Instruks, tildelingsbrev og årsrapport

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring rapporterer til Finansdepartementet. Her finn du instruks, tildelingsbrev, årsrapportar, likestillingsutgreiinga og revisjonsberetningar for DFØ.

Instruks

Instruks for DFØ vart fastsett av Finansdepartementet 18. desember 2020. Instruksen beskriv korleis myndigheit og ansvar er fordelt mellom Finansdepartementet og DFØ. Instruksen omtalar også krav og forventningar til verksemdas interne styring mv. og korleis styringsdialogen mellom Finansdepartementet og DFØ skal innrettast.

Instruks til DFØ frå Finansdepartementet
pdf 809.22 KB

Tildelingsbrev

Gjennom tildelingsbrevet gir Finansdepartementet økonomiske rammer og prioriteringar, resultatmål, oppdrag og rapporteringskrav for det enkelte budsjettår. DFØ tar i mot tildelingsbrev før årets start, samt fleire supplerande tildelingsbrev gjennom året.

Tildelingsbrev 2024
pdf 249.04 KB
Supplerande tildelingsbrev 2024
Tidlegare tildelingsbrev

Årsrapport

Årsrapporten gir en heilskapleg oversikt over DFØs aktivitetar, oppdrag og resultat som er oppnådd siste år. Rapporten inneheld også vurderingar og analysar av utviklinga for kvart hovudmål. Årsrapporten blir utforma iht. til de obligatoriske krava som følger av regelverket om økonomistyring i staten, og blir publisert seinast innan 1. mai kvart år.

Tidlegare årsrapportar

Revisjonsberetning

Revisjonsberetningane er Riksrevisjonens revidering av årsrekneskapen for DFØ.

Årsrekneskapen består av oppstilling av bevilgnings- og artskontorapportering, verksemdrekneskap og notar, herunder samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.

Revisjonsberetningar

Likestillingsutgreiing

I forbindelse med arbeidet med aktivitets- og redegjørelsesplikten for arbeidsgivarar publiserast likestillingsutgreiinga saman med årsrapporten. Likestillingsutgreiinga beskriv tilstanden for kjønnslikestilling i DFØ, samt korleis me arbeid for å fremje likestilling og hindre diskriminering.

Likestillingsredegjørelse for Direktoratet for forvaltning og økonomistyring 2023
pdf 437.5 KB
Likestillingsredegjørelse for Direktoratet for forvaltning og økonomistyring 2022
pdf 410.83 KB

Oppdatert: 19. juni 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.