Ei av oppgåvene til DFØ som forvaltar av økonomiregelverket er å klargjere korleis regelverket skal forståast. For nokre førespurnader må vi vurdere og tolke økonomiregelverket.
Svar på slike førespurnader kan bli publiserte som tolkingsutsegner, sjå Tolkningsuttalelser til økonomiregelverket - DFØ (dfo.no).
Vi bruker mellom anna desse kriteria når vi vurderer om svar på ein førespurnad inneheld nye fortolkingar av regelverket og bør publiserast:
- Utsegna er direkte knytt til regelverket. Ho inneheld ei generell vurdering med utgangspunkt i konkrete regelverkskrav og er eigna til å tydeleggjere korleis regelverket skal forståast.
- Ei tolkingsutsegn inneheld noko meir enn ei attgiving av regelverkskrava og også meir enn berre eksempel.
- Utsegna er eit svar på ein motteken førespurnad eller ei skriftleg utsegn.
Vi har publisert to nye tolkingsutsegner. Det er tolkingar vi har gjort om ettergjeving av krav og budsjettdisponeringsmynde ved rammeavtalar.