Strategien til DFØ

DFØ sin strategi gir ei retning for utviklinga av DFØ fram mot 2025, og skal understøtte samfunnsoppdraget vårt og bidra til at vi når hovedmåla våre. Strategien består av fem satsingsområde.

Samfunnsoppdrag og visjon

Samfunnsoppdraget til DFØ er å bidra til effektiv ressursbruk i staten og til at staten når sine mål gjennom god styring, organisering, leiing og gode avgjerdsgrunnlag. DFØ er staten sitt fagorgan for økonomistyring, gode avgjerdsgrunnlag for statlege tiltak, organisering og leiing i staten, samt for anskaffingar i offentleg sektor og felles innkjøpsavtaler i staten. DFØ er også leverandør av fellestenester til forvaltninga innenfor lønn og rekneskap, samt ansvarlig for å gi arbeidsgivarstøtte til statlege verksemder. DFØ skal sørge for ein heilheitlig tilnærming og utvikling av områda DFØ har ansvar for.

Med utgangspunkt i samfunnsoppdraget, er visjonen vår effektiv ressursbruk i offentleg sektor.

Hovudmål

Finansdepartementet har fastsatt følgande hovudmål for DFØ:

  • Kundar av DFØ  har effektiv økonomistyring.
  • Offentleg sektor gjennomfører effektive og innovative anskaffingar som bidrar til å fremme grøn omstilling og berekraftig utvikling.
  • Statsforvaltninga bygger på kunnskap, er utviklingsorientert og har god styring, organisering og leiing.
  • Offentlegheita kan enkelt ta i bruk informasjon om resultat og ressursbruk i forvaltninga. 

Tenestemål

Basert på hovudmåla har DFØ fastsatt følgande mål for tenestene våre:

  • DFØ leverer korrekte, sikre og effektive fellestenester.
  • DFØ leverer kunnskapsgrunnlag som er relevant og held høg fagleg kvalitet. 
  • DFØ forvalter regelverk og konsernsystem på ein effektiv og utviklingsorientert måte. 
  • DFØ tilrettelegg for effektiv digital transformasjon innanfor sine tenesteområde.
  • DFØ leverer kompetansetenester og rådgiving som er brukarretta, synleg, tilgjengeleg og nyttig.  

Strategiske satsingsområde

Dei fem satsingsområda skal bidra til at vi evner å tilpasse oss endringar i rammevilkår og omgivnader, møte kunde- og brukarforventningar og utnytte nye muligheter. 

1. Standardisere og effektivisere

Vi skal

  • prioritere tenester som gir stordriftsfordelar og frigjer ressursar hos kundar og brukarar 
  • utvikle tenester og regelverk som bidrar til standardisering og effektivisering
  • kunne påta oss utviklingsoppdrag finansiert av enkeltkundar, så lenge produkta og tenestene som blir utvikla blir stilt til rådigheit for andre kundar
  • kunne påta oss rådgivings- og rettleiingsoppdrag til enkeltverksemder når det gir nytteverdi og læring for DFØ og/eller for fleire verksemder
2. Vere eit aktivt fagorgan

Vi skal

  • styrke heilheitleg utvikling av kompetansetenestene våre, med særlig fokus på leiarar i forvaltninga
  • utvikle og tilgjengeleggjere data og analysar til nytte for departement, verksemder og offentlegheita
  • vere ein aktiv bidragsytar i samfunnsdebatten på fagområda våre
  • vere ein aktiv rådgivar og bidragsytar i den faglege dialogen med eigar- og fagdepartementa
3. Ha ein brukarorientert utvikling

Vi skal

  • vidareutvikle tenestene til brukarane våre ved å nytte og analysere data
  • utvikle produkt og tenester i samspel med kundar og brukarar
  • bruke og teste våre eigne tenester for å forstå brukerane sine behov 
  • stimulere til samanhengande tenester ved blant anna å bruke offentlege standardar og andre statlege fellestenester
4. Vere innovativ og framtidsretta

Vi skal

  • utvikle, levere og ta i bruk innovative løysingar og tenester
  • vere pådrivar for teknologiutvikling og digitale arbeidsprosessar i forvaltninga 
  • samarbeide med nasjonale og internasjonale fagmiljø, andre offentlege aktørar og private leverandørar
5. Vere ein lærande og samarbeidsorientert organisasjon

Vi skal

  • legge til rette for synergiar og læring gjennom samhandling på tvers av fagmiljø
  • behalde, rekruttere og utvikle relevant kompetanse i takt med dagens og framtidas utviklingsbehov
  • vidareutvikle styringssystem og arbeidsformer som støttar opp under måla, satsingsområda og effektiv drift

Dette er verdiane våre

Nyttig:

  • Vi treff kundane og brukarane sine behov.
  • Vi prioriterer det som gir størst verdi.
  • Vi er opptatt av effekten av arbeidet vårt.

Engasjert:

  • Vi støttar kvarande og gjer kvarandre gode.
  • Vi lyttar og lærer av andre.
  • Vi er engasjert i fagområda våre og dei vi er til for.

Framtidsretta:

  • Vi henter inn kunnskap om trender og utviklingstrekk, tilpasser tenestene og endrar oss når det trengst.
  • Vi utviklar tenestene våre, arbeidsmåtar og kompetanse kontinuerleg.
Oppdatert: 15. april 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.