Kapittel

5. Andre tiltak og erfaringar

I dette kapittelet gir vi ein omtale av andre tiltak og erfaringar frå aktivitetar vi gjennomfører. Tiltaka og erfaringane kan verke inn på vidareutvikling av økonomiregelverket, verksemdene si etterleving av regelverket og DFØ sitt kompetansetilbod. Kapittelet er delt inn i fem sentrale tema for regelverksforvaltinga.

5.1 Regelverksutvikling i 2021

Det er eit kontinuerleg arbeid å utvikle og oppdatere økonomiregelverket. Dei siste åra har utviklinga vore retta inn mot standardisering og tydelegare normering i regelverket, og der dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) er ein viktig komponent. Føresegner om økonomistyring i staten blei oppdaterte i august 2021, som følgje av at SRS-ane blei fastsette som obligatoriske rekneskapsstandardar for verksemdsrekneskapen. Dette saman med endringar i pensjonsmodellen og einsarta kontobruk for gebyrinntekter legg betre til rette for samanlikningar mellom verksemder, god kvalitet på dataa og innsyn i statens verksemd. I tillegg gir det moglegheit for å digitalisere og automatisere tenestene DFØ tilbyr for lønns- og rekneskapskundar.

5.1.1 Føresegnene og tre rundskriv er oppdaterte

Oppdatering av føresegnene og rundskriv R-114 som følgje av obligatorisk SRS

31. august 2021 blei føresegnene oppdaterte då FIN fastsette at dei statlege rekneskaps-standardane (SRS) er obligatoriske. Dei nye krava går fram av føresegnene punkt 3.3.2 Virksomhetens plikt til å føre regnskap, tredje avsnitt, der dette står: «Alle statlige virksomheter skal innen 1. januar 2027 føre regnskapet etter periodiseringsprinsippet i henhold til de statlige regnskapsstandardene (SRS). Virksomheter som i dag fører regnskapet etter kontantprinsippet, skal fastsette tidspunktet for overgang til SRS i samråd med overordnet departement (innenfor innføringsperioden på fem år fra 2022).» 

Bruk av dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) i verksemdsrekneskapen er nærmare omtalt i Finansdepartementet sitt rundskriv R-114.

Rundskriv R-102 er oppdatert med endringar og gjeld frå 1. januar 2022.

Det er gjort endringar i kontoplanen knytt til innføring av ny pensjonspremiemodell i Statens pensjonskasse (SPK) frå 2022. Endringane kjem av overgangen til hendingsbasert premie for statlege verksemder, jamfør oppdatert rundskriv R-118. Som følgje av ny premiemodell frå SPK er namnet på konto 282 endra til Avstemmingskonto fakturert pensjonspremie fra SPK, og namnet på konto 542 er endra til Pensjonspremie SPK. 

I løpet av 2021 er konto 306 Uttak av varer teken i bruk i samband med utrekning av uttaksmeirverdiavgift på gratis vaksinar. Grunnen til dette er at ei verksemd fekk behov for ein ny konto for utrekning av uttaksmeirverdiavgift grunna utlevering av gratis vaksinar. Formålet med endringa er å leggje til rette for utrekning av uttaksmeirverdiavgift for verksemder som har behov for dette.

Vidare er det gjort endringar i kontogruppe 37 Gebyrer med videre som inngår som driftsinntekt. Konto 375 Gebyrinntekt krevd inn på vegne av andre statlige virksomheter blir teken i bruk til gebyrinntekter kravd inn på vegner av andre statlege verksemder. Vidare skal inntekter som er rekneskapsførte på konto 375, avreknast mot konto 379 Avregning konto 375. Konto 379 skal ikkje påverke rapporteringa til statsrekneskapen, men leggje til rette for at gebyrinntektene som er kravde inn på vegner av andre statlege verksemder, kan avreknast åtskilt frå verksemda sine eigne driftsinntekter.

Oppdatering av rundskriv R-118 som følgje av omlegginga av pensjonspremiemodellen.

FIN fastsette i 2021 endringar i rundskriv R-118 om rekneskapsføring av pensjonspremie for statlege verksemder. Endringa er at alle statlege verksemder frå 1.1.2022 skal betale ei verksemdsspesifikk hendingsbasert arbeidsgivar som del av pensjonspremien. At premien er verksemdsspesifikk, tyder at han blir rekna ut basert på forholda i den enkelte verksemda, ikkje basert på grupper av verksemder samla. At han er hendingsbasert, tyder at han tek omsyn til dei faktiske hendingane i medlemsbestanden i verksemda, slik at premiereserven er a jour i forhold til medlemmen si opptening. Medlemsdelen på to prosent av lønnsgrunnlaget er uendra. Formålet med den nye måten å rekne ut premien på er å gi den enkelte verksemda eit rettare bilete av ressursbruken knytt til det å ha tilsette og synleggjere pensjon som eit viktig kostnadselement. Gjennom dette skal verksemdene i større grad gjerast ansvarlege for pensjonskostnadane sine, for eksempel i samband med lønnsaukar. 

5.1.2 Vurdering av tiltak for einsarta rapportering av artskonto for gebyrinntekter

I supplerande tildelingsbrev nummer 5 for 2020 bad FIN DFØ om å vurdere og foreslå tiltak med tilpassingar i regelverk, rundskriv og rettleiingar som gav ein einsarta rapportering av artskonto for gebyrinntekter, uavhengig av om verksemdene kravde desse inn sjølv eller brukte Skatteetaten. Samtidig skulle DFØ vurdere korleis verksemdene og Skatteetaten (som innkrevjingsverksemd) skulle presentere gebyrinntektene i årsrekneskapen sin.

På kort sikt tilrådde vi ei løysing der Skatteetaten endrar artskonto frå konto 844 Gebyrer som ikke inngår som driftsinntekt til ny konto 375 Gebyrinntekt krevd inn på vegne av andre statlige virksomheter. Gebyrinntektene som Skatteetaten krev inn på vegner av andre verksemder, er presenterte under ei ny overskrift i artskontorapporteringa og i resultatrekneskapen til Skatteetaten. I tillegg tilrådde vi å utvide oppstillingsplanen for løyvingsrapporteringa i rundskriv R-115 med to hjelpekolonnar. På denne måten presenterer verksemdene forholdet mellom tildeling og rekneskapsført beløp direkte i løyvingsrapporteringa, og løysinga gir avgrensa ressursinnsats for aktuelle verksemder. DFØ tilrådde at endringa blir innført frå og med rekneskapsåret 2022. Grunnen til dette er at ei endring allereie for 2021-rekneskapen ville få uheldige konsekvensar for historikken gjennom året. I tillegg treng Skatteetaten noko tid til å gjere nødvendige tilpassingar i systema sine. FIN har slutta seg til den tilrådde kortsiktige løysinga til DFØ.

5.2 Nokre erfaringar frå regelverksforvaltinga

Vi har valt å omtale tre tema som har kravd mykje ressursar i 2021, og som har gitt oss nyttige erfaringar som er relevante for vidare arbeid med regelverksforvaltinga.

5.2.1 Vurdering av innhald i årsrekneskap for kontantrapporterande verksemder

I november 2020 fekk vi eit brev med mange spørsmål frå Riksrevisjonen om innhaldet i årsrekneskapen for kontantrapporterande verksemder. Det blei gjort eit omfattande arbeid for å svare på spørsmåla. Vi måtte avklare med Skattedirektoratet som forvaltar av bokføringslova og bokføringsforskrifta, og vi måtte kontakte FIN om spørsmål vi oppfatta som prinsipielle. Arbeidet resulterte i eit svar til Riksrevisjonen som inneheld fortolkingar av kva det grunnleggjande prinsippet om fullstendigheit ved utarbeiding av årsrekneskapen inneber. Det inneheld òg fortolkingar av dei grunnleggjande bokføringsføresetnadane om fullstendigheit, realitet og nøyaktigheit. Sjå nærmare omtale av fortolkingane våre i kapittel 9.1 Tolkingsutsegner om årsrekneskap i denne rapporten.

Riksrevisjonen gav i det same brevet uttrykk for at dei meinte at DFØ sin mal for prinsippnoten i ein årsrekneskap for kontantrapporterande verksemder var for snever. Han omtalte berre innhaldet i rekneskapsoppstillingane løyvingsoppstillinga og artskontooppstillinga (som inneheld tal rapporterte til statsrekneskapen), ikkje innhaldet i noten om samanhengen mellom avrekning med statskassen og mellomverande med statskassen (som òg inneheld tal frå kontospesifikasjonen som ikkje er rapporterte til statsrekneskapen) (også omtalt som note 8). DFØ er einig i at det ville vore betre om prinsippnoten i tillegg omtaler det innslaget av bokførte tal som ikkje enno har resultert i innrapportering til statsrekneskapen som finst i note 8, og endra derfor malen for prinsippnoten gjeldande frå 2021 for å sikre dette.

Riksrevisjonen skriv òg i brevet at regelverket som er relevant for kontantverksemdene, til dels er omtalt i mange ulike dokument med ulik autoritet. Dette meiner dei gjer det vanskeleg for verksemdene sjølv, revisor og andre rekneskapsbrukarar å få ei heilskapleg oversikt over det finansielle rammeverket, noko som kan verke inn på kvaliteten på rekneskapsrapporteringa. Dei avsluttar med å spørje om DFØ har nokon planar for meir heilskapleg framstilling av regelverket. Vi svarte at som forvaltar av økonomiregelverket i staten er det sjølvsagt viktig for oss at økonomiregelverket er tydeleg, i den forstand at det er enkelt å forstå og lett å finne fram i. DFØ vil framover arbeide vidare med å tydeleggjere omgrep i regelverket og samanhengar mellom reglement, føresegner, rundskriv og rettleiingar. Dette inkluderer òg å beskrive nærmare kvar i økonomiregelverket det er rom for å utvise skjønn og gjere vurderingar. Vi skal òg sjå på om det på nettsidene er mogleg å skilje tydelegare mellom rettleiing som er utarbeidd av DFØ som regelverksforvaltar, og rettleiing som er utarbeidd av DFØ som tenesteleverandør.

5.2.2 Omorganisering av statlege verksemder

DFØ har svart på enkelte spørsmål knytte til omorganiseringar i statlege verksemder, og vi opplever at det er utfordrande å svare på fleire av dei rekneskapsmessige problemstillingane vi har fått spørsmål om.  Etter DFØ si oppfatning kjem utfordringane av at det manglar omkringliggjande regulering når statlege verksemder blir oppretta, omdanna, samanslåtte eller avvikla. Ved denne type spørsmål kan DFØ heller ikkje sjå hen til regulering i privat sektor. Der finst det regulering av stifting, omdanning, samanslåing og avvikling av dei fleste typar føretak, for eksempel i aksjelova, allmennaksjelova, statsføretakslova, selskapslova, samverkelova osv. I tillegg har skatteretten regulering av ulike typar omorganiseringar som er aktuelle i privat sektor. Basert på dei spørsmåla vi har fått, bør det vurderast å utarbeide overordna reglar for omorganisering av statlege verksemder.  

Ved omdanninga av den nettobudsjetterte verksemda Senter for oljevern og marint miljø til bruttobudsjettert verksemd frå 1.1.2021 har vi svart på spørsmål mellom anna knytte til kva som skal skje med midlane på bankkontoen til den nettobudsjetterte verksemda, korleis den nettobudsjetterte verksemda skulle kunne rapportere til statsrekneskapen frå same rekneskapsklient som den nye bruttobudsjetterte verksemda, og korleis dei resterande eigedelane og gjelda i den nettobudsjetterte verksemda skulle takast inn i den bruttobudsjetterte verksemda. Det siste spørsmålet var særleg knytt til korleis det kunne etablerast eit mellomverande med statskassen frå omgjeringstidspunktet, slik at rekneskapsføring i det første rekneskapsåret kunne skje på same måte som i etterfølgjande rekneskapsår, samt korleis det kunne leggjast til rette for bruk av det ordinære systemet for utbetaling av overført leverandørgjeld. Vi har erfart at det er utfordrande å gjere slike omdanningar, og at det er svært viktig å erkjenne at det å velje ei anna organisasjonsform enn den verksemda er kjend med, krev opplæring i reglane som gjeld for den nye organisasjonsforma. Vi meiner òg at det bør vurderast om det generelt vil vere enklare å avvikle ei nettobudsjettert verksemd og opprette ei ny bruttobudsjettert verksemd, framfor å gjere ei omdanning.

Ved omorganiseringa i utdanningssektoren med samanslåinga som resulterte i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, har vi svart på spørsmål knytte til det at ei nettobudsjettert verksemd gjekk inn i ei bruttobudsjettert verksemd. Desse gjaldt hovudsakleg korleis ein kunne etablere mellomverande med statskassen.

I samband med samanslåinga av forvaltingsbedrifta Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) og aksjeselskapet Eksportkreditt Norge (EK AS) til forvaltingsbedrifta Eksportfinansiering Norge (Eksfin) 1. juli 2021 har vi mellom anna svart på spørsmål om innhald i årsrekneskapen for alle dei tre involverte verksemdene, om eventuelle krav til sluttrapportering, om budsjettering og rekneskapsføring av innskotet frå EK AS i Eksfin, om presentasjon av eksportkredittordninga i Eksfin sin årsreknskap og om budsjettering og rekneskapsføring av samanslåinga i statsrekneskapen. Vi har erfart at det skaper ekstra utfordringar at ei samanslåing skjer til andre tidspunkt i rekneskapsåret enn ved årsskiftet. Dette gjeld både budsjettering og kva tal som skal inngå i rekneskapsoppstillingane som er baserte på rapporteringa til statsrekneskapen, samt kva proformatal som bør givast opp. Vi har òg erfart at organisasjonsforma forvaltingsbedrift er vanskeleg å forstå og bruke, sjølv i samanslåingar der denne er brukt av ein av partane før samanslåinga. Det er mogleg at det er behov for ei rettleiing eller liknande når det gjeld val av organisasjonsform, slik at forvaltingsbedriftforma berre blir vald når det er eit reelt behov for denne mellomforma mellom bruttobudsjettert og nettobudsjettert verksemd.

5.2.3 Etats- og verksemdsstyring må tilpassast eigenart, risiko og vesentlegheit

DFØ har over tid observert at det som oftast er krevjande for departement og verksemder å finne ein god måte å tilpasse styringa på. Det er krevjande å finne ein hensiktsmessig balanse mellom ulike krav, omsyn og dilemma. Eksempel er forholdet mellom overordna styring, tillit og behov for kontroll, forholdet mellom den årlege styringssløyfa og fleirårig og strategisk styring, forholdet mellom standardisering og eigenartstilpassing i styringa og forholdet mellom linje-/sektorperspektivet og behovet for tverrsektoriell styring. I dag ser vi at kompleksitet blir handtert gjennom arbeidsdeling. Større krav til kvalitet i enkeltprosessar fører til spesialisering og fokus på eigne oppgåver. Innanfor styring kan dette føre til silo-tankegang, der merksemda er retta mot den gode rapporten, og ikkje mot kva rapporten kan brukast til.

I DFØ sitt arbeid med å støtte og utvikle forvaltinga legg vi vekt på å tilpasse (i samsvar med økonomiregelverket) aktivitetane våre og informasjon etter verksemda sin eigenart, risiko og vesentlegheit. Vi har for eksempel i 2021 arbeidd vidare med å gjere kompetansetiltaka og den metodiske bodskapen til DFØ meir praksisnære og brukarretta. Det er ein ambisjon å arbeide systematisk med å vidareutvikle rettleiinga vår over tid. Vi har gjennom 2021 aktivt brukt rådgiving / fagleg sparring med brukarane våre som ein arena for innsikt, og ikkje minst for å brukarteste rettleiingsprodukta våre i møte med praksis og reelle problemstillingar.

5.3 Innhenting av kunnskapsgrunnlag

Kva vi innhentar av kunnskap, varierer frå år til år. Ny kunnskap og erfaring gir oss eit grunnlag for å vurdere utvikling av regelverket, og for å sjå behovet for kompetansetenester og rettleiingsmateriell. Gjennom samhandling med statlege verksemder får DFØ kunnskap om utfordringar verksemdene opplever i praksis. Vi gjennomfører òg eigne prosjekt for å innhente kunnskap og kartleggje tema innanfor ulike fagområde. Brukarinvolvering er viktig og må systematiserast slik at han bidreg til å utvikle mellom anna betre kompetansetenester. I 2021 gjennomførte vi mellom anna ei kartlegging av korleis statlege tilskotsforvaltarar bokfører tilskot. Vi hadde òg ein gjennomgang av rettleiingsmateriellet på tilskotsområdet der vi var i kontakt med brukarar på ulikt forvaltingsnivå.

Nedanfor har vi gitt ei beskriving av kunnskapsgrunnlag innhenta i 2021.

5.3.1 Forhold av gjennomgåande karakter i Riksrevisjonen sitt Dokument 1 for 2020

Kvart år gjennomgår vi Riksrevisjonen sin rapport om revisjon og kontroll av statsforvaltinga (Dokument 1). Rapporten kan avdekkje eventuelle utfordringar som statlege verksemder står overfor når det gjeld å etterleve krav i økonomiregelverket.

I tildelingsbrevet for 2022 ber FIN om at DFØ peiker på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som har komme fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen. Dokument 1 er Riksrevisjonen sin årlege rapport om revisjon og kontroll av statsforvaltinga. I denne får Stortinget informasjon om viktige forhold som har komme fram i finansiell revisjon, etterlevingsrevisjon og mindre forvaltingsrevisjonar. Dokument 1 for året 2020 blei offentleggjort 9. november 2021 og handsama i Stortinget 10. februar 2022. Riksrevisjonen har revidert statsrekneskapen og 233 årsrekneskapar for 2020 frå departement, underliggjande verksemder og fond.

Hovudfunn i Dokument 1 for 2020

Statsrekneskapen er i det vesentlegaste korrekt avlagd og presentert for 2020. Riksrevisjonen konkluderer òg med at det er positivt at dei fleste årsrekneskapane for departement og underliggjande verksemder er rette, og at dette er viktig for å sikre tilliten til bruken av offentlege midlar.

Trass i at årsrekneskapane er utan vesentlege feil og manglar, finst det enkelte utfordringar med årsrekneskap etter gjeldande regelverk. Riksrevisjonen gjer Stortinget merksam på desse forholda av gjennomgåande karakter:

  • ulik praksis og manglande etterleving av statlege rekneskapsstandardar (SRS)
  • behov for auka styring og kontroll ved oppretting av statlege verksemder

Riksrevisjonen har i fleire år informert om at det er ulik praksis og manglande etterleving av SRS-ane. Når SRS blir brukt ulikt, blir det vanskeleg å samanlikne rekneskapane over år og på tvers av statlege verksemder. Revisjonen til Riksrevisjonen viser at rammeverket framleis gir for stor grad av valfridom og er vanskeleg å forstå for brukarane. Riksrevisjonen meiner at tydelegare standardar med mindre grad av valfridom og betre rettleiingsmateriell gir mindre moglegheiter for forskjellar mellom verksemdene.

Riksrevisjonen har i Dokument 1 kapittel 4 Revisjon av årsregnskapene eit avsnitt om oppretting av nye verksemder (s. 28). Der står det at «Riksrevisjonen vil orientere Stortinget om viktigheten av departementets ansvar for å forberede sammenslåing og etablering av nye virksomheter. God styring og kontroll i nye virksomheter forutsetter at valg av organisasjonsform og regler for avleggelse av avslutnings- og årsregnskap er avklart. Dette er blant annet nødvendig for at Riksrevisjonen skal kunne gjennomføre revisjonen av regnskapet i rollen som ekstern revisor. Erfaringer fra tidligere etableringer av nye enheter viser at det er viktig å forberede oppstarten. Dette er spesielt viktig ved oppstart midt i et regnskapsår. Økonomiregelverket og DFØ sin sjekkliste for oppstart og opphør av statlige virksomheter skal redusere risikoen.» Vi viser i denne samanhengen til DFØ sine erfaringar i 2021, sjå omtale i kapittel 5.2.2.

5.3.2 Innrapportert bruk av rekneskapsprinsipp

Kvart enkelt departement innrapporterer kva rekneskapsprinsipp departementet sjølv og underliggjande verksemder bruker i verksemdsrekneskapane sine. Basert på oppdaterte oversikter frå departementa publiserer DFØ årleg ei samla oversikt over brukte rekneskapsprinsipp i verksemdsrekneskapane på dfo.no.

Rekneskapsprinsipp ved utarbeiding av verksemdsrekneskapen20212020201920182017
Kontantprinsippet slik det går fram av økonomiregelverket118118123128125
Periodiseringsprinsippet i samsvar med dei statlege rekneskapsstandardane (SRS)6765626262
Anna11111
Sum186184186191188
Innrapporterte rekneskapsprinsipp for rekneskapsåra 2017–2021. Tabellen viser tal på verksemder.

5.3.3 Kartlegging av korleis tilskot blir bokførte

DFØ gjennomførte i desember ei spørjeundersøking til alle forvaltarar av statlege tilskot. Formålet med kartlegginga var å gi DFØ eit grunnlag for å vurdere behov og moglegheiter for å standardisere og betre krava til bokføringa av statlege tilskot og stønadar i økonomiregelverket. Arbeidet skal òg kunne bidra til at verksemder som forvaltar statlege tilskot og stønadar, kan få betre rettleiing frå DFØ. Vi skal i 2022 vurdere resultata frå kartlegginga og om det er behov for å vidareutvikle regelverket.

5.3.4 Samarbeid med brukarane når vi lagar rettleiing på styringsområdet

DFØ har vidareført arbeidet med å gjere kompetansetiltaka og dei metodiske bodskapane meir praksisnære og brukarretta, og vi arbeider systematisk med å vidareutvikle rettleiingstenesta vår. Vi har i 2021 aktivt brukt rådgiving / fagleg sparring med brukarane våre som ein viktig arena for innsikt, og ikkje minst for å brukarteste rettleiingsprodukta våre i møte med praksis og reelle problemstillingar. Det har blitt publisert nytt rettleiingsmateriell på dfo.no på desse områda: bruk av økonomisk styringsinformasjon i etatsstyringa, hovudinstruks, tildelingsbrev og styringsinformasjon.

På området samordning har DFØ i 2021 framleis arbeidd med å utvikle rettleiingsmateriellet om samordning på tvers av departement og verksemder. Gjennom tett kontakt med brukarane har vi utvikla rettleiingstenestene våre på Samordning – DFØ (dfo.no). Basert på innsikt om brukarbehov og kartleggingar frå DFØ har vi utvikla to opplæringsfilmar om korleis ein kan løyse komplekse problem på tvers av sektorar og siloar. DFØ utarbeidde animasjonsfilmen «DFØs tre råd for å lykkes med samordning» til styringskonferansen 2021. I filmen «Hva er det som gjør samordning så vanskelig» deler sentrale aktørar i 0–24-samarbeidet erfaringane sine. DFØ har i 2021 i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet utarbeidd rettleiing for organisering og styring av samarbeid om samanhengande digitale tenester på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Vi held på å utvikle rettleiingsmateriell om samordning, og dette vil vi halde fram med i 2022.

5.3.5 Gjennomgang av rettleiingsmateriell på tilskotsområdet

DFØ har hausten 2021 gått gjennom rettleiingstilbodet på tilskotsområdet. Arbeidet summerer opp tidlegare innsikt på tilskotsområdet (frå utgreiingar, områdegjennomgangar, førespurnadar, kurs- og nettverkstilbod) og ny brukarinnsikt frå hausten 2021. Brukarane har hatt ulik kjennskap til økonomiregelverket og DFØ og er frå forskjellige forvaltingsnivå. Innsikt og forslag til tiltak blei summerte opp i ein eigen rapport.

Innsikten viste mellom anna at det ofte er «det interne fagmiljøet» i verksemdene som blir brukt til daglege spørsmål og opplæring, mens DFØ sine nettsider blir brukte ved komplekse spørsmål. Brukarane vi snakka med, ønskjer å kunne ha direkte kontakt med DFØ, og vil ha konkrete svar. Denne innsikta stadfestar at vi må arbeide med innhald på nettsidene og sikre at vi når ut med rettleiinga vår. Ei utfordring er korleis vi skal balansere mellom behovet til brukaren, den faglege integriteten til DFØ og samfunnsoppdraget vårt. Vidare har innsiktsarbeidet vist oss at målgruppa vår er større enn den faktiske brukargruppa. I målgruppa har vi to kompetansenivå: sakshandsamarar og leiarar med daglege oppgåver i tilskotsforvaltinga, og kvalitetssikrarar som er interne ekspertar på tilskotsforvalting i departement eller underliggjande verksemder. 

Gjennomgangen blir brukt som grunnlag for vidare arbeid med rettleiingstilbodet og til å utvikle tilskotsregelverket. Det blei mellom anna tilrådd at ein vidareutviklar rettleiing om tilskot på nettsidene til DFØ, samt at ein ser på korleis vi kan arbeide endå meir strategisk med kurs og nettverk. 

5.4 Kompetansetenester

Ein del av regelverksforvaltinga til DFØ er å leggje til rette for at statlege verksemder og departement kjenner til og kan etterleve regelverket. I tillegg til informasjon på nettsidene til DFØ tilbyr vi ulike former for kompetansehevande tiltak. Dersom vi skal kunne utarbeide relevante og målretta kompetansetenester, er det viktig med god brukardialog gjennom kurs, rådgiving, nettverk og ved å svare på spørsmål frå statlege verksemder.

Resultata frå DFØ si kunde- og brukarundersøking i 2021 viser at 88 prosent2 av brukarane jamt over var tilfredse med tenestene til DFØ knytte til økonomiregelverket jamfør årsrapporten til DFØ for 2021.

I 2021 styrkte DFØ sin kompetanse innan tenestedesign som metode, der brukarmedverknad er eit sentralt element. Vi har både revidert og vidareutvikla ulike kompetansetilbod med bruk av tenestedesign som metode, både innanfor område som etatsstyring, verksemdsstyring, digital transformasjon og innanfor det å utvikle digitale kompetansetiltak generelt. Vi skal halde fram med dette arbeidet i 2022, både for å vidareutvikle og spreie kompetanse internt, men også for å utvikle både eksisterande og nye kompetansetiltak.

DFØ bidreg med faglege innlegg om risikostyring på masterprogram (etterutdanning) på Bedriftsøkonomisk Institutt.

5.4.1 Rettleiingsmateriell på nett

På styringsområdet har DFØ i 2021 arbeidd med å gjere kompetansetiltaka og dei metodiske bodskapane våre endå meir praksisnære og brukarretta. Vi har publisert nytt rettleiingsmateriell på dfo.no på desse områda: bruk av økonomisk styringsinformasjon i etatsstyringa, hovudinstruks, tildelingsbrev og styringsinformasjon.

Vi held òg på med å utvikle eit e-læringstilbod på etatsstyring (modulbaserte filmar), og vi er i ferd med å ferdigstille nytt rettleiingsmateriell på risikostyring.

Vi erfarer at statlege verksemder framleis har behov for rettleiing om krav i økonomiregelverket og statleg rekneskapsføring. Dette gjeld mellom anna samanhengen mellom artskontoar i standard kontoplan og statskontoar for tilskotsforvalting, innkrevjingsverksemd og andre overføringar. Vi skal arbeide meir med å vidareutvikle rettleiingsmateriell i 2022. På bakgrunn av førespurnadar vi har fått om dei statlege rekneskapsstandardane, ser vi at det er behov for å tydeleggjere korleis enkelte punkt i standardane skal forståast, gjennom rettleiingsmateriell. Rettleiar i periodisert verksemdsrekneskap etter SRS for bruttobudsjetterte verksemder er oppdatert.

DFØ har starta arbeidet med å oppdatere rettleiing om tilskot på nettsidene til DFØ. I dette arbeidet skal vi òg vurdere å eventuelt bruke delar av FIN sin rettleiar frå 2004 om att. Tiltaket må sjåast i samanheng med prosjekt Digitilskudd.

5.4.2 Webinar og faglege nettverk

Statleg styring

Vi har også i 2021 halde ulike digitale kurs og webinar på styringsområdet. Vi har halde eit digitalt kurs om bruk av statsrekneskapen, digitalt grunnkurs i etatsstyring (dette blir vidareutvikla til eit varig e-læringstilbod) samt ulike webinar om aktuelle tema, for eksempel berekraft, og Noreg mot 2025.

Statleg rekneskapsføring

Eit digitalt innføringskurs i rekneskap for bruttobudsjetterte verksemder blei arrangert hausten 2021. Innføringskurset gir betre forståing av kva grunnleggjande prinsipp som gjeld ved rekneskapsføring i statlege verksemder, og nokre av konsekvensane dette har.

Det blei arrangert digitalt innføringskurs i dei statlege rekneskapsstandardane (SRS). Kurset gir ei oversikt over hovudreglane i SRS. Det blei òg arrangert digitalt innføringskurs i rekneskap for nettobudsjetterte verksemder. Det blei gjort opptak av begge desse kursa, og dei er publiserte på nettsidene våre.

Etter førespurnad frå Riksrevisjonen heldt vi eit tilpassa innføringskurs i dei statlege rekneskapsstandardane som retta seg både mot brutto- og nettobudsjetterte verksemder. Kurset blei gjennomført digitalt, og det var om lag 80 stk. som deltok frå Riksrevisjonen. Det blei òg gjort opptak av kurset, slik at Riksrevisjonen kan bruke materialet om att ved opplæring internt.

Rekneskapsdagen blei i 2021 halde som eit «hybridarrangement», det vil seie at deltakarane anten kunne delta fysisk eller digitalt. Mesteparten av dagen gjekk med til SRS, ettersom det skal bli obligatorisk for alle statlege verksemder innan 1. januar 2027.

Nettverk for tilskot

I nettverk for tilskot blei det for første gong halde digitale møte. I april 2021 var temaet «kontroll i tilskotsreisa», med mellom anna ein presentasjon frå lovavdelinga i Justisdepartementet. I september 2021 var temaet «oppfølging etter gjennomført kontroll». Begge møta hadde i overkant av 200 deltakarar, av rundt 300 medlemmer i nettverket.

5.5 Forvalting og tilgjengeleggjering av informasjon

DFØ er oppteken av at offentlegheita og forvaltinga skal ha enkel tilgang til data om offentleg ressursbruk og resultat. Vi har verktøy og gjennomfører prosjekt som skal bidra til å gjere informasjon tilgjengeleg. Men desse skal òg leggje til rette for god styring, kontroll og meir effektiv ressursbruk i statlege verksemder.

Under har vi gitt nokre eksempel på verktøy og korleis vi gjer informasjon tilgjengeleg for statlege verksemder.

5.5.1 Samarbeidsprosjektet Digitilskudd

Gjennom pilotprosjektet Digitilskudd lagar vi ei digital oversikt over statlege tilskot til frivillig sektor. Digitilskudd er eit samarbeidsprosjekt mellom DFØ og Kultur- og likestillingsdepartementet.

Digitilskudd skal gi betre oversikt og kunnskapsgrunnlag om statleg tilskot, og det vil vere ein viktig digital grunnmur for vidare digitalisering og deling av data på tilskotsområdet. Dei viktigaste brukargruppene er dei som søkjer tilskot, tilskotsforvaltarar, departement, offentlegheita og Stortinget. Formålet med tilskotsoversikta er å gi brukargruppene gevinstar i form av informasjon om statlege tilskot. For søkarar kan det bli lettare å finne fram til aktuelle ordningar å søkje på. For forvaltarar og departement blir informasjonen kunnskapsgrunnlag og styringsinformasjon for å auke kvaliteten i tilskotsforvaltinga eller vurdere verkemiddelbruken på overordna nivå. Ein vesentleg gevinst i tiltaket er at offentlegheita får innsikt i den statlege ressursbruken.

Dersom vi skal kunne lage ei god teneste for brukarane, er vi avhengig av eit godt samarbeid med både søkarar, forvaltarar og departementa. Brukarinvolvering er derfor sentralt i heile prosessen. I 2021 har det vore størst fokus på utvikling av tenesta, datainnsamling og brukardialog. Tenesta skal lanserast hausten 2022.

5.5.2 Forvaltingsløysinga 

Forvaltingsløysinga av statsregnskapet.no blei lansert i 2019. Målgruppa for forvaltingsløysinga er departementstilsette som arbeider med økonomistyring eller etatsstyring.

Stadig fleire departementstilsette bruker løysinga. Tal for 2021 viser dette:

  • 327 departementstilsette brukte løysinga i 2021 (140 fleire enn i 2020).
  • Det var stor variasjon i tal brukarar per departement (flest 58, færrast 5).
  • Over 60 prosent av brukarane kom frå fem departement (FIN – UD – JD – KMD – KD).
  • 1455 økter blei gjennomførte i 2021 (537 fleire enn i 2020).

DFØ gjennomførte ei brukarundersøking i desember 2021. Fleirtalet meinte dei hadde stor nytte av løysinga i arbeidet sitt, men at dei hadde behov for meir opplæring. DFØ vil derfor gjennomføre nye kompetansetiltak i 2022.

5.6 Tiltak som følgje av koronapandemien

Oppdatering av rundskriv R-100

FIN fastsette 26. mars 2020 rundskriv R-100 «Midlertidige unntak fra bestemmelser om økonomistyring i staten, for at utbetaling av lønn til statsansatte kan skje til rett tid under virusutbruddet og for at betaling til leverandører kan skje før forfall». I rundskrivet blei det gitt to mellombelse unntak. Rundskrivet blei oppdatert hausten 2020.

I mars 2021 blei DFØ beden av departementet om å vurdere om unntaka i R-100 burde forlengast. Vi tilrådde å forlengje dei mellombelse unntaka knytte til lønnshandsaming. Det var mellom anna fordi Noreg framleis var i ein utfordrande og usikker situasjon med omsyn til omfanget av virussmitte. Dette kunne gi utfordringar i form av fråvær hos lønnsmedarbeidarar både som følgje av karantene og eventuell sjukdom, og som følgje av at ordinære arbeidsrutinar må endrast. Det å sikre utbetaling av lønn til rett tid er svært viktig, og tiltaka som rundskrivet opnar for, var lite ressurskrevjande og ganske målretta for å redusere risiko i lønnsarbeidet i staten. Når det gjaldt unntaket om at statlege verksemder kunne betale fakturaer før forfall, meinte vi at dette ikkje burde gjeninnførast. Det var fordi unntaket var best eigna i den første, akutte fasen med stor økonomisk usikkerheit og likviditetsproblem for næringslivet meir generelt. FIN oppdaterte rundskrivet 23. mars 2021 i tråd med DFØ sine vurderingar.

Anna

DFØ utarbeidde i 2020 nettsider med informasjon om korona. Nettsidene om korona blei avpubliserte i oktober 2021 sidan dei var lite besøkte.

DFØ fekk ingen førespurnadar eller søknadar i 2021 som tilsa behov for å vurdere nye mellombelse unntak frå økonomiregelverket for staten i lys av virussituasjonen.

Fotnoter

2Kjelde: DFØ si kunde- og brukarundersøking 2021. Prosentdelen som svarte 4, 5 eller 6 på ein skala frå 1 til 6, der 1 er «heilt ueinig» og 6 er «heilt einig». Respondentar som svarte «veit ikkje» eller «ikkje aktuelt», er haldne utanom.

Oppdatert: 22. januar 2023

DFØ-rapport 2022:3 DFØs forvaltning av økonomiregelverket i 2021

Skriv ut / lag PDF

1. Om forvalting av økonomiregelverket

Om DFØ

Om denne rapporten

2. Unntakssøknadar

2.1 Unntakssøknadar tekne imot og handsama i 2021

3. Førespurnadar frå statlege verksemder

3.1 Førespurnadar tekne imot og handsama i 2021

Førespurnadar om etatsstyring

Førespurnadar om verksemdsstyring 

Førespurnadar om transaksjonskontrollar

Førespurnadar om standard kontoplan

Førespurnadar om statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Førespurnadar om årsrekneskap

Førespurnadar om mellomverande med statskassen

Felles standardar for bokføring og økonomisystem

Førespurnadar om oppbevaring av rekneskapsmateriale

Førespurnadar om tilskot

4. Tolkingsutsegner

5. Andre tiltak og erfaringar

5.1 Regelverksutvikling i 2021

5.1.1 Føresegnene og tre rundskriv er oppdaterte

Oppdatering av føresegnene og rundskriv R-114 som følgje av obligatorisk SRS

Rundskriv R-102 er oppdatert med endringar og gjeld frå 1. januar 2022.

Oppdatering av rundskriv R-118 som følgje av omlegginga av pensjonspremiemodellen.

5.1.2 Vurdering av tiltak for einsarta rapportering av artskonto for gebyrinntekter

5.2 Nokre erfaringar frå regelverksforvaltinga

5.2.1 Vurdering av innhald i årsrekneskap for kontantrapporterande verksemder

5.2.2 Omorganisering av statlege verksemder

5.2.3 Etats- og verksemdsstyring må tilpassast eigenart, risiko og vesentlegheit

5.3 Innhenting av kunnskapsgrunnlag

5.3.1 Forhold av gjennomgåande karakter i Riksrevisjonen sitt Dokument 1 for 2020

Hovudfunn i Dokument 1 for 2020

5.3.2 Innrapportert bruk av rekneskapsprinsipp

5.3.3 Kartlegging av korleis tilskot blir bokførte

5.3.4 Samarbeid med brukarane når vi lagar rettleiing på styringsområdet

5.3.5 Gjennomgang av rettleiingsmateriell på tilskotsområdet

5.4 Kompetansetenester

5.4.1 Rettleiingsmateriell på nett

5.4.2 Webinar og faglege nettverk

Statleg styring

Statleg rekneskapsføring

Nettverk for tilskot

5.5 Forvalting og tilgjengeleggjering av informasjon

5.5.1 Samarbeidsprosjektet Digitilskudd

5.5.2 Forvaltingsløysinga 

5.6 Tiltak som følgje av koronapandemien

Oppdatering av rundskriv R-100

Anna

Fotnoter

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2022

6.1 Regelverksforvalting

Fleirårig plan for regelverksutvikling

6.2 Statleg rekneskapsføring

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Vurdere konsekvensar av at truleg så godt som alle statlege verksemder er bokføringspliktige etter bokføringslova

6.3 Styringsområdet

Bidra med kunnskap om kva vurderingar som må liggje til grunn for tilpassing av styring etter eigenart, risiko og vesentlegheit.

Tenester og rettleiing må rettast inn mot den praktiske kvardagen

6.4 Tilskotsområdet

Digitilskudd

Følgje opp tiltak frå kartlegging av rettleiingstilbodet

7. DFØ si vurdering av unntakssøknadane handsama i 2021

7.1 Unntak frå konsernkontoordninga

Søknad om unntak for å opprette valutakontoar – innvilga

Søknad om unntak for å ha bankkonto utanfor konsernkontoordninga – innvilga

To unntakssøknadar blei ikkje innvilga fordi det ikkje var behov for unntak

Søknad om unntak for å opprette ein valutakonto

Søknad om unntak for bruk av kontantkort

7.2 Unntak frå krav til transaksjonskontrollar 

Søknad om unntak for å delegere og utøve budsjettdisponeringsmakt – innvilga

7.3 Unntak frå organisering av økonomioppgåver

Søknad om unntak for forskotsbetaling og unntak frå hovudmodellane for organisering av økonomioppgåve – eitt unntak innvilga, eitt unntak ikkje innvilga

7.4 Unntak frå krav til årsrekneskap

Søknad om unntak frå oppstilling av artskontorapporteringa for å leggje til ei ny overskrift – innvilga

For å gi betre informasjon om belastingsfullmakter gitt på inntektskapittel blir det søkt om å vidareføre unntak for å kunne bruke hjelpekolonnar ved oppstilling av løyvingsrapporteringa – innvilga

7.5 Unntak frå krav til årsrapport

Søknad om unntak for å utarbeide ein eigen årsrapport, og frå frist for oversending av årsrapport til departementet – to unntak innvilga

Søknad om unntak frå føresegnene om innhald i årsrapport for 2020 – innvilga

7.5.1 Unntak frå standard kontoplan for statlege verksemder

Søknad om vidareføring av dagens praksis med ein forenkla kontoplan – innvilga

7.6 Unntak som følgje av organisatorisk samanslåing

Forvalting av garantiordningar – fem unntak vidareført

Valutakonto – eitt unntak innvilga

Betalingsoppdrag og funksjonalitet i økonomisystemet – tre unntak vidareførte

SRS 1 Oppstillingsplaner – eitt unntak vidareført

Nytt unntak for garantiforvalting – eitt unntak innvilga

8. Enkelte førespurnadar grupperte etter tema

8.1 Verksemdsstyring og etatsstyring

8.2 Transaksjonskontrollar

8.3 Standard kontoplan for statlege verksemder

8.4 Årsrekneskap

8.5 Statlege rekneskapsstandardar

8.6 Mellomverande med statskassen

8.7 Forvalting av midlar for andre

8.8 Felles standardar for bokføring og økonomisystem

8.9 Oppbevaring av rekneskapsinformasjon

8.10 Delegering av fullmakt til nettobudsjettert verksemd

8.11 Nettoføringsordninga for meirverdiavgift

9. Nye tolkingsutsegner

9.1 Tolkingsutsegner om årsrekneskap

1. Fullstendigheitsprinsippet ved utarbeiding av årsrekneskapen for kontantrapporterande verksemder

Kva fullstendigheitsprinsippet har å seie for innhaldet i oppstilling løyvingsrapportering og oppstilling artskontorapportering

Kva fullstendigheitsprinsippet har å seie for innhaldet i noten om samanhengen mellom avrekning med statskassen og mellomverande med statskassen, note 8.

2. Innhaldet i den grunnleggjande bokføringsføresetnaden om fullstendigheit (årsrekneskapen for kontantrapporterande verksemder)

3. Innhaldet i den grunnleggjande bokføringsføresetnaden om nøyaktigheit (årsrekneskapen for kontantrapporterande verksemder)

4. Kravet om at årsrekneskapen skal gi eit dekkande bilete (årsrekneskapen for kontantrapporterande verksemder)

9.2 Tolkingsutsegn om bokføring av tilskot

9.3 Tolkingsutsegn om verksemd som har koordinatorfunksjon i prosjekt

9.4 Tolkingsutsegn om transaksjonskontroll

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.