Kapittel

3. Førespurnadar frå statlege verksemder

Vi svarer på spørsmål frå departement og statlege verksemder om fortolking og forståing av økonomiregelverket. Nokre førespurnader er konkrete spørsmål om rutinane i verksemda eller om endringsforslag følgjer regelverket. Andre førespurnader handlar om å få kunnskap om krav i regelverket og korleis verksemda eventuelt kan tilpasse seg dette.

I dette kapittelet gjev vi innsikt i hovudtrekka for førespurnadene i 2022. I vedlegg 2 finn du detaljert omtale av enkelte førespurnader. Nokre svar vi gjev, er av prinsipiell karakter og er publiserte som tolkingsutsegner. Det er ein generell omtale av tolkingsutsegnene i kapittel 4 og detaljerte skildringar av nye tolkingsutsegner i vedlegg 3.

Erfaringa vår er at problemstillingane verksemdene tek opp, ofte er komplekse og verksemdsspesifikke. Vi ser òg at fleire førespurnadar er relaterte til endringar i rutinar som følgje av bruk av elektroniske løysingar.

Ein del av førespurnadene vi har behandla, er i skjeringspunktet mellom økonomiregelverket og eksempelvis forvaltningslova, offentleglova, meirverdiavgiftslova eller bokføringslova. For å kunne svare godt på desse er det ofte behov for å sjå dei ulike lovene og regelverket i samanheng. Ei slik koordinering gjev brukarane eit betre svar og bidreg på sikt til fagleg utvikling.

Førespurnadane har generelt ulik karakter innanfor dei ulike fagområda òg. På styringsområdet er det til dømes spørsmål om korleis ei verksemd skal innrette og gjennomføre styringa generelt. Spørsmåla innanfor rekneskap er ofte meir detaljerte og knytte til verksemda sin eigenart.

Vi ser at mange av spørsmåla vi svarer på, kan bidra til å vidareutvikle rettleiing og rådgjeving frå vår side. Til dømes når det gjeld årleg oppdatering av rettleiingar om standard kontoplan, endringar av dei statlege rekneskapsstandardane, vidareutvikling av føresegner og rundskriv. Førespurnadene kan avdekkje problemstillingar som har fått lita merksemd tidlegare, eller vere ei problemstilling som har vorte aktualisert av ulike grunnar.

Tabell 2 gjev ei oversikt over talet på førespurnader om økonomiregelverket vi har behandla dei siste fem åra. Vi har kategorisert førespurnadane etter kva tema og kapittel i føresegnene dei sorterer under. Tabellen viser at vi har teke mot og behandla færre førespurnader om økonomiregelverket i 2022 enn tidlegare år. Nedgangen gjeld for alle tema. Moglege årsaker til nedgangen kan vere at det har vore få endringar i regelverket det siste året, og at fleire verksemder er kundar av DFØ enn tidlegare (og at fleire spørsmål derfor blir avklarte i kontakt mellom kunden og rekneskaps- og lønsdivisjonane i DFØ).

Tema og tilhøyrsle i kapittel i føresegnene20182019202020212022
Styring (kap. 1–2)80751287647
Felles standardar og prinsipp (kap. 3)1198512711592
Bokføring, dokumentasjon, oppbevaring (kap. 4)4331434429
Løn, innkjøp og inntekter (kap. 5)79450
Tilskot, stønader og garantiar (kap. 6–8)4137404227
Anna1128232
Sum tal på førespurnadar301245344285197
Tabell 2: Tal på førespurnadar vi har svart på innan regelverksforvalting dei fem siste åra

Nedanfor følgjer ei kort skildring av førespurnader grupperte etter utvalde område i føresegnene.

Etatsstyring

Fleire av førespurnadene har handla om dialog, arbeidsform og tema for etatsstyringsmøta. Det har også vore spørsmål om formkrav til ein digitalisert årsrapport. Våre svar avspeglar at det er lite som regulerer sjølve etatsstyringsmøta og at dialogen må verke mest mogleg føremålstenleg.

Vi har også svart på førespurnader om belastningsfullmakter. I ei sak vurderte vi at delegering av belastningsfullmakter gav svakare sporbarheit for midlane. Det var fordi midlane i årsrekneskapane gjekk fram som belastningsfullmakter frå departementa og som tildeling frå direktoratet. Som eit alternativ til bruk av belastningsfullmakt tilrådde vi at midlane blir stilte til disposisjon for eit direktorat ved tildelingsbrev.

Verksemdsstyring

Spørsmål om verksemdsstyring dekkjer mange ulike tema. Fleire av førespurnadene handla om mål- og resultatstyring, internkontroll, risiko, digitalisering av styringa, omgrepsbruk og årsrapportering.

Vi fekk fleire førespurnadar om rådgjeving og presentasjonar innanfor eit breitt spekter av tema. Nokre ønskjer innlegg på eigne fagmøte, medan andre ønskjer rettleiing over tid. Som følgje av høg turnover var kapasiteten vår noko avgrensa i 2022. Dermed måtte vi avslå mange av førespurnadene, men vi har i nokre tilfelle gjennomført eit kort møte for å diskutere utfordringane. Tilbod om møte blir vidareførte i eit pilotprosjekt der verksemder kan bestille eit møte med oss for å diskutere verksemdsstyringa.

Vi får mange førespurnader om kjennskap til konkret praksis og bruk av spesifikke metodar i ulike delar av forvaltinga. Vi har ikkje høve til å ha full oversikt over metodebruk og systemstøtte i alle delar av forvaltinga. Svar på førespurnader er derfor basert på kunnskap vi har fått gjennom brukarkontakt og kjennskap. Førespurnadene synleggjer behov for kontakt mellom verksemder, og også at det er behov for døme og støtte til «å omsette» rettleiing til praksis.

Transaksjonskontrollar

Vi fekk fleire førespurnader som handla om rutinar i verksemder og korleis desse skal innrettast for å vere i tråd med krava om attestasjon og budsjettdisponeringsmynde. Vi har også svart på spørsmål om digital godkjenning og krav til elektronisk signatur.

Årsrekneskap

Vi har fått fleire førespurnader som gjekk på feilpostering i rekneskap og retting av bokførte opplysningar. Vidare har vi svart på spørsmål om krav for årsrapport og årsrekneskap, og om rekkjefølgja i kapittel 6 i årsrekneskapen er fast. Vi har også behandla spørsmål om inntektsføring av prosjektmidlar/tilskot der verksemda er prosjektdeltakar.

Standard kontoplan

Som tidlegare år var det stor variasjon i spørsmåla om standard kontoplan for statlege verksemder. Fleire av førespurnadene var komplekse og gjaldt eigenarten ved verksemda.

Vi har fått fleire spørsmål om klassifisering og kontering av konsulenttenester. Problemstillingane om dette har vorte meir aktuelle etter fellesføringane i statlege verksemder sine tildelingsbrev for 2022, om at kjøp av konsulenttenester skal reduserast.

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Fleire av førespurnadene i 2022 gjaldt «SRS 17 Anleggsmiddel» og grensedraginga mellom balanseføring og kostnadsføring. Vi har også fått fleire førespurnader som går på overgangen frå ein rekneskap etter kontantprinsippet til ein rekneskap etter SRS, medrekna korleis ulike typar driftsmiddel og eigedelar skal verdsetjast i opningsbalansen. Vi svarte på ein førespurnad om klassifisering av burettslagsleilegheiter for tilsette, og vurderte at desse skal klassifiserast som varige driftsmiddel. Vi svarte også på spørsmål om verdsetjing av varelager, krav til kontantstraumoppstilling og vederlagsfrie overføringar.

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Frå 2022 la Statens pensjonskasse (SPK) om pensjonspremiemodellen for statlege verksemder. Frå 1.1.2022 betaler alle statlege verksemder ein verksemdsspesifikk hendingsbasert arbeidsgjevardel som del av pensjonspremien. Vi har blant anna svart på spørsmål om det nye estimatet skulle leggjast inn i lønssystemet, og om ein ny premiesats skulle gjevast tilbakeverkande kraft. Endringa i regelverket for rekneskapsføring av pensjonspremie i rundskriv R-118 er omtalt i kapittel 5.

Vi fekk mange spørsmål frå verksemder om pensjon som følgje av at fristen for gjennomføring av dei lokale lønsforhandlingane vart utsette i 2022. Dette vart adressert i eit nytt rundskriv (R-8/2022).

Statlege lån

Vi har fått fleire førespurnader om statlege lån. Eit spørsmål var om bruk av arbeidskontoar for verksemder og lånegarantiordningar. Vi har også svart på ein førespurnad om forvalting av hybrid- og obligasjonslån.

Oppbevaring av rekneskapsmateriale
Vi har som tidlegare år, fått fleire førespurnader om krav til oppbevaring av rekneskapsinformasjon. Spørsmåla er om kva dokument og elektroniske skjema som skal oppbevarast, kven som skal oppbevare desse og om dei kan oppbevarast digitalt.

Nettoføringsordninga for meirverdiavgift
Vi fekk også i 2022 konkrete spørsmål om kva som er innanfor nettoføringsordninga når det gjeld bygg og anlegg. Eksempelvis svarte vi at prosjekteringskostnader knytte til nye bygg er å rekne som innkjøp til bygg, og derfor utanfor nettoføringsordninga. Eit anna spørsmål var om bruk av nettoføringsordninga og om det har noko å seie når eit prosjekt starta opp. Vi fekk også fleire spørsmål om vidarefakturering.

For mykje utbetalt løn

Vi har fått nokre spørsmål om arbeidsgjevar eventuelt DFØ som tenesteytar på vegner av arbeidsgjevar, har utbetalt for mykje løn til statstilsette. Spørsmåla har handla om krav på tilbakebetaling, oppfølging og ettergjeving av krav mot tilsette.

DFØ, med lønsdivisjonen som hovudansvarleg, vil halde fram arbeidet med å utvikle føremålstenlege rutinar for handtering av situasjonane der det er utbetalt for mykje løn.

Tilskot

Førespurnadene på tilskotsområdet har variert både når det gjeld innhald og kompleksitet. Fleire førespurnader har vore om digitalisering av prosessar i tilskotsforvaltinga. Eksempelvis spørsmål om korleis utforme digitaliseringsvenlege tilskotsregelverk og automatisering av forvaltinga av regelbaserte tilskotsordningar.

Vidare har vi behandla spørsmål om krav i økonomiregelverket til revisorattestasjon, omtale av tilskot i statsbudsjettet og innhald i tilskotsbrev. Vi har også fått spørsmål knytte til forvalting, oppfølging og kontroll av enkeltståande tilskot.

Oppdatert: 27. juni 2023

DFØ-rapport 2023:4 DFØs forvaltning av økonomiregelverket i 2022

Skriv ut / lag PDF

1. Om forvalting av økonomiregelverket

Om DFØ

Om denne rapporten

2. Unntakssøknader

Fotnoter

3. Førespurnadar frå statlege verksemder

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Statlege lån

For mykje utbetalt løn

Tilskot

4. Tolkingsutsegner

5. Andre tiltak og erfaringar

5.1 Regelverksutvikling

5.1.1 Endring i rundskriv R-118 regnskapsføring av pensjonspremie

5.1.2 Rundskriv som følgje av utsett frist for lønsoppgjeret

5.2 Erfaringar frå regelverksforvaltinga

5.2.1 Ein digitalisert kvardag stiller nye krav til styring

5.2.2 Innføring av obligatorisk SRS

5.2.3 Områdegjennomgang om enkeltståande tilskot

5.3 Innhenting av kunnskapsgrunnlag

5.3.1 Forhold av gjennomgåande karakter i Riksrevisjonen sine rapportar med relevans for forvalting av økonomiregelverket

Hovudfunn i Dokument 1 for 2021

Hovudfunn i Dokument 3 for 2021

5.3.2 Innrapportert bruk av rekneskapsprinsipp

5.3.3 Lære av kvarandre sine erfaringar på styringsområdet

5.3.4 Støtte brukarane til meir heilskapleg styring

5.3.5 Kartlegging av korleis tilskot blir bokførte

5.3.6 Innsikt og rettleiing på tilskotsområdet

5.4 Kompetansetenester

5.4.1 Webinar og faglege nettverk

Statleg styring

Statleg rekneskapsføring

Webinar om økonomiregelverket

Nettverk for regulatorisk styring

5.5 Forvalting og tilgjengeleggjering av informasjon

5.5.1 Tenesta tilskudd.no

5.5.2 Forvaltingsløysinga

5.6 Tiltak som følgje av koronapandemien

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Rettleiings- og informasjonsarbeid

Statleg styring

Tilskot

6.2 Oppgåver frå planen for regelverksutvikling

Statlege rekneskapsstandardar

Bokføringsplikta for statlege verksemder

Enkeltståande tilskot

Andre utvalde tema

Vedlegg 1 Unntakssøknader behandla i 2022

Konsernkontoordninga

To søknader om vidareføring av unntak om krav om sikring av betalingsoppdrag med EU-betalingar - innvilga

Søknad om unntak for bruk av kronekort - innvilga

Søknad om forlenging av unntak for å kunne overføre pengar direkte til ungdomar i statlege institusjonar – innvilga

Delegert etatsstyring

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Standard kontoplan

Søknad om vidareføring av unntak slik at sektoravgifta kan bokførast i kontogruppe 3 og presenterast som driftsinntekt - innvilga

Årsrapport

Søknad om vidareføring av høve til å gjere unntak frå mal for oppstillinga i årsrekneskapen av løyvingsrapportering – innvilga

Statleg rekneskapsstandard

Søknad om unntak frå SRS 10 for koordinatormidlar - innvilga

Vedlegg 2 Førespurnader grupperte etter tema

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Belastningsfullmakter

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Nettoføringsordninga for meirverdiavgift

Forvalting av midlar for andre

Agio/disagio ved feil i utbetaling til utlandet

Vederlagsfrie overføringar

Staten som sjølvassurandør

Vedlegg 3 Nye tolkingsutsegner

Ettergjeving av krav oppstått ved feilutbetaling av løn

Må ettergjeving av for mykje ubetalt løn leggjast fram for Finansdepartementet?

Når må verksemda forfølgje krav om tilbakebetaling av for mykje utbetalt løn?

Budsjettdisponering ved rammeavtalar

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.