruk av kronekort - innvilga

Søknad om forlenging av unntak for å kunne overføre pengar direkte til ungdomar i statlege institusjonar – innvilga

Delegert etatsstyring

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Standard kontoplan

Søknad om vidareføring av unntak slik at sektoravgifta kan bokførast i kontogruppe 3 og presenterast som driftsinntekt - innvilga

Årsrapport

Søknad om vidareføring av høve til å gjere unntak frå mal for oppstillinga i årsrekneskapen av løyvingsrapportering – innvilga

Statleg rekneskapsstandard

Søknad om unntak frå SRS 10 for koordinatormidlar - innvilga

Vedlegg 2 Førespurnader grupperte etter tema

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Belastningsfullmakter

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Nettoføringsordninga for meirverdiavgift

Forvalting av midlar for andre

Agio/disagio ved feil i utbetaling til utlandet

Vederlagsfrie overføringar

Staten som sjølvassurandør

Vedlegg 3 Nye tolkingsutsegner

Ettergjeving av krav oppstått ved feilutbetaling av løn

Må ettergjeving av for mykje ubetalt løn leggjast fram for Finansdepartementet?

Når må verksemda forfølgje krav om tilbakebetaling av for mykje utbetalt løn?

Budsjettdisponering ved rammeavtalar

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.