Kapittel

5. Andre tiltak og erfaringar

I dette kapittelet gjev vi ein omtale av andre tiltak, prosjekt og erfaringar frå aktivitetar vi gjennomfører. Tiltaka og erfaringane kan verke inn på vidareutvikling av økonomiregelverket, verksemdene si etterleving av regelverket og kompetansetilbodet vårt. Kapittelet er delt inn i sentrale tema for regelverksforvaltinga.

5.1 Regelverksutvikling

FIN fastsette endringar i føresegnene og tre rundskriv i desember 2022. Endringane i føresegnene inneber presiseringar og oppdateringar av nokre punkt i regelverket. Dette gjeld blant anna omtalen av avlevering av evalueringar, retting av feil og avvik i rapporteringa til statsrekneskapen, krav til registrering av eigedelar for verksemder som avlegg årsrekneskapen etter dei statlege rekneskapsstandardane (SRS), og rekneskapsmessig behandling av krav der oppgjer er lite sannsynleg.

Følgjande rundskriv er oppdaterte i 2022:

  • R-100 Midlertidige unntak fra bestemmelser om økonomistyring i staten for at utbetaling av lønn kan skje til rett tid under virusutbruddet
  • R-101 Statens kontoplan for statsbudsjettet og statsregnskapet
  • R-110 Fullmakter i henhold til bevilgningsreglementet
  • R-114 Bruk av de statlige regnskapsstandardene (SRS) i virksomhetsregnskapet
  • R-115 Utarbeidelse og avleggelse av statlige virksomheters årsregnskap
  • R-116 Nettoføringsordning for budsjettering og regnskapsføring av merverdiavgift i statsforvaltningen


Som følgje av utsett frist for lønsoppgjeret samarbeidde vi med FIN om eit nytt mellombels rundskriv R-8/2022 gjeldande for årsavslutninga 2022, sjå punkt 5.1.2.

Vi har utarbeidd ein overordna plan for vidareutvikling av økonomiregelverket som er sendt over til FIN til orientering. Planen strekkjer seg fram til 2026 og er tilpassa at dei statlege rekneskapsstandardane er obligatoriske for alle statlege verksemder frå 2027. Det overordna målet med planen er at økonomiregelverket skal vere oppdatert og eit velfungerande verkemiddel i vidareutvikling av økonomistyringa i staten. Sjå kapittel 6 for omtale av tiltak frå planen i 2023. 

Føresegner om økonomistyring i staten er i 2022 omsette til engelsk og er publiserte på dfo.no.

5.1.1 Endring i rundskriv R-118 regnskapsføring av pensjonspremie

Som ei følgje av introduksjon av ny pensjonspremiemodell til Statens pensjonskasse (SPK), vart regulering av bokføring og rapportering av pensjonspremie for bruttobudsjetterte verksemder endra frå1.1.2022 gjennom ei oppdatering av rundskriv R-118 per 15.12.2021.

Reguleringa er framleis at arbeidsgjevardelen i dei seks premiefakturaene i året frå SPK, utgjer pensjonsutgifta for året for verksemda. Rundskrivet vart likevel endra til at fakturaen for kvar termin skal gje pensjonsutgift for terminen. Tidlegare var det slik at avvik mellom bokført berekning i lønssystemet og terminfaktura for dei fem første terminane i året vart balanseført, og først resultatført ved årsslutt i samband med mottak av premiefaktura for 6. termin. Bakgrunnen for endringa var at den nye modellen skal gje den enkelte verksemda eit rettare bilete av ressursbruken knytt til det å ha tilsette og synleggjere pensjon som eit viktig kostnadselement.

Fleire verksemder opplevde at pensjonspremien i terminfakturaene frå SPK var lågare enn beløpa berekna i lønssystemet. Ved bokføring og rapportering etter rundskriv R-118 ville dette gje ei lågare pensjonsutgift enn om verksemda førte differansen mot balansen. Enkelte statlege verksemder ønskte ikkje å gjere dette. Dei frykta at rekneskapen ville vise eit ikkje reelt mindreforbruk. Dette kunne føre til at midlar som det ville vere behov for til framtidig pensjonspremie, kunne bli brukte til andre ting.

Vi vart spurt om dei kunne la vere å resultatføre differansen mellom beløpa berekna i lønssystemet og premiebeløpet i terminfakturaene frå SPK. Vi svarte at rekneskapsføringa måtte skje etter rundskriv R-118, men forklarte korleis forholdet likevel skulle takast omsyn til i budsjettstyringa i verksemdene. Dette vart omtalt i ein artikkel på heimesida vår, i nyheitsbrevet vårt om verksemds- og økonomistyring, og på e-post til alle statlege verksemder.

Vi vil sjå på spørsmåla vi har fått frå verksemdene når rundskriv R-118 skal oppdaterast i 2023.

5.1.2 Rundskriv som følgje av utsett frist for lønsoppgjeret

Det vart utarbeidd eit nytt rundskriv R-8/2022 for årsavslutninga 2022. Det fastsette retningslinjer som statlege verksemder skulle følgje for bokføring og rapportering av løn knytt til lønsoppgjeret i staten, dersom resultatet av lønsforhandlingane ikkje vart klart tidsnok til å bli utbetalt i 2022. Rundskrivet handla også om rekneskapsføring av pensjonspremie i 2022 dersom resultatet av lønsforhandlingane vart utbetalt seinare enn november 2022 eller rapportert til Statens pensjonskasse seinare enn 25. november 2022.

Årsaka var at hovudtariffavtalane i staten frå 1. mai 2022 innebar ei omfattande omlegging av statens lønssystem. Fristen for gjennomføring av lokale forhandlingar vart utsett med ein månad, jf. PM-2022-13. Den utsette fristen gav statlege verksemder svært store utfordringar med å få registrert resultatet av lønsoppgjeret i tide, for at lønsauken skulle bli utbetalt på desember løn 2022. 

DFØ identifiserte problemstillingane og samarbeidde med FIN ved utarbeidinga av rundskriv R-8/22 Regnskapsføring av ikke utbetalte lønnsmidler ifm. lønnsoppgjøret 2022 og konsekvenser av manglende rapportering i november for fakturering og regnskapsføring av pensjonspremie fra SPK. Rundskrivet fastsette retningslinjer for bokføring og rapportering av løn knytt til lønsoppgjeret i staten, i tilfelle der resultatet av lønsforhandlingane ikkje vart klart i tide til utbetaling i 2022. 

5.2 Erfaringar frå regelverksforvaltinga

I dette punktet omtaler vi nokre prosjekt og regelverksorientert arbeid som har kravd merksemd og ressursar i 2022, og som har gjeve oss nyttige erfaringar som er relevante for vidare arbeid med regelverksforvaltinga.

Utvikling av økonomiregelverket må sjåast i samanheng med endringar i andre regelverk. Til dømes har føreslegne endringar i meirverdiavgiftsregelverket for bokføring av omtvista fakturaer, gjort at vi må sjå nærare på korleis vi skal tilpasse krava i økonomiregelverket.

5.2.1 Ein digitalisert kvardag stiller nye krav til styring

Aukande kompleksitet, datamengde og ønske om samanhengande tenester stiller nye krav til styringa. Vi er nøydde til å tenkje framtidsretta slik at vi kan hjelpe verksemdene til å gjere gode vurderingar i balansen mellom tilstrekkeleg kunnskap, gode analysar, akseptabel risiko og effektiv ressursbruk.

Vi ser at kompetansetenestene og rådgivinga vår i større grad bør gjere verksemdene i stand til å gjere dei vurderingane som trengst for å tilpasse styringa til eigenarten og behova til verksemda.

5.2.2 Innføring av obligatorisk SRS

Prosjektet «Innføring av obligatorisk SRS» starta for fullt i 2022. Dette er eit samarbeidsprosjekt i DFØ ut frå rollene som regelverksforvaltar og tenesteytar. Det er publisert ein rettleiar om bruk og nytte av periodisert rekneskapsinformasjon i styringa. Verksemdene som skal innføre SRS, blir definerte som enkle eller komplekse ut frå eit sett med kriterium. Pulje 1 består av åtte enkle verksemder og starta arbeidet sitt i mars 2022.

Pulje 2 består av både enkle og komplekse verksemder (om lag 30 verksemder totalt), og dei komplekse verksemdene starta arbeidet sitt hausten 2022. Vi planlegg for auka oppfølging i takt med at puljane blir større og består av fleire komplekse verksemder.

Det er fleire oppgåver som ligg i den fleirårige planen for regelverksutvikling, som vil vere viktige for prosjektet. Etter kvart som fleire verksemder fører rekneskapen etter SRS, vil ulike problemstillingar oppstå, og det kan bli behov for å vidareutvikle standardane.

5.2.3 Områdegjennomgang om enkeltståande tilskot

På oppdrag frå FIN utarbeidde vi i 2022 notatet Spisset områdegjennomgang om enkeltstående tilskudd. Områdegjennomgangen av enkeltståande tilskot skal leggje til rette for at endringar knytte til enkeltståande tilskot blir gjort på ein heilskapleg måte og gjev betre etterleving av økonomiregelverket, blant anna gjennom at omfanget av enkeltståande tilskot blir redusert. Gjennomgangen gav også innsikt i dagens praksis på området som grunnlag for vidare rettleiing og eventuelt utvikling av økonomiregelverket. DFØ tilrådde i rapporten at det blir arbeidd vidare med å ramme inn og redusere bruken av enkeltståande tilskot.

Det vart i 2022 utarbeidd eigne rettleiingssider på dfo.no om bruk av unntaksføresegna enkeltståande tilskot. Denne rettleiinga gjev råd til departementa om kva vurderingar som bør gjerast før unntaksføresegna blir teken i bruk og råd om korleis omtalen i budsjettproposisjonen bør formast ut.

5.3 Innhenting av kunnskapsgrunnlag

Vi får gjennom samhandling med andre verksemder kunnskap om utfordringar dei opplever i praksis. Vi gjennomfører òg eigne prosjekt for å innhente kunnskap og kartleggje tema innanfor ulike fagområde. Dette gjev oss eit grunnlag for å vurdere utvikling av regelverket, og å sjå behovet for kompetansetenester og rettleiingsmateriell. Nedanfor er ei skildring av noko av kunnskapsgrunnlaget innhenta i 2022. 

5.3.1 Forhold av gjennomgåande karakter i Riksrevisjonen sine rapportar med relevans for forvalting av økonomiregelverket

I tildelingsbrevet for 2023 ber FIN om at DFØ peikar på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som har komme fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen. Vi har også gjennomgått dokument 3-serien frå Riksrevisjonen. Rapportane kan avdekkje eventuelle utfordringar som statlege verksemder står overfor når det gjeld å etterleve krav i økonomiregelverket.

Vi har dialog med Riksrevisjonen der vi tek mot innspel på utfordringar og forbetringspunkt i økonomiregelverket. Dersom det er aktuelt, har vi lagt dette inn i regelverksplanen vår for 2022 til 2026 (sjå kapittel 6).

Hovudfunn i Dokument 1 for 2021

Dokument 1 er Riksrevisjonen sin årlege rapport om revisjon og kontroll av statsforvaltinga. I denne får Stortinget informasjon om viktige forhold som har kome fram i finansiell revisjon, etterlevingsrevisjon og mindre forvaltingsrevisjonar. Riksrevisjonen har revidert statsrekneskapen og 235 årsrekneskapar for 2021 frå departement, underliggjande verksemder og fond.

Statsrekneskapen er i det vesentlegaste korrekt avlagd og presentert for 2021. Riksrevisjonen konkluderer med at det er positivt at alle årsrekneskapane, unnateke fire, for departement og underliggjande verksemder er riktige.

Riksrevisjonen meiner det er positivt at tilskot til frivillige organisasjonar blir brukte til relevante aktivitetar og tiltak, men er likevel kritisk til at departementa ikkje sikrar at dei har tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere den samla måloppnåinga for tilskotsordningane. Det kjem av, ifølgje Riksrevisjonen, at departementa ikkje fastset presise mål og kriterium for måloppnåing og ikkje får tilstrekkeleg informasjon om samla måloppnåing. Tilskotsforvaltar utarbeider heller ikkje tilstrekkeleg målretta rapporteringskrav, og grunnlaget for å vurdere måloppnåing blir for svak.

Riksrevisjonen konkluderer med at statlege verksemder ikkje gjennomfører nødvendig kontroll av løns- og arbeidsvilkår ved kjøp av tenester og bygg- og anleggsarbeid. Riksrevisjonen meiner dette er sterkt kritikkverdig og av gjennomgåande karakter. Riksrevisjonen viser blant anna til at verksemdene ikkje har kontrollert om leverandørane sine tilsette har løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtalar. Vidare viser Riksrevisjonen til at verksemdene i liten grad har etablert rutinar for internkontroll som sikrar at krava i forskrift om arbeidsvilkår i offentlege kontraktar blir etterlevde.

Hovudfunn i Dokument 3 for 2021

Vi har også gjort ein overordna gjennomgang av dokument 3-serien (2021–2022) frå Riksrevisjonen. Dokument 3-serien er ein serie rapportar der Riksrevisjonen rapporterer resultata av dei større, systematiske undersøkingane av regjering og statsforvalting fortløpande.

I Dokument 3:5 (2021–2022) om grøne offentlege innkjøp konkluderer Riksrevisjonen følgjande: 

  • Innkjøpspraksisen til offentlege oppdragsgjevarar bidreg ikkje i stor nok grad til å minimere miljøbelastninga og fremje klimavenlege løysingar.
  • Mange offentlege oppdragsgjevarar manglar ei heilskapleg tilnærming for å vareta klima- og miljøomsyn i innkjøp.
  • Det er utarbeidd eit omfattande rettleiingsmateriell om grøne offentlege innkjøp, men det er behov for å gjere det meir brukarvenleg og kjent.
  • Det manglar statistikk og styringsinformasjon om status for grøne offentlege innkjøp.
  • Arbeidet med grøne offentlege innkjøp krev god koordinering mellom ansvarlege departement.

Vi har i gjennomgangen av dokument 3-serien (2021–2022) ikkje identifisert forhold av gjennomgåande karakter som er relevante i samband med forvalting av økonomiregelverket.

5.3.2 Innrapportert bruk av rekneskapsprinsipp

Kvart enkelt departement innrapporterer kva rekneskapsprinsipp departementet sjølv og underliggjande verksemder bruker i verksemdsrekneskapane sine. Basert på oppdaterte oversikter frå departementa publiserer vi årleg ei samla oversikt over brukte rekneskapsprinsipp i verksemdsrekneskapane på dfo.no.

Rekneskapsprinsipp ved utarbeiding av verksemdsrekneskapen20182019202020212022
Kontantprinsippet slik det går fram av økonomiregelverket128123118118117
Periodiseringsprinsippet i samsvar med dei statlege rekneskapsstandardane (SRS)6262656765
Anna11110
Sum tal på verksemder191186184186182

5.3.3 Lære av kvarandre sine erfaringar på styringsområdet

På styringsområdet har vi i 2022 halde fram å nytte brukarinvolvering i utarbeiding av eiga innsikt, bodskap og rettleiing. Verksemdene ønskjer og har nytte av døme frå andre verksemder.

Omgrepsforståing er viktig for å sikre god dialog i styringa. Vi vil sjå nærare på utfordringar i omgrepsbruk i statleg styring i 2023.

Vi erfarer at brukarane får nytte av korte diskusjonsmøte med oss og vil leggje til rette for at slike møte kan bli ei teneste det er mogleg å bestille på nettsidene våre.

5.3.4 Støtte brukarane til meir heilskapleg styring

Erfaring viser at mange verksemder finn det utfordrande å tilpasse enkeltoppgåvene i styringa. Dei opplever også at det er vanskeleg å få brukt dei ulike styringsleveransane på best mogleg måte. Dei ulike aktivitetane, som internkontroll, risikostyring og verksemdsplanlegging, heng ikkje saman på ein måte som gjer at verksemda får ei samanhengande og effektiv styring.

Vi ønskjer gjennom god brukarinvolvering, å sjå kva som kan gjere brukarane i stand til å dimensjonere styringa riktig. Ein del av dette arbeidet blir å tydeleggjere føremålet med dei ulike elementa i styringa, slik at vi sikrar ei felles forståing av kva som er god og effektiv styring. Døme på dette kan vere å justere rapporteringskrav ut frå behov og justere ressursbruk i styringsaktivitetar, slik at ein oppnår forsvarleg og effektiv styring og kontroll. For å få ei meir effektiv måloppnåing innanfor dei rammene verksemdene er tildelte, vil vi støtte brukarane i ei heilskapleg tilnærming til styring.

5.3.5 Kartlegging av korleis tilskot blir bokførte

Vi gjennomførte i desember 2021 ei spørjeundersøking til alle statlege tilskotsforvaltarar, og rapporten låg føre i mars 2022. Føremålet med kartlegginga var å gje oss eit grunnlag for å vurdere behov og moglegheiter for å standardisere og betre krava til bokføringa av statlege tilskot og stønader i økonomiregelverket.

Kartlegginga viser at med nokre enkelte unntak, så bokfører alle verksemdene i undersøkinga tilskot på utbetalingstidspunktet. Dette gjeld for verksemder som fører rekneskap etter SRS og etter kontantprinsippet, og er uavhengig av korleis rekneskapen blir presentert. For nokre verksemder fell utbetalinga saman med vedtakstidspunkt. Nokre få verksemder bokfører på vedtakstidspunktet utan at dette fell saman med utbetaling av tilskot. Tilbakeføring av tilskot blir oftast bokført ved tilbakebetaling.

Kartlegginga viser også at tilskot oftast blir bokførte av interne rekneskapseiningar eller ved bruk av maskinelle prosessar, og at det er stor variasjon i kva system som blir brukte og kva opplysningar som er med ved bokføringa.

Innsikta frå kartlegginga er eit grunnlag for vidare arbeid med utforming av dei statlege rekneskapsstandardane.

5.3.6 Innsikt og rettleiing på tilskotsområdet

Mykje av innsikta og kunnskapsgrunnlaget vi har fått på tilskotsområdet i 2022, har skjedd gjennom arbeidet med tilskudd.no. Vi har hatt dialog med om lag 50 statlege tilskotsforvaltarar og mange søkjarar/mottakarar av tilskot, i form av workshops, ein-til-ein-møte og demonstrasjon av løysinga. I dialogen har vi fått innsikt om brukarbehov, fått brukartesta løysinga for å verifisere at ho blir utvikla i samsvar med brukarbehov og vi har jobba med i implementering av tilskudd.no. Dette arbeidet vil halde fram i 2023.

I arbeidet med utvikling av tilskudd.no har vi fått nyttig brukarinnsikt om praksis i forvaltinga av statleg tilskot til frivillig sektor. Innsikta viser at det er stor variasjon i utforminga av tilskotsordningar og enkeltståande tilskot. Gjennom dialogen vi har med tilskotsforvaltarane gjev vi også mykje rettleiing som kan bidra til betre etterleving av økonomiregelverket. Innsikta vi får gjennom arbeidet med tilskudd.no er også viktig for vidareutvikling av økonomiregelverket og rettleiingstenestene vi har på tilskotsområdet.

Vidare arbeider vi med nye nettsider på dfo.no om forvalting av statleg tilskot. Bakgrunnen for arbeidet er ein gjennomgang DFØ hadde i 2021 der vi såg på tidlegare utgreiingar, områdegjennomgangar, førespurnader, kurs- og nettverkstilbod på tilskotsområdet. Brukarinnsikta viser at det er store variasjonar innanfor tilskotsforvaltinga og at kvaliteten på tilskotsregelverka er varierande. Brukarinnsikt viser også at brukarane har ulike behov. Det ser til dømes ut til at dei som kvalitetssikrar tilskotsforvaltinga internt i verksemdene og dei som utfører den daglege tilskotsforvaltinga, kan ha ulike behov. Nye nettsider på tilskotsområdet er planlagd lanserte i 2023. Nettsidene er tenkt som ein grunnmur som kontinuerleg skal vidareutviklast i tråd med behov. Brukarinvolvering vil vere sentralt i arbeidet.

5.4 Kompetansetenester

Ein del av regelverksforvaltinga vår er å leggje til rette for at statlege verksemder og departement kjenner til og kan etterleve regelverket. I tillegg til informasjon på nettsidene våre tilbyr vi ulike former for kompetansehevande tiltak. Dersom vi skal kunne utarbeide relevante og målretta kompetansetenester, er det viktig med god brukardialog gjennom kurs, rådgiving, nettverk og ved å svare på spørsmål frå statlege verksemder.

5.4.1 Webinar og faglege nettverk

Statleg styring

Vi deltok i OECDs Policy Evaluation Expert Group, som i juli 2022 vedtok nye tilrådingar for bruk av evaluering i offentleg sektor. Tilrådingane inkluderer førehandsevaluering (utgreiing). Vi følgjer opp arbeidet med å gjere tilrådingane kjende og vurdere kva dei bør ha å seie for norsk forvalting.

Vi presenterte Kudos – Kunnskapsdokumenter i offentlig sektor (dfo.no) på arbeidsmøtet på hausten i ekspertgruppa i OECD.

Statleg rekneskapsføring

Eit digitalt og eit fysisk innføringskurs i rekneskap for bruttobudsjetterte verksemder vart haldne hausten 2022. Dette er ein modell som vi ønskjer å vidareføre i 2023.

Vi har levert fire kompetansetiltak som ein del av innføringsløpet for verksemder som skal over på SRS. Kursa Grunnleggjande innføring i dei statlege rekneskaps-standardane og Opningsbalanse etter SRS vart haldne to gonger kvar.

Rekneskapsdagen vart i 2022, som året før, halden som eit «hybridarrangement». Det var fullsett i salen med ca. 100 personar og i underkant av 300 deltakarar digitalt. Dagen inneheldt blant anna informasjon om endringar i rundskriv og informasjon om bokføring og rapportering av pensjonspremien til SPK.

Webinar om økonomiregelverket

I mars 2022 gjennomførte vi eit vellykka webinar om økonomiregelverket i staten med 138 påmelde.

Nettverk for regulatorisk styring

Nettverket er ein møteplass for dei som arbeider med regelverksforvalting i staten, og føremålet er å bidra til betre reguleringspraksis i statsforvaltinga. Fire statlege verksemder tok initiativ til nettverket i 2019. Vi vart med i styringsgruppa i 2020 og har no administrativt ansvar for nettverket.

På dei halvårlege møta blir ulike element tekne opp i ein reguleringsprosess. Det blir lagt vekt på tverrfaglegheit og praksisnærleik. Det var stor oppslutning om nettverksmøtet 30. mai 2022 med tema: Kva kan sikre god etterleving av regelverk?

5.5 Forvalting og tilgjengeleggjering av informasjon

Vi er opptekne av at offentlegheita og forvaltinga skal ha enkel tilgang til data om offentleg ressursbruk og resultat. Vi har verktøy og gjennomfører prosjekt som skal bidra til å gjere informasjon tilgjengeleg. Men desse skal òg leggje til rette for god styring, kontroll og meir effektiv ressursbruk i statlege verksemder.

Under har vi gjeve nokre døme på verktøy og korleis vi gjer informasjon tilgjengeleg for statlege verksemder.

5.5.1 Tenesta tilskudd.no

Tilskudd.no er ei ny teneste som gjev oversikt over statlege tilskotsordningar som frivillige organisasjonar kan søkje på. Tenesta vart lansert i desember 2022 og er eit samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet og DFØ.

Tilskudd.no gjev oversikt over statlege tilskot til frivillige organisasjonar, medrekna tilskotsordningar dei kan søkje på, enkeltståande tilskot og tildelt beløp på tvers av statleg sektor. Løysinga gjev oversikt over tildelingar til same mottakar frå fleire forvaltarar. Dette bidreg til å avdekkje og hindre dobbeltfinansiering. Nøkkeltala i løysinga viser tildelt tilskot fordelt på departement, tilskotsforvaltarar, type tilskotsmottakarar og geografi.

For forvaltarar og departement bidreg tilskudd.no til betre og meir heilskapleg styring og kontroll med statlege tilskot for frivillig sektor. Det er enkelt å laste ned informasjonen, slik at han kan gjenbrukast mellom anna til å gjere meir heilskaplege analysar både før ein etablerer tilskot, og dersom ein gjer endringar i innretninga av ordningane. Det blir også enklare å gjere heilskaplege analysar av korleis staten i sum bruker tilskotsmidlar til sektoren. Ei samla oversikt gjev betre grunnlag for å vurdere tilskotsordningane i samanheng, slik at dei treffer rette søkjarar, gjev god måloppnåing og bidreg til effektiv ressursbruk. Verksemder som forvaltar tilskot, registrerer og publiserer informasjon i løysinga om tilskotsordningar, enkeltståande tilskot, tilskotsmottakarar og tildelingar til mottakarane. For tilskotsforvaltarane er dette også digital arena for dialog og rettleiing frå DFØ på tilskotsområdet.

Etter lansering har tenesta vore godt besøkt med eit gjennomsnitt på ca. 250 besøk per dag, jf. tabell 4. I 2023 vil vi gjennomføre brukarundersøking av tenesta.

AktivitetDesember 2022Januar 2023Februar 2023
Besøk580275957232
Unike besøk413951945148
Tabell 4: Oversikt over bruk av tilskudd.no etter lansering 5. desember 2022

5.5.2 Forvaltingsløysinga

Forvaltingsløysinga av statsregnskapet.no vart lansert i 2019. Målgruppa er departementstilsette som jobbar med økonomistyring eller etatsstyring.

Ei brukarundersøking for 2021 avdekte at det var behov for opplæring. Dette har vi følgt opp, og alle departementa takka ja til opplæringstilbodet vårt. I løpet av 2022 har vi levert 1,5 timar kompetansetiltak til kvart departement. Dette har bidrege både til meir merksemd og til ein markant auke i talet på brukarar og bruk av løysinga i 2022. Brukarstatistikken for 2022 viser 34 prosent auke i talet på unike brukarar (438 brukarar i 2022) og 26 prosent auke i talet på økter i løysinga (1836 økter i 2022).

Vi har på initiativ frå Justis- og beredskapsdepartementet, sett i gang eit pilotprosjekt der Politidirektoratet har fått tilgang til forvaltingsløysinga. Resultatet av pilotprosjektet vil vere styrande for om fleire verksemder skal tilbydast tilgang til forvaltingsløysinga.

5.6 Tiltak som følgje av koronapandemien

I 2022 vart rundskriv R-100 «Midlertidig unntak fra bestemmelser om økonomistyring i staten for at utbetaling av lønn kan skje til rett tid under virusutbruddet» forlengd til 31. mars 2023. Føremålet med unntaka er at statlege verksemder blir mindre sårbare ved fråvær av tilsette som arbeider med lønsoppgåver, slik at utbetaling av løn kan skje til rett tid. Unntaka gjeld ved utbetaling av løn til faste og mellombels tilsette, gjevne at visse vilkår er oppfylte. Bruk av unntaka er avgrensa til situasjonar der fråvær hos verksemda gjer det nødvendig for å vareta føremålet.

Oppdatert: 27. juni 2023

DFØ-rapport 2023:4 DFØs forvaltning av økonomiregelverket i 2022

Skriv ut / lag PDF

1. Om forvalting av økonomiregelverket

Om DFØ

Om denne rapporten

2. Unntakssøknader

Fotnoter

3. Førespurnadar frå statlege verksemder

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Statlege lån

For mykje utbetalt løn

Tilskot

4. Tolkingsutsegner

5. Andre tiltak og erfaringar

5.1 Regelverksutvikling

5.1.1 Endring i rundskriv R-118 regnskapsføring av pensjonspremie

5.1.2 Rundskriv som følgje av utsett frist for lønsoppgjeret

5.2 Erfaringar frå regelverksforvaltinga

5.2.1 Ein digitalisert kvardag stiller nye krav til styring

5.2.2 Innføring av obligatorisk SRS

5.2.3 Områdegjennomgang om enkeltståande tilskot

5.3 Innhenting av kunnskapsgrunnlag

5.3.1 Forhold av gjennomgåande karakter i Riksrevisjonen sine rapportar med relevans for forvalting av økonomiregelverket

Hovudfunn i Dokument 1 for 2021

Hovudfunn i Dokument 3 for 2021

5.3.2 Innrapportert bruk av rekneskapsprinsipp

5.3.3 Lære av kvarandre sine erfaringar på styringsområdet

5.3.4 Støtte brukarane til meir heilskapleg styring

5.3.5 Kartlegging av korleis tilskot blir bokførte

5.3.6 Innsikt og rettleiing på tilskotsområdet

5.4 Kompetansetenester

5.4.1 Webinar og faglege nettverk

Statleg styring

Statleg rekneskapsføring

Webinar om økonomiregelverket

Nettverk for regulatorisk styring

5.5 Forvalting og tilgjengeleggjering av informasjon

5.5.1 Tenesta tilskudd.no

5.5.2 Forvaltingsløysinga

5.6 Tiltak som følgje av koronapandemien

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Rettleiings- og informasjonsarbeid

Statleg styring

Tilskot

6.2 Oppgåver frå planen for regelverksutvikling

Statlege rekneskapsstandardar

Bokføringsplikta for statlege verksemder

Enkeltståande tilskot

Andre utvalde tema

Vedlegg 1 Unntakssøknader behandla i 2022

Konsernkontoordninga

To søknader om vidareføring av unntak om krav om sikring av betalingsoppdrag med EU-betalingar - innvilga

Søknad om unntak for bruk av kronekort - innvilga

Søknad om forlenging av unntak for å kunne overføre pengar direkte til ungdomar i statlege institusjonar – innvilga

Delegert etatsstyring

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Søknad om å vidareføre praksisen med delegert etatsstyring – innvilga

Standard kontoplan

Søknad om vidareføring av unntak slik at sektoravgifta kan bokførast i kontogruppe 3 og presenterast som driftsinntekt - innvilga

Årsrapport

Søknad om vidareføring av høve til å gjere unntak frå mal for oppstillinga i årsrekneskapen av løyvingsrapportering – innvilga

Statleg rekneskapsstandard

Søknad om unntak frå SRS 10 for koordinatormidlar - innvilga

Vedlegg 2 Førespurnader grupperte etter tema

Etatsstyring

Verksemdsstyring

Belastningsfullmakter

Transaksjonskontrollar

Årsrekneskap

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Rekneskapsføring av pensjonspremie

Nettoføringsordninga for meirverdiavgift

Forvalting av midlar for andre

Agio/disagio ved feil i utbetaling til utlandet

Vederlagsfrie overføringar

Staten som sjølvassurandør

Vedlegg 3 Nye tolkingsutsegner

Ettergjeving av krav oppstått ved feilutbetaling av løn

Må ettergjeving av for mykje ubetalt løn leggjast fram for Finansdepartementet?

Når må verksemda forfølgje krav om tilbakebetaling av for mykje utbetalt løn?

Budsjettdisponering ved rammeavtalar

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.