Kapittel

7. DFØ si vurdering av unntakssøknadane handsama i 2021

Her er ein omtale av alle unntakssøknadane vi tok imot i 2021, og vurderinga vår av desse. Sjå generell omtale i kapittel 2.

7.1 Unntak frå konsernkontoordninga

Søknad om unntak for å opprette valutakontoar – innvilga

Kunnskapsdepartementet søkte på vegner av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om unntak for å kunne opprette valutakonto for oppdrag for Nordisk ministerråd. DFØ gav unntak frå punkt 3.7.1 i føresegnene Statens konsernkontoordning, slik at HK-dir kan halde fram med valutakontoen i euro.

Søknad om unntak for å ha bankkonto utanfor konsernkontoordninga – innvilga

Finansdepartementet (FIN) søkte om unntak frå krav i føresegnene, slik at Tolletaten kan opprette bankkonto utanfor statens konsernkontoordning. Bankkontoen skal brukast i samband med kjøp av veksel etter inngått avtale om verdihandtering.

DFØ forstod det slik at det er marknadspraksis blant verditransportselskapa å krevje automatisk trekkrett på verksemda sin bankkonto ved kjøp av veksel frå selskapa. Automatiske trekkrettar er ein enkel måte å sikre oppgjeret mellom verksemda og verditransportselskapet, som samtidig sikrar verksemder tilgang til veksel på ein enkel måte. Ein bankkonto utanfor statens konsernkontoordning kan redusere risiko for feil trekk for denne typen transaksjonar. Dersom ein skal ha moglegheit til kjøp av veksel på ein hensiktsmessig måte, bør Tolletaten få ein trekkrett på ein bankkonto utanfor konsernkontoordninga som etaten disponerer. Med ei slik løysing oppfattar vi det slik at Tolletaten ikkje vil produsere og overføre betalingsoppdrag frå økonomisystemet til banken, og deretter autorisere utbetalinga (for kjøp av veksel) i banken. Tolletaten må derfor også ha unntak frå punkt 3.7.3.2 i føresegnene Produksjon og overføring av betalingsoppdrag, og 3.7.3.3 Autorisasjon av betalingsoppdrag.

DFØ gav unntak frå punkt 3.7.1 i føresegnene Statens konsernkontoordning, slik at Tolletaten kan opprette ein bankkonto utanfor statens konsernkontoordning. Vidare fekk Tolletaten unntak frå punkt 3.7.3.2 i føresegnene Produksjon og overføring av betalingsoppdrag og punkt 3.7.3.3 Autorisasjon av betalingsoppdrag.

To unntakssøknadar blei ikkje innvilga fordi det ikkje var behov for unntak

Søknad om unntak for å opprette ein valutakonto

Kunnskapsdepartementet søkte om unntak, slik at Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) kan opprette ein valutakonto som skal brukast i samband med Diku si rolle som koordinator i EU-programmet Erasmus+. Det var ikkje behov for unntak ettersom det i punkt 3.6.3 i føresegnene, Forvaltning av midler for virksomheter med koordinatorfunksjon, er opna for at verksemder med koordinatorfunksjon i prosjekt som blir heilt eller delvis finansierte av EU, kan oppbevare EU-midlar i euro på valutakontoar utan å søkje DFØ om unntak for dette. Diku skal bruke tilleggsavtalen om valutakontoar som er inngått mellom DFØ og bankane på rammeavtale med staten.

Søknad om unntak for bruk av kontantkort

Kunnskapsdepartementet søkte om utvida godkjenning for bruk av kontantkort for Lånekassen. Lånekassen har allereie unntak for å kunne gjennomføre dei utbetalingane av lån og stipend dei har søkt om unntak for, gjennom kontantkortordninga.

7.2 Unntak frå krav til transaksjonskontrollar 

Søknad om unntak for å delegere og utøve budsjettdisponeringsmakt – innvilga

Justis- og beredskapsdepartementet (JD) søkte på vegner av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om unntak frå punkt 2.5.2.1 i føresegnene, Budsjettdisponeringsmyndighet. Søknaden er knytt til oppretting av ein ny offentleg toårig fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell. Fagskulen blir etablert som ei driftseining under DSB, og JD opplyste at departementet i den samanhengen vil delegere oppfølginga av fagskulen til DSB, inkludert opprettinga av eit fagskulestyre og rekruttering av styreleiar. JD og DSB ønskjer at styreleiaren for fagskulen skal kunne utøve budsjettdisponeringsmakt.

Den nye fagskulen vil vere ei driftseining under DSB og på denne måten vere ein del av verksemda. Då vi vurderte søknaden, la vi vekt på at denne delen av verksemda er regulert i fagskulelova, og at den etter § 9 i lova skal ha eit styre som øvste ansvarlege styringsorgan. Vi la til grunn at styreleiar vil vere forplikta av DSB sitt opplegg for internkontroll. DFØ gav unntak frå punkt 2.5.2.1 i føresegnene, Budsjettdisponeringsmyndighet, slik at styreleiar for fagskulen kan få delegert og utøvd budsjettdisponeringsmakt utan at vedkomande er tilsett i verksemda.

7.3 Unntak frå organisering av økonomioppgåver

Søknad om unntak for forskotsbetaling og unntak frå hovudmodellane for organisering av økonomioppgåve – eitt unntak innvilga, eitt unntak ikkje innvilga

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) søkte for Direktoratet for e-Helse (DeH) om unntak for forskotsutbetaling og frå hovudmodellane for organisering av økonomioppgåver.

Arbeidet DeH skal utføre med kvalitetsregistera i helseføretaka, kan ikkje utførast utan at kvalitetsregistera tek imot pengane før arbeidet blir utført. Dette kjem av at kvalitetsregistera må leige inn ekstra ressurssar for å utføre arbeidet, og at dei ikkje har likviditet til å gjennomføre utbetalingane utan først å ha teke imot midlar til dekning av utbetalingane. Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) har heller ikkje likviditet til å gjere utbetalingane til kvalitetsregistera utan først å ha teke imot midlane frå DeH. Bakgrunnen for det implisitte forbodet mot forskotsutbetalingar ved innkjøp er mellom anna risikoen for at dei utbetalte midlane skal gå tapt, utan at den statlege verksemder tek imot avtalt leveranse. Gitt måten dei regionale helseføretaka er finansierte på, vurderer vi denne risikoen som liten i samarbeidet mellom Helsedataprogrammet v/DeH og Helse Nord RHF. 

DeH v/Helsedataprogrammet fekk unntak frå det implisitte forbodet mot forskotsutbetalingar i punkt 2.5.2.2 i føresegnene Attestasjon og 5.3.5.2 Attestasjon. Etter nærmare avklaringar med FIN var det ikkje behov for å søkje om unntak frå punkt 2.6 i føresegnene, Organisering av økonomioppgaver.

7.4 Unntak frå krav til årsrekneskap

Søknad om unntak frå oppstilling av artskontorapporteringa for å leggje til ei ny overskrift – innvilga

For å kunne leggje til ei ny overskrift søkte Helse- og omsorgsdepartementet på vegner av Helsedirektoratet/Helfo om unntak frå oppstilling av artskontorapporteringa i rundskriv R-115 punkt 4.5. Ingen av dei oppgitte overskriftene i oppstillingsplanen er dekkjande for Helsedirektoratet/Helfo si oppgjersverksemd. Helsedirektoratet/Helfo utfører økonomisk oppgjer mellom aktørar utanfor statsrekneskapen for ulike ordningar. Gitt levetida til ordningane, skal ikkje oppgjersverksemda ha økonomisk innverknad på verksemdsrekneskapen eller statsrekneskapen. Når tidsforskyvingar mellom innbetalingar og utbetalingar i eit rekneskapsår medfører vesentlege beløp, kan det oppstå situasjonar der artskontorapporteringa ikkje gir eit dekkjande bilete av aktiviteten til verksemda i eit rekneskapsår.

DFØ er einig med Helfo i at det vil gi eit meir presist bilete, og betre forståing hos rekneskapsbrukarane, dersom oppgjersverksemd blir vist under eiga overskrift og rekneskapslinje. DFØ gir høve til at oppgjersverksemd blir vist under ei ny overskrift, Oppgjørsvirksomhet, og ny rekneskapslinje Netto innbetalinger for aktører utenfor statsregnskapet. Som følgje av ei slik justering kan det vere hensiktsmessig at all oppgjersaktivitet blir samla på ein felles artskonto. Etter avtale med DFØ får Helsedirektoratet/Helfo òg høve til å bruke artskonto 827 Andre overføringer for alle oppgjørsordninger for aktører utenfor statsregnskapet, som dei administrerer.

For å gi betre informasjon om belastingsfullmakter gitt på inntektskapittel blir det søkt om å vidareføre unntak for å kunne bruke hjelpekolonnar ved oppstilling av løyvingsrapporteringa – innvilga

Finanstilsynet fekk innvilga vidareføring av unntak frå oppstillingsplan i vedlegg 1 i rundskriv R-115 for oppstilling av løyvingsrapporteringa. Unntak inneber at Finanstilsynet kan bruke hjelpekolonnar i løyvingsrapporteringa til å presentere inntekter som er rekneskapsførte av Skatteetaten. Bakgrunnen for unntakssøknaden var at Finanstilsynet har gitt belastingsfullmakt til Skatteetaten for nesten alle inntekter på enkelte av inntektskapitla og postane deira.

7.5 Unntak frå krav til årsrapport

Søknad om unntak for å utarbeide ein eigen årsrapport, og frå frist for oversending av årsrapport til departementet – to unntak innvilga

Barne- og familiedepartementet (BFD) søkte på vegner av Forvaltningsorganet for Opplysningsvesenets fond (FOVF) om to unntak. Dei søkte om eit varig unntak frå krava i føresegnene om å utarbeide ein eigen årsrapport, og eit varig unntak frå fristen for oversending av årsrapport til departementet innan 15. mars.

FOVF forvaltar Opplysningsvesenets fond (OVF), som er eit særlovsselskap som følgjer rekneskapslova. FOVF er eit forvaltingsorgan med særskilte fullmakter til bruttoføring utanfor statsbudsjettet. Praksisen over mange år har vore å utarbeide ein felles årsrapport for både FOVF og OVF.

Eit formål med kravet til ein årsrapport for statlege verksemder med inndeling i seks delar og i ei bestemd rekkjefølgje er å gjere innhaldet lettare tilgjengeleg for brukarane av årsrapporten. Det skal òg gi betre grunnlag for samanlikningar på tvers av statlege verksemder. Slik DFØ vurdererer det, kan desse formåla oppfyllast med ein felles årsrapport for FOVF og OVF som oppfyller krava til inndeling i føresegnene. DFØ har lagt vekt på at departementet meiner ein eigen årsrapport for FOVF utan resultata frå OVF ikkje er hensiktsmessig. Ved vurdering av eit varig unntak frå fristen for oversending av årsrapporten til departementet innan 15. mars, legg DFØ vekt på opplysingane om at det etter dagens prosess for årsoppgjer og revisjon ikkje er realistisk å kunne utarbeide årsrapporten for heile konsernet innan 15. mars.

DFØ gav FOVF eit varig unntak frå kravet til å utarbeide separat årsrapport for FOVF etter føresegnene punkt 2.3.3 Rapportering og 1.6.1 Rapportering. Ein felles årsrapport for FOVF og OVF skal følgje krava i føresegnene til delar og namn i årsrapporten. Det blir gitt unntak frå kravet til namn på årsrapporten del I dersom OVF finn det mest hensiktsmessig også å late styret sin årsrapport inngå i dette punktet i ein felles årsrapport.

DFØ gav også FOVF og OVF eit tidsavgrensa unntak frå fristen 15. mars for oversending av felles årsrapport til departementet, ved at fristen blir sett til 1. mai for året 2020 og fram til og med året 2022.

Søknad om unntak frå føresegnene om innhald i årsrapport for 2020 – innvilga

Vi viser til unntakssøknaden beskriven over. BFD søkte også i mars same år om eit nytt unntak for vilkåret som blei stilt for vilkår som allereie er gitt: at ein felles årsrapport for FOVF og OVF skal følgje krava i punkt 1.6.1 i føresegnene, Rapportering, til delar og namn i årsrapporten. Grunngivinga for den nye søknaden var at det å omarbeide OVF sin årsrapport ifølgje FOVF er ei tidkrevjande oppgåve med mange involverte bidragsytarar både internt og eksternt.

DFØ gav unntak frå punkt 1.6.1 i føresegnene, tredje avsnitt, for 2020, slik at årsrapporten ikkje må følgje krava til inndeling og namn. Det er eit vilkår for unntaket at årsrapporten for 2021 følgjer krava til inndeling og namn i punkt 1.6.1 i føresegnene, Rapportering. Det blir likevel gitt unntak frå kravet til namn på del I av årsrapporten dersom OVF finn det mest hensiktsmessig også å late styret sin årsrapport inngå i dette punktet i ein felles årsrapport.

7.5.1 Unntak frå standard kontoplan for statlege verksemder

Søknad om vidareføring av dagens praksis med ein forenkla kontoplan – innvilga

I påvente av at dei norske utanriksstasjonane skal bli rekneskapskunde av DFØ, søkte Utanriksdepartementet (UD) om å kunne vidareføre dagens praksis med ein forenkla kontoplan. Forenklinga inneber at ulike forhold som etter standard kontoplan og rundskriv R-102 skal førast på forskjellige balansekontoar, blir bokførte netto på underkonto 1503. Ved rapportering til statsrekneskapen er underkonto 1503 knytt til konto 157 Andre kortsiktige fordringer og kopla mot statskonto for mellomverande med statskassen. I påvente av at UD skal bli rekneskapskunde av DFØ, meiner vi at det er hensiktsmessig at UD får nødvendig tid til å gjennomføre denne omleggingsprosessen.

7.6 Unntak som følgje av organisatorisk samanslåing

Forvaltingsbedrifta Eksportfinansiering Norge (Eksfin) blei etablert 1. juli 2021 gjennom ei samanslåing av Eksportkreditt Norge AS (Eksportkreditt) og Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK). Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) søkte for Eksfin om å vidareføre unntak frå føresegnene gitt til Eksportkreditt og GIEK, og to nye unntak.

Forvalting av garantiordningar – fem unntak vidareført

Fem varige unntak blei vidareførte sidan aktivitetane til garantiordningane og eksportkredittordninga er vidareført i Eksfin. Det er unntak frå krav i desse punkta i kapittel 8 i føresegnene, Forvaltning av garantiordninger:

  • 8.2.2 første avsnitt bokstav b om at staten stiller seg som simpel kausjonist
  • 8.2.2 første avsnitt bokstav c om at risikofordelinga mellom staten og andre långivarar og garantistar skal vere på pro rata-basis
  • 8.2.2 femte avsnitt om at statens ansvar bør avgrensast oppover til ei maksimal grense i kronebeløp for garantiar for lån i utanlandsk valuta
  • 8.3.3 første avsnitt om at vilkår for garanti skal nedfellast i ein avtale/garantierklæring
  • 8.3.3 andre avsnitt bokstav c om krav til periodisk rapportering frå långivar

Valutakonto – eitt unntak innvilga

Det følgjer av punkt 3.7.1 i føresegnene, Statens konsernkontoordning, at verksemda si betalingsformidling i form av inn- og utbetalingar skal skje gjennom statens konsernkontoordning. Eksportkreditt hadde unntak for dette og hadde oppretta valutakontoar. Valutakontoane er viktige for kjerneverksemda til Eksfin. Eksfin vil ta imot og gjere inn- og utbetalingar i valuta, og dette vil ikkje endre seg over tid. DFØ innvilga søknad om permanent unntak som gir høve til å halde valutakontoar både for låne- og garantiordningane.

Betalingsoppdrag og funksjonalitet i økonomisystemet – tre unntak vidareførte

DFØ la vekt på Eksfin sitt behov for å utføre betalingsoppdrag på ein annan måte enn det som er beskrive i føresegnene, som ei følgje av særlege forhold ved garanti- og låneordningane. Vi la òg vekt på dei rutinane og kontrollane som skal sikre den auka risikoen for feilutbetalingar som oppstår som ei følgje av at desse betalingsoppdraga blir gjennomførte. DFØ gav Eksfin varig unntak frå punkt 3.7.3.2 i føresegnene, Produksjon og overføring av betalingsoppdrag, 3.7.3.3 Autorisasjon av betalingsoppdrag og 4.3.3 Betalingsformidling.

SRS 1 Oppstillingsplaner – eitt unntak vidareført

DFØ la vekt på NFD si vurdering om at oppstilling av resultat og balanse for garantifonda med gjeldande unntak er godt tilpassa eigenarten til fonda, og bidreg til å gjere det meir forståeleg og relevant for rekneskapsbrukarane. I tillegg la vi vekt på at det ikkje er andre verksemder i staten som har garantistilling som driftsaktivitet. DFØ gav varig unntak frå SRS 1 Presentasjon av virksomhetsregnskapet punkt 9 og 13 om overskrifter i oppstillingsplanane for resultatrekneskap og balanse.

Nytt unntak for garantiforvalting – eitt unntak innvilga

Modellen der Eksfin skal yte dei låna som Eksportkreditt tidlegare har ytt, med same krav til risikodekning, og der Eksfin også skal forvalte dei statlege garantiordningane på same måte som GIEK tidlegare har gjort, gjer at Eksfin overtek lån som i stor grad er garanterte gjennom dei statlege garantiordningane. Denne måten å avlaste risiko på blir òg vidareført for nye utlån. Vi oppfattar at regjeringa si avgjerd om verksemdsoverdraginga til Eksfin krev unntak frå føresegnene. DFØ gav Eksfin varig unntak frå punkt 8.1 i føresegnene, Innledning, slik at det kan stillast garanti sjølv om långivar er eit statleg forvaltingsorgan.

Oppdatert: 22. januar 2023

DFØ-rapport 2022:3 DFØs forvaltning av økonomiregelverket i 2021

Skriv ut / lag PDF

1. Om forvalting av økonomiregelverket

Om DFØ

Om denne rapporten

2. Unntakssøknadar

2.1 Unntakssøknadar tekne imot og handsama i 2021

3. Førespurnadar frå statlege verksemder

3.1 Førespurnadar tekne imot og handsama i 2021

Førespurnadar om etatsstyring

Førespurnadar om verksemdsstyring 

Førespurnadar om transaksjonskontrollar

Førespurnadar om standard kontoplan

Førespurnadar om statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Førespurnadar om årsrekneskap

Førespurnadar om mellomverande med statskassen

Felles standardar for bokføring og økonomisystem

Førespurnadar om oppbevaring av rekneskapsmateriale

Førespurnadar om tilskot

4. Tolkingsutsegner

5. Andre tiltak og erfaringar

5.1 Regelverksutvikling i 2021

5.1.1 Føresegnene og tre rundskriv er oppdaterte

Oppdatering av føresegnene og rundskriv R-114 som følgje av obligatorisk SRS

Rundskriv R-102 er oppdatert med endringar og gjeld frå 1. januar 2022.

Oppdatering av rundskriv R-118 som følgje av omlegginga av pensjonspremiemodellen.

5.1.2 Vurdering av tiltak for einsarta rapportering av artskonto for gebyrinntekter

5.2 Nokre erfaringar frå regelverksforvaltinga

5.2.1 Vurdering av innhald i årsrekneskap for kontantrapporterande verksemder

5.2.2 Omorganisering av statlege verksemder

5.2.3 Etats- og verksemdsstyring må tilpassast eigenart, risiko og vesentlegheit

5.3 Innhenting av kunnskapsgrunnlag

5.3.1 Forhold av gjennomgåande karakter i Riksrevisjonen sitt Dokument 1 for 2020

Hovudfunn i Dokument 1 for 2020

5.3.2 Innrapportert bruk av rekneskapsprinsipp

5.3.3 Kartlegging av korleis tilskot blir bokførte

5.3.4 Samarbeid med brukarane når vi lagar rettleiing på styringsområdet

5.3.5 Gjennomgang av rettleiingsmateriell på tilskotsområdet

5.4 Kompetansetenester

5.4.1 Rettleiingsmateriell på nett

5.4.2 Webinar og faglege nettverk

Statleg styring

Statleg rekneskapsføring

Nettverk for tilskot

5.5 Forvalting og tilgjengeleggjering av informasjon

5.5.1 Samarbeidsprosjektet Digitilskudd

5.5.2 Forvaltingsløysinga 

5.6 Tiltak som følgje av koronapandemien

Oppdatering av rundskriv R-100

Anna

Fotnoter

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2022

6.1 Regelverksforvalting

Fleirårig plan for regelverksutvikling

6.2 Statleg rekneskapsføring

Standard kontoplan

Statlege rekneskapsstandardar (SRS)

Vurdere konsekvensar av at truleg så godt som alle statlege verksemder er bokføringspliktige etter bokføringslova

6.3 Styringsområdet

Bidra med kunnskap om kva vurderingar som må liggje til grunn for tilpassing av styring etter eigenart, risiko og vesentlegheit.

Tenester og rettleiing må rettast inn mot den praktiske kvardagen

6.4 Tilskotsområdet

Digitilskudd

Følgje opp tiltak frå kartlegging av rettleiingstilbodet

7. DFØ si vurdering av unntakssøknadane handsama i 2021

7.1 Unntak frå konsernkontoordninga

Søknad om unntak for å opprette valutakontoar – innvilga

Søknad om unntak for å ha bankkonto utanfor konsernkontoordninga – innvilga

To unntakssøknadar blei ikkje innvilga fordi det ikkje var behov for unntak

Søknad om unntak for å opprette ein valutakonto

Søknad om unntak for bruk av kontantkort

7.2 Unntak frå krav til transaksjonskontrollar 

Søknad om unntak for å delegere og utøve budsjettdisponeringsmakt – innvilga

7.3 Unntak frå organisering av økonomioppgåver

Søknad om unntak for forskotsbetaling og unntak frå hovudmodellane for organisering av økonomioppgåve – eitt unntak innvilga, eitt unntak ikkje innvilga

7.4 Unntak frå krav til årsrekneskap

Søknad om unntak frå oppstilling av artskontorapporteringa for å leggje til ei ny overskrift – innvilga

For å gi betre informasjon om belastingsfullmakter gitt på inntektskapittel blir det søkt om å vidareføre unntak for å kunne bruke hjelpekolonnar ved oppstilling av løyvingsrapporteringa – innvilga

7.5 Unntak frå krav til årsrapport

Søknad om unntak for å utarbeide ein eigen årsrapport, og frå frist for oversending av årsrapport til departementet – to unntak innvilga

Søknad om unntak frå føresegnene om innhald i årsrapport for 2020 – innvilga

7.5.1 Unntak frå standard kontoplan for statlege verksemder

Søknad om vidareføring av dagens praksis med ein forenkla kontoplan – innvilga

7.6 Unntak som følgje av organisatorisk samanslåing

Forvalting av garantiordningar – fem unntak vidareført

Valutakonto – eitt unntak innvilga

Betalingsoppdrag og funksjonalitet i økonomisystemet – tre unntak vidareførte

SRS 1 Oppstillingsplaner – eitt unntak vidareført

Nytt unntak for garantiforvalting – eitt unntak innvilga

8. Enkelte førespurnadar grupperte etter tema

8.1 Verksemdsstyring og etatsstyring

8.2 Transaksjonskontrollar

8.3 Standard kontoplan for statlege verksemder

8.4 Årsrekneskap

8.5 Statlege rekneskapsstandardar

8.6 Mellomverande med statskassen

8.7 Forvalting av midlar for andre

8.8 Felles standardar for bokføring og økonomisystem

8.9 Oppbevaring av rekneskapsinformasjon

8.10 Delegering av fullmakt til nettobudsjettert verksemd

8.11 Nettoføringsordninga for meirverdiavgift

9. Nye tolkingsutsegner

9.1 Tolkingsutsegner om årsrekneskap

1. Fullstendigheitsprinsippet ved utarbeiding av årsrekneskapen for kontantrapporterande verksemder

Kva fullstendigheitsprinsippet har å seie for innhaldet i oppstilling løyvingsrapportering og oppstilling artskontorapportering

Kva fullstendigheitsprinsippet har å seie for innhaldet i noten om samanhengen mellom avrekning med statskassen og mellomverande med statskassen, note 8.

2. Innhaldet i den grunnleggjande bokføringsføresetnaden om fullstendigheit (årsrekneskapen for kontantrapporterande verksemder)

3. Innhaldet i den grunnleggjande bokføringsføresetnaden om nøyaktigheit (årsrekneskapen for kontantrapporterande verksemder)

4. Kravet om at årsrekneskapen skal gi eit dekkande bilete (årsrekneskapen for kontantrapporterande verksemder)

9.2 Tolkingsutsegn om bokføring av tilskot

9.3 Tolkingsutsegn om verksemd som har koordinatorfunksjon i prosjekt

9.4 Tolkingsutsegn om transaksjonskontroll

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.