Kapittel

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Rettleiings- og informasjonsarbeid

Å informere statlege verksemder og utvikle godt rettleiingsmateriell er ein viktig del av DFØ si forvalting av økonomiregelverket. Vi jobbar derfor kontinuerleg med dette på alle fagområde.

Statleg styring

Økonomiregelverket har som føremål å sikre god styring og effektiv utnytting av statlege midlar. Rettleiinga frå DFØ skal hjelpe departement og verksemder i dette arbeidet. Kompetansetenestene og rådgivinga vår bør i større grad dreiast til å gjere verksemdene i stand til å gjere dei vurderingane som trengst for å tilpasse styringa til eigenarten og behova til verksemda. I dette ligg det også å utvikle verktøy og kompetanse til å vurdere og implementere balansen mellom styring og kontroll innanfor verksemda sin kontekst. Vidare jobbar vi med å sjå korleis dfo.no betre kan treffe riktige målgrupper med riktig bodskap.

Tilskot

Med bakgrunn i innsiktsarbeidet som er gjort på tilskotsområdet dei siste åra,
arbeider vi med nye nettsider om forvalting av statleg tilskot. Desse er planlagd lanserte i 2023. 

Som ei oppfølging av områdegjennomgangen om enkeltståande tilskot som vart gjennomført i 2022, vil vi i 2023 vurdere endringar i økonomiregelverket og utforme meir rettleiing om temaet enkeltståande tilskot.

6.2 Oppgåver frå planen for regelverksutvikling

Arbeidet i 2023 med å vidareutvikle økonomiregelverket skjer i tråd med den overordna planen for regelverksutvikling for perioden 2022 til 2026, som vart fastsett hausten 2022. Planen gjev ei oversikt over fagtema innanfor statleg økonomistyring der vi ser behov for utviklingsarbeid og der desse arbeida kan munne ut i forslag til regelverksendringar. Frå regelverksplanen vil vi prioritere enkeltoppgåvene under.

Statlege rekneskapsstandardar

Bistand til verksemdene som skal ta i bruk dei statlege rekneskapsstandardane (SRS), vidareutvikling av standardane og rettleiing var ressurskrevjande oppgåver for DFØ i 2022, og vil også vere det i resten av innføringsperioden for obligatorisk SRS fram mot 2027.

Vi vil i 2023 blant anna:

  • arbeide vidare med å utgreie behov for å vidareutvikle SRS knytt til omfattande pensjonsforvalting
  • utgreie behov for å vidareutvikle SRS knytt til omfattande tilskots- og stønadsforvalting
  • sjå på reguleringa av vederlagsfri overføring av eigedelar
  • lage ein plan for å vurdere utvikling av nye rekneskapsstandardar på uregulerte område

Bokføringsplikta for statlege verksemder

FIN sluttar seg i brev av 21.2.2023 til tilrådinga vår om at utgangspunktet skal vere at bokføringsplikta for statlege verksemder blir regulert i bokføringslova og bokføringsforskrifta. Vi vil samarbeide med Skatteetaten om dette. Arbeidet vil ha eit omfang og ein kompleksitet som tilseier at det vil strekkje seg utover 2023. DFØ vil halde FIN orientert om arbeidet og behov for avklaringar.

Enkeltståande tilskot

Med bakgrunn i områdegjennomgangen for enkeltståande tilskot og oppdrag i tildelingsbrevet, vil vi sjå på om det er behov for endringar i omtalen av enkeltståande tilskot i regelverket. Vi vil sjå nærare på om det er behov for endringar i regelverket om utforminga og forvaltinga av enkeltståande tilskot. I tillegg vil vi sjå på om det eventuelt er behov for endringar i unntaksføresegnene for tilskot til internasjonale organisasjonar.

Andre utvalde tema

Vi vil sjå nærare på korleis fleire ulike forhold skal handterast i årsrekneskap og verksemdsrekneskap, og også andre problemstillingar der det vil kunne vere aktuelt med regelverksendringar.

Vi skal i 2023 blant anna:

  • gå gjennom fleire faste rundskriv for å leggje til rette for einsarta kontobruk og presentasjon av gebyrinntekter i årsrekneskapen
  • vurdere behov for endringar i krav i føresegnene til attestasjon og bokføring for omtvista inngåande fakturaer
  • sjå på reguleringa i føresegnene punkt 3.6 om forvalting av finansielle eigedelar og midlar
  • vurdere behovet for justeringar av reguleringa i rundskriv R-118 av rekneskapsføringa av pensjonspremie
  • gjennomgå rundskriv og rettleiing til nettoføringsordninga for budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift i staten
Oppdatert: 27. juni 2023

DFØ-rapport 2023:4 DFØs forvaltning av økonomiregelverket i 2022

Skriv ut / lag PDF

1. Om forvalting av økonomiregelverket

Om DFØ

Om denne rapporten

2. Unntakssøknader

Fotnoter

3. Førespurnadar frå statlege verksemder

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Statlege lån

For mykje utbetalt løn

Tilskot

4. Tolkingsutsegner

5. Andre tiltak og erfaringar

5.1 Regelverksutvikling

5.1.1 Endring i rundskriv R-118 regnskapsføring av pensjonspremie

5.1.2 Rundskriv som følgje av utsett frist for lønsoppgjeret

5.2 Erfaringar frå regelverksforvaltinga

5.2.1 Ein digitalisert kvardag stiller nye krav til styring

5.2.2 Innføring av obligatorisk SRS

5.2.3 Områdegjennomgang om enkeltståande tilskot

5.3 Innhenting av kunnskapsgrunnlag

5.3.1 Forhold av gjennomgåande karakter i Riksrevisjonen sine rapportar med relevans for forvalting av økonomiregelverket

Hovudfunn i Dokument 1 for 2021

Hovudfunn i Dokument 3 for 2021

5.3.2 Innrapportert bruk av rekneskapsprinsipp

5.3.3 Lære av kvarandre sine erfaringar på styringsområdet

5.3.4 Støtte brukarane til meir heilskapleg styring

5.3.5 Kartlegging av korleis tilskot blir bokførte

5.3.6 Innsikt og rettleiing på tilskotsområdet

5.4 Kompetansetenester

5.4.1 Webinar og faglege nettverk

Statleg styring

Statleg rekneskapsføring

Webinar om økonomiregelverket

Nettverk for regulatorisk styring

5.5 Forvalting og tilgjengeleggjering av informasjon

5.5.1 Tenesta tilskudd.no

5.5.2 Forvaltingsløysinga

5.6 Tiltak som følgje av koronapandemien

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Rettleiings- og informasjonsarbeid

Statleg styring

Tilskot

6.2 Oppgåver frå planen for regelverksutvikling

Statlege rekneskapsstandardar

Bokføringsplikta for statlege verksemder

Enkeltståande tilskot

Andre utvalde tema

Vedlegg 1 Unntakssøknader behandla i 2022

Konsernkontoordninga

To søknader om vidareføring av unntak om krav om sikring av betalingsoppdrag med EU-betalingar - innvilga

Søknad om unntak for bruk av kronekort - innvilga

Søknad om forlenging av unntak for å kunne overføre pengar direkte til ungdomar i statlege institusjonar – innvilga

Delegert etatsstyring

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Standard kontoplan

Søknad om vidareføring av unntak slik at sektoravgifta kan bokførast i kontogruppe 3 og presenterast som driftsinntekt - innvilga

Årsrapport

Søknad om vidareføring av høve til å gjere unntak frå mal for oppstillinga i årsrekneskapen av løyvingsrapportering – innvilga

Statleg rekneskapsstandard

Søknad om unntak frå SRS 10 for koordinatormidlar - innvilga

Vedlegg 2 Førespurnader grupperte etter tema

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Belastningsfullmakter

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Nettoføringsordninga for meirverdiavgift

Forvalting av midlar for andre

Agio/disagio ved feil i utbetaling til utlandet

Vederlagsfrie overføringar

Staten som sjølvassurandør

Vedlegg 3 Nye tolkingsutsegner

Ettergjeving av krav oppstått ved feilutbetaling av løn

Må ettergjeving av for mykje ubetalt løn leggjast fram for Finansdepartementet?

Når må verksemda forfølgje krav om tilbakebetaling av for mykje utbetalt løn?

Budsjettdisponering ved rammeavtalar

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.