Her orienterer vi om strategisk viktige enkeltoppgåver for DFØ innanfor regelverksområdet i 2022. I samsvar med innrettinga av økonomiregelverket og DFØ sitt forvaltingsansvar omfattar enkeltoppgåvene eit breitt spekter av tema og tiltak. Nokre av oppgåvene er oppfølging av tema som er omtalte tidlegare i rapporten, andre oppgåver er vidareførte frå 2021.
Dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) er fastsette som obligatoriske for alle statlege verksemder med ein innføringsperiode på fem år frå 2022. Bistand til verksemdene som skal ta i bruk SRS, vidareutvikling av standardane og rettleiing blir viktige og ressurskrevjande oppgåver for DFØ i 2022 og åra framover.
6.1 Regelverksforvalting
Fleirårig plan for regelverksutvikling
DFØ er i gang med å utarbeide ein fleirårig plan for regelverksutvikling. Denne skal sendast til FIN våren 2022. Planen skal gi ei oversikt over fagtema der utviklingsarbeid er i gang eller under planlegging. Planen skal omtale korleis og når utviklingsoppgåver kan nedfellast i økonomiregelverket. Det blir lagt opp til at planen skal gjelde for perioden 2022 til og med 2026, det vil seie tilsvarande innføringsperioden for obligatorisk SRS.
Enkelte av utviklingsoppgåvene som skal inngå i den fleirårige planen, og som det blir lagt opp til å arbeide med i 2022, er omtalte nedanfor i kapittel 6.2 og 6.4.
6.2 Statleg rekneskapsføring
Standard kontoplan
Departementa rapporterer føringar i kapitalrekneskapen til DFØ i kapitalarka. Frå årsavslutninga 2021 er det lagt inn ein eigen kolonne i kapitalarka for artskonto i standard kontoplan. I lys av dette skal DFØ arbeide vidare med bruk av artskontoar i standard kontoplan knytt til kapitalkontoar i kapitalrekneskapen.
Statlege rekneskapsstandardar (SRS)
DFØ skal i 2022 utarbeide rettleiingsmateriell for bruk av rekneskapsinformasjon frå verksemdsrekneskapane etter SRS i etatsstyring og oppfølging av underliggjande verksemder. DFØ skal vidare greie ut behovet for å vidareutvikle SRS knytt til omfattande tilskots-, stønads- og pensjonsforvalting. I tillegg skal DFØ avklare handtering av pensjonar og stønadar i rekneskapen til Arbeids- og velferdsetaten (Nav) og pensjonar i Statens pensjonskasse (SPK) i samarbeid med desse verksemdene.
Basert på førespurnadar vi har teke imot, ser vi at fleire punkt i SRS 17 Anleggsmidler kan oppfattast som uklare og er moment som vi tek med oss når vi skal vidareutvikle standarden og oppdatere rettleiingane våre.
Det finst òg område der vi ser behov for større samsvar mellom SRS og føresegnene. Ei aktuell problemstilling er krava til anleggsregister etter SRS 17 sett i samanheng med krava til registrering av eigedelar etter punkt 5.3.7 i føresegnene Registrering av eiendeler. Det verkar lite hensiktsmessig at informasjonen i anleggsregisteret for verksemder som fører rekneskapen etter SRS, ikkje skal vere tilstrekkeleg til å oppfylle registreringsplikta etter føresegnene. DFØ vil streve etter å få på plass ei harmonisering mellom SRS 17 og punkt 5.3.7 i føresegnene Registrering av eiendeler før det første kullet av verksemder med innføring av SRS tek i bruk SRS frå 1.1.2023.
Vurdere konsekvensar av at truleg så godt som alle statlege verksemder er bokføringspliktige etter bokføringslova
Vi skal vurdere kva dette inneber, og kva konsekvensar det bør få for utforminga av føresegnene. Dette er nødvendig for å unngå dobbeltregulering for statlege verksemder. Dette er nærmare omtalt i DFØ sin rapport om forvalting av økonomiregelverket i 2019, punkt 4.2.4, sjå DFØ-rapport 2020:8 DFØ si forvaltning av økonomiregelverket i 2019.
6.3 Styringsområdet
Bidra med kunnskap om kva vurderingar som må liggje til grunn for tilpassing av styring etter eigenart, risiko og vesentlegheit.
Vi ønskjer å bidra med kunnskap om kva vurderingar som må liggje til grunn for tilpassing av styring etter eigenart, risiko og vesentlegheit.
Tenester og rettleiing må rettast inn mot den praktiske kvardagen
Vi må rette rettleiinga vår mot den praktiske kvardagen. Vi må derfor sjå styringsprosessane i samanheng med andre prosessar, forventningar frå omverda og dei utfordringane den enkelte verksemda, departementet eller sektoren står overfor.
6.4 Tilskotsområdet
Digitilskudd
Vi vil halde fram arbeidet med å utvikle prosjekt Digitilskudd fram til lansering hausten 2022.
Følgje opp tiltak frå kartlegging av rettleiingstilbodet
Vi skal følgje opp tiltak frå kartlegging av rettleiingstilbodet på tilskotsområdet. Dersom ein skal kunne ta ut gevinstane, er det viktig å sjå desse prosjekta i samanheng. Men også andre tenester som arbeider med informasjonsforvalting og digitalisering, må sjåast i samanheng. Ut frå desse prosjekta kan det komme behov for å utvikle regelverket (jamfør omtale over av arbeidet med ein fleirårig plan for økonomiregelverket) eller andre heimelsbehov.