Kapittel

Vedlegg 1 Unntakssøknader behandla i 2022

Her er ein omtale av unntakssøknader vi tok mot og behandla i 2022, to av desse var unntakssøknader som vart behandla av FIN.

Konsernkontoordninga

To søknader om vidareføring av unntak om krav om sikring av betalingsoppdrag med EU-betalingar - innvilga

Noregs Idrettshøgskole (NIH) og Nord universitet søkte om vidareføring av unntak for sikring av betalingsoppdrag med EU-betalingar som blir framsende på ISO 20022 meldingsstandarden. Begge verksemdene har tidlegare fått unntak frå føresegnene punkt 3.7.3.2 for å unngå mellombelse investeringar i ny tryggleiksløysing, før ei ny permanent løysing er på plass.

Ny løysing var forseinka, og dei søkte derfor om forlenging av unntaka. DFØ har i samband med nye rammeavtalar for betalings- og kontohaldstenester stilt krav om at alle statlege verksemder må over på meldingsstandarden ISO 20022 med tilhøyrande ny sikrings- og transportløysing (Peppol Payment) innan utgangen av 2023.

Vi gav NIH og Nord universitet unntak frå føresegnene punkt 3.7.3.2 slik at verksemdene kan sende betalingsoppdrag med EU-betalingar på fil utan forsegling (med nokre vilkår). Unntaka gjeld så lenge det er behov for å sende EU-betalingar utan forsegling til banken, men ikkje utover 31.12.2023.

Søknad om unntak for bruk av kronekort - innvilga

Kunnskapsdepartementet søkte på vegner av Noregs Handelshøgskole (NHH) om unntak frå føresegnene slik at NHH kan nytte kronekort i samband med internasjonale utvekslingsstudentar. Dette fordi det anten ikkje er mogleg eller er forbunde med høge kostnader å overføre pengar til studentane sin utanlandske bankkonto, og fordi studentane ikkje får oppretta norsk bankkonto. I tillegg vil det kunne bli behov for å nytte kronekort i samband med eventuell utbetaling av økonomisk støtte til studentar ramma av krigen i Ukraina.

Vi innvilga unntak frå føresegnene punkt 3.7.1 slik at NHH kan etablere ei kontantkortordning ved utbetalingar til utanlandske studentar som ikkje kan opprette norsk bankkonto. Unntaket gjeld så lenge det er behov for å nytte kontantkortordninga, men ikkje utover 31.12.2027.

Søknad om forlenging av unntak for å kunne overføre pengar direkte til ungdomar i statlege institusjonar – innvilga

Barne- og familiedepartementet søkte på vegner av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om vidareføring av unntak frå føresegnene punkta 3.7.1 og 3.7.3.

Bufdir har hausta gode erfaringar med digitale betalingsløysingar og praksis med å overføre pengar direkte til ungdomane i dei statlege institusjonane. Utbetalingar blir gjorde anten til den enkelte sitt bankkort eller kronekort (påfyllingskort). Kronekort blir brukt av barn/ungdomar som av ei eller anna årsak ikkje har eller kan disponere eige bankkort.

Vi innvilga søknaden og vidareførte unntak frå føresegnene punkta 3.7.1 og 3.7.3.2 fram til 31.12.2027.

Delegert etatsstyring

FIN har behandla dei to unntakssøknadene under.

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Samferdselsdepartementet (SD) søkte om vidareføring av praksisen med delegert etatsstyring, der Jernbanedirektoratet er delegert etatsstyringsansvaret for Norsk jernbanemuseum. I brevet vurderte SD at det er behov for unntak frå føresegnene punkt 1.2 Virksomhetsbegrepet i staten bokstav a), d) og f).

FIN gav SD unntak frå føresegnene punkt 1.2 bokstav a), d) og f), i tillegg til gjeldande unntak frå bokstav h) (gjeve i 2019). Dette for at departementet kan halde fram eksisterande praksis med å delegere etatsstyringa av Norsk jernbanemuseum til Jernbanedirektoratet.

Unntaka blir innvilga fram til det tidspunktet SD gjennomfører endring i eksisterande praksis med delegert etatsstyring. Ei slik endring vil medføre at alle unntaka fell bort.

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Kunnskapsdepartementet (KD) kontakta FIN om definisjonen av ei statleg verksemd og to samiske vidaregåande skular i Karasjok og Kautokeino og Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal. KD viste til at Riksrevisjonen har stilt spørsmål ved at det ikkje er godkjent eit avvik frå føresegnene punkt 1.2 bokstav a) og d), og at dette medfører tvil om dei to samiske vidaregåande skulane og Sørsamisk kunnskapspark skal reknast som separate statlege verksemder. Alternativet som er skissert, var at dei nemnde verksemdene blir rekna som ein del av Utdanningsdirektoratet og ikkje vil få separate revisjonsmeldingar. KD bad FIN om råd for korleis dei bør svare Riksrevisjonen.

FIN gav KD unntak frå føresegnene punkt 1.2 a), d) og f), i tillegg til gjeldande unntak frå h) (gjeve i frå 2019). Dette for at Utdanningsdirektoratet kan halde fram eksisterande praksis, og styre dei to samiske vidaregåande skulane og Sørsamisk kunnskapspark.

Unntaka blir innvilga fram til det tidspunktet KD gjennomfører endring i eksisterande praksis med delegert etatsstyring. Ei slik endring vil medføre at alle unntaka fell bort.

Standard kontoplan

Søknad om vidareføring av unntak slik at sektoravgifta kan bokførast i kontogruppe 3 og presenterast som driftsinntekt - innvilga

Nærings- og fiskeridepartementet søkte på vegner av Patentstyret om vidareføring av unntaket for bruk av standard kontoplan for sektoravgifta løyvd på kapittel 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet post 71 Avgifter immaterielle rettar.

Vi gav unntak frå kravet i føresegnene punkt 3.3.3. Unntaket gjeld for fem år frå rekneskapsåret 2022. Unntaket inneber at Patentstyret kan bokføre sektoravgifta i kontogruppe 3, i staden for i kontogruppe 8. Patentstyret kan også presentere sektoravgifta som driftsinntekt i staden for innbetalt avgift under innkrevjingsverksemd og andre overføringar til staten i oppstilling av artskontorapporteringa, jf. føresegnene punkt 3.4.3.3 og rundskriv R-115.

Årsrapport

Søknad om vidareføring av høve til å gjere unntak frå mal for oppstillinga i årsrekneskapen av løyvingsrapportering – innvilga

FIN søkte på vegner av Statistisk sentralbyrå (SSB) om vidareføring av unntak frå føresegnene punkt 3.4.3.2 andre avsnitt. SSB har unntak slik at verksemda ved oppstilling av løyvingsrapportering kunne nytte hjelpekolonnar for å forklare avvik mellom samla tildeling og rapportert inntekt. Bruk av to hjelpekolonnar skal kunne bidra til betre forståing hos rekneskapsbrukar. Unntaket gjaldt frå rekneskapsåret 2016 til rekneskapsåret 2020.

Vi vidareførte SSB sitt unntak frå føresegnene punkt 3.4.3.2 andre avsnitt. Det blir presisert at unntaket berre opnar for bruk av hjelpekolonnar, slik at note B skal ha same innhald som for andre statlege verksemder. Unntaket gjeld frå rekneskapsåret 2021 til rekneskapsåret 2025, dersom det er behov for det i heile perioden.

Statleg rekneskapsstandard

Søknad om unntak frå SRS 10 for koordinatormidlar - innvilga

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) søkte på vegner av Folkehelseinstituttet (FHI) om unntak frå krava i SRS 10 Inntekt fra bevilgninger, tilskudd og overføringer til virksomheten, samt overføringer til og fra staten punkt 23 om balanseføring av midlar verksemda får som prosjektkoordinator.

Vi gav FHI unntak frå SRS 10 punkt 23. Unntaket inneber at midlar FHI får frå Forskingsrådet for utdeling til samarbeidspartnarar i prosjekt der FHI har ein koordinatorfunksjon kan bokførast og presenterast brutto som inntekter og utgifter i verksemdsrekneskapen etter SRS. Ved presentasjon av verksemdsrekneskapen må FHI i noten for driftsinntekter spesifisere inntekter mottekne for utdeling til andre (koordinatormidlar). I noten for andre driftskostnader må midlar vidareformidla til samarbeidspartnarar spesifiserast. Unntaket gjeld for rekneskapsåret 2021.

Oppdatert: 27. juni 2023

DFØ-rapport 2023:4 DFØs forvaltning av økonomiregelverket i 2022

Skriv ut / lag PDF

1. Om forvalting av økonomiregelverket

Om DFØ

Om denne rapporten

2. Unntakssøknader

Fotnoter

3. Førespurnadar frå statlege verksemder

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Statlege lån

For mykje utbetalt løn

Tilskot

4. Tolkingsutsegner

5. Andre tiltak og erfaringar

5.1 Regelverksutvikling

5.1.1 Endring i rundskriv R-118 regnskapsføring av pensjonspremie

5.1.2 Rundskriv som følgje av utsett frist for lønsoppgjeret

5.2 Erfaringar frå regelverksforvaltinga

5.2.1 Ein digitalisert kvardag stiller nye krav til styring

5.2.2 Innføring av obligatorisk SRS

5.2.3 Områdegjennomgang om enkeltståande tilskot

5.3 Innhenting av kunnskapsgrunnlag

5.3.1 Forhold av gjennomgåande karakter i Riksrevisjonen sine rapportar med relevans for forvalting av økonomiregelverket

Hovudfunn i Dokument 1 for 2021

Hovudfunn i Dokument 3 for 2021

5.3.2 Innrapportert bruk av rekneskapsprinsipp

5.3.3 Lære av kvarandre sine erfaringar på styringsområdet

5.3.4 Støtte brukarane til meir heilskapleg styring

5.3.5 Kartlegging av korleis tilskot blir bokførte

5.3.6 Innsikt og rettleiing på tilskotsområdet

5.4 Kompetansetenester

5.4.1 Webinar og faglege nettverk

Statleg styring

Statleg rekneskapsføring

Webinar om økonomiregelverket

Nettverk for regulatorisk styring

5.5 Forvalting og tilgjengeleggjering av informasjon

5.5.1 Tenesta tilskudd.no

5.5.2 Forvaltingsløysinga

5.6 Tiltak som følgje av koronapandemien

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Rettleiings- og informasjonsarbeid

Statleg styring

Tilskot

6.2 Oppgåver frå planen for regelverksutvikling

Statlege rekneskapsstandardar

Bokføringsplikta for statlege verksemder

Enkeltståande tilskot

Andre utvalde tema

Vedlegg 1 Unntakssøknader behandla i 2022

Konsernkontoordninga

To søknader om vidareføring av unntak om krav om sikring av betalingsoppdrag med EU-betalingar - innvilga

Søknad om unntak for bruk av kronekort - innvilga

Søknad om forlenging av unntak for å kunne overføre pengar direkte til ungdomar i statlege institusjonar – innvilga

Delegert etatsstyring

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Standard kontoplan

Søknad om vidareføring av unntak slik at sektoravgifta kan bokførast i kontogruppe 3 og presenterast som driftsinntekt - innvilga

Årsrapport

Søknad om vidareføring av høve til å gjere unntak frå mal for oppstillinga i årsrekneskapen av løyvingsrapportering – innvilga

Statleg rekneskapsstandard

Søknad om unntak frå SRS 10 for koordinatormidlar - innvilga

Vedlegg 2 Førespurnader grupperte etter tema

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Belastningsfullmakter

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Nettoføringsordninga for meirverdiavgift

Forvalting av midlar for andre

Agio/disagio ved feil i utbetaling til utlandet

Vederlagsfrie overføringar

Staten som sjølvassurandør

Vedlegg 3 Nye tolkingsutsegner

Ettergjeving av krav oppstått ved feilutbetaling av løn

Må ettergjeving av for mykje ubetalt løn leggjast fram for Finansdepartementet?

Når må verksemda forfølgje krav om tilbakebetaling av for mykje utbetalt løn?

Budsjettdisponering ved rammeavtalar

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.