Ei av oppgåvene til DFØ som forvaltar av økonomiregelverket er å klargjere korleis regelverket skal forståast.
Enkelte førespurnadar vi svarer på, fører til at vi må vurdere og tolke økonomiregelverket. Svar på slike førespurnadar kan bli publiserte, sjå Tolkningsuttalelser til økonomiregelverket – DFØ (dfo.no).
Vi bruker mellom anna desse kriteria når vi vurderer om svar på ein førespurnad inneheld nye fortolkingar av regelverket og bør publiserast:
- Utsegna er direkte knytt til regelverket. Ho inneheld ei generell vurdering med utgangspunkt i konkrete regelverkskrav og er eigna til å tydeleggjere korleis regelverket skal forståast.
- Ei tolkingsutsegn inneheld noko meir enn ei attgiving av regelverkskrava og også meir enn berre eksempel.
- Utsegna er eit svar på ein motteken førespurnad eller ei skriftleg utsegn.
Av førespurnadane vi tok imot og svarte på i 2021, var førespurnadane (som er presenterte i kapittel 9) av ein slik karakter at dei blei vurderte til å vere tolkingsutsegner. Det er tolkingar vi har gjort om årsrekneskap, bokføring av tilskot, koordinatorfunksjon i prosjekt og transaksjonskontrollar.