Kapittel

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

Som ein del av forvaltingsansvaret for utgreiingsinstruksen og fagområdet samfunnsøkonomisk analyse vil DFØ arbeide for stadig å vidareutvikle kompetansetilbodet vårt til departement og underliggjande etatar.

I 2023 blir dette dei viktigaste strategiske enkeltoppgåvene som vil krevje mest ressursar:

  • vidareutvikle kompetansetilbodet vårt, medrekna ferdigstille arbeidet med å oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar og DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen
  • kontinuerleg arbeide med å innarbeide utgreiingsinstruksen i dei andre av DFØ sine fagområde og tenester
  • delta i styringsgruppa til Nettverk for rettslige styringsinstrumenter
  • koordinere norsk deltaking i OECD-komiteen Regulatory Policy Committee
  • etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Nedanfor gir vi ei meir utfyllande beskriving av desse enkeltoppgåvene.

6.1 Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod

DFØ har fokus på ei kontinuerleg betring av kompetansetenestene våre innan utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar basert på evalueringar og tilbakemeldingar frå brukarane våre. Kompetansetilbodet vårt består av kurs, rettleiing, nettverk og rådgiving (sjå kapittel 5).

I 2023 skal vi ferdigstille arbeidet med å oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar, og vi tek sikte på å lansere denne i juni 2023. Vidare tek vi sikte på at DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen blir lansert i løpet av hausten 2023. Vi skal planleggje for ei rekkje lanseringsaktivitetar for desse rettleiarane for å sikre at vi når breitt ut til målgruppa vår og viktige interessentar som kan bidra til å fremje gode avgjerdsgrunnlag. I tillegg til eit lanseringsseminar i juni skal vi mellom anna nå ut med nyhenda om nytt rettleiingsmateriell på nettsidene våre, i sosiale medium og blogginnlegg og tilby å halde presentasjonar hos departement og verksemder. Vidare bør vi dessutan rette lanseringsaktivitetar inn mot viktige interessentar som kan bidra til å fremje gode avgjerdsgrunnlag, for eksempel forskings- og utgreiingsmiljø (medrekna konsulentselskap), kommunesektoren,6 universitets- og høgskulesektoren, media/presse, Concept, Riksrevisjonen og Regelrådet. Eit konkret tiltak for å nå framtidige byråkratar og andre potensielle brukarar av rettleiinga vår kan vere å få fleire i universitets- og høgskulesektoren til å leggje inn rettleiaren som pensum i undervisinga deira.7

DFØ prøver stadig ut nye og meir effektive måtar å formidle kunnskap til brukarane våre på. Vi har dei siste åra opparbeidd ein god kompetanse med å tilby digitale kurs og nettverksmøte. Fordelen med digitale kurs er at ein større del av målgruppa vår får sjansen til å delta. Det er i tillegg eit meir budsjett- og miljøvennleg alternativ. Samtidig ønskjer vi å tilby fysiske kurs ettersom denne kursforma i noko større grad eignar seg til fagdiskusjon og gruppearbeid. Tilbakemeldingar frå kursdeltakarane viser at både fysiske og digitale kurs fungerer godt.

I 2023 skal vi halde fram med å tilby både digitale og fysiske kurs innanfor utgreiingsinstruksen. Vidare skal vi tilby både digitale og fysiske kurs innanfor samfunnsøkonomisk analyse, der desse er oppdaterte med ny rettleiing i samfunnsøkonomisk analyse. Vi skal òg vurdere om kurstilbodet bør rettast konkret inn mot delar av forvaltinga som arbeider med prosjekt under staten sin prosjektmodell.

Vi har òg planar om å leggje ut fleire videoar om utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar på nettsidene våre. Desse er eit supplement til resten av kurstilbodet vårt, og er dessutan ein kostnadseffektiv måte å tilby kurs på som departement og verksemder sjølve kan ta i bruk som ein del av den interne opplæringa.

Vidare vil DFØ bidra med kurs om utgreiingsinstruksen i samband med Departementsakademiet. Kurstilbodet startar truleg opp hausten 2023. Tilbodet byggjer vidare på DFØ sitt ordinære kurstilbod om instruksen, men skal i større grad vere tilpassa departementstilsette.

Når det gjeld møta i DFØ sitt nettverk i samfunnsøkonomisk analyse, skal vi halde fram med fysiske møte. Eit viktig formål med nettverket er nemleg å kunne utveksle erfaringar og kompetanse. I tillegg skal vi òg vurdere digital deltaking og/eller gjere videoopptak tilgjengelege i etterkant av nettverksmøta, slik at vi kan nå ut til eit større publikum.

6.2 Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

DFØ si rettleiing skal hjelpe departement og verksemder med å sikre god styring og effektiv utnytting av statlege midlar. Vi ser at kompetansetenestene og rådgivinga til DFØ generelt i større grad bør dreiast til å gjere verksemdene i stand til å gjere dei vurderingane som trengst for å tilpasse styringa til eigenarten og behova til verksemda. I dette ligg det dessutan å utvikle verktøy og kompetanse til å vurdere og implementere balansen mellom styring og kontroll innanfor verksemda sin kontekst. Slike vurderingar omfattar balansen mellom ressursbruken til utgreiing og smidig utvikling. Det omfattar òg samanhengar mellom utgreiing, måling, evaluering og gevinstrealisering og kopling mellom usikkerheit, kompleksitet og kunnskapsbehov. Slike avvegingar vil prege vidareutviklinga av kompetansetenestene våre på styringsområdet.

Vidare har DFØ ansvar for fagområdet leiing i staten og tilbyr i den samanhengen ei rekkje kurs på Læringsplattformen. Det å synleggjere kva rolle og funksjon utgreiingsinstruksen har, er viktig innanfor enkelte delar av dette kurstilbodet (jamfør kapittel 5.4). Her er ei kort beskriving av to nye tilbod i 2023:

  • Våren 2023 lanserer DFØ eit nytt e-læringskurs i grunnleggjande forvaltingskompetanse, der gode avgjerdsgrunnlag blir handsama og utgreiingsinstruksen er nemnd. Målgruppa for kurset er medarbeidarar og leiarar i staten, både nytilsette og meir erfarne. 
  • Hausten 2023 lanserer DFØ eit nytt e-læringskurs i forsvarleg sakshandsaming og rolla di som statstilsett. Også her er det å lage gode avgjerdsgrunnlag og utgreiingsinstruksen tematisert. I motsetnad til e-læringskurset i grunnleggjande forvaltingskompetanse, som i større grad er eit innføringskurs, kjem sakshandsamingskurset til å leggje til rette for ferdigheitstrening som går meir i djupna.

Enhet for offentlig ressursbruk (ORB) i DFØ arbeider med auka kunnskap om og merksemd rundt god bruk av offentlege ressursar, mellom anna gjennom arbeid med områdegjennomgangar. Spørsmåla i utgreiingsinstruksen er grunnleggjande for å gjere slike vurderingar på ein god måte. Framover skal vi arbeide med å sjå det DFØ gjer på områdegjennomgangar, endå meir i samanheng med forvaltinga av utgreiingsinstruksen. Det omfattar å sjå på kva metodar som er relevante for å gjennomføre slike gjennomgangar.

6.3 Nettverk for regelverksforvaltning

DFØ skal halde fram med å vere medlem i styringsgruppa for «Nettverk for regelverksforvaltning» (tidlegare kalla Nettverk for rettslige styringsinstrumenter) saman med representantar frå Forsvaret, DSB, Politidirektoratet og Skatteetaten (jamfør kapittel 5.1). I tillegg skal vi ha eit administrativt ansvar. Vi tek sikte på å arrangere eitt nettverksmøte i halvåret. Første halvår 2023 blei det halde eit møte som tematiserte moglegheiter og utfordringar knytte til funksjonsbaserte reglar.

6.4 Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

DFØ vurderer å delta i OECD sin Regulatory Committee (RPC) som ein nyttig og relevant lærings- og nettverksarena innan reguleringsarbeid (jamfør kapittel 5.5). DFØ skal følgje opp ansvaret som nasjonal koordinator ved å vere ein aktiv aktør som legg til rette for eit godt samarbeid nasjonalt og internasjonalt.

6.5 Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

DFØ skal hausten 2023 starte med å førebu ei ny statusmåling om kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak. Førre statusmåling blei publisert i februar 2020.8 Denne studien viste at det framleis er store svakheiter knytte til å oppfylle minimumskravet i instruksen, og det blir i for liten grad gjennomført samfunnsøkonomiske analysar. I tillegg blir ikkje prosesskrava oppfylte godt nok.

Vi skal vurdere om det bør gjerast nokon endringar ved neste statusmåling. Mellom anna skal vi vurdere korleis vi kan fange opp eit større utval av utgreiingar. I førre måling var det i hovudsaka utgreiingar innanfor regelverksområdet som blei fanga opp. Vidare kan det vere aktuelt med ei djupneevaluering for å finne fram til god praksis i tillegg til å finne meir ut av årsakene til mangelfulle utgreiingar. Val av innretning og ambisjonsnivå må vurderast nærmare ut frå kor mykje ressursar vi skal bruke på ei slik måling.

Fotnoter

6Oslo kommune vedtok i april 2022 å innlemme utgreiingsinstruksen som ein del av verksemdsinstruksen deira.

7Vi har inga fullstendig oversikt over kva universitet og høgskular som har DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar som pensum. Vi har kjennskap til at Universitetet i Ås har rettleiaren vår som pensum, i tillegg til at nokre vidaregåande skular har informert oss om at dei bruker han i undervisinga si. 

8Sjå rapport på nettstaden til DFØ: Tilfredsstiller statlege utgreiingar krava i utgreiingsinstruksen? Statusmåling 2019 – DFØ (dfo.no)

Oppdatert: 29. juni 2023

Kontakt

Har du spørsmål eller tilbakemeldinger om innholdet i denne rapporten, ta kontakt med: 

DFØ-rapport 2023:5 DFØs forvaltning av utredningsinstruksen 2022

Skriv ut / lag PDF

1. Bakgrunn, formål og avgrensing

Fotnoter

2. DFØ – makt, interne retningslinjer og organisering

Fotnoter

3. Førespurnadar om instruksen

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

3.2 Kort beskriving av utvalde saker

Spørsmål om verkeområdet:

Spørsmål om krava til innhald:

Spørsmål om prosesskrava:

4. Samarbeid med andre aktørar

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

Kurstilbodet

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk

5.2 Oppdatert rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

5.3 Bistand til NSM sin rettleiar innan tryggleikstiltak

5.4 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring og tilskot

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

5.5 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Fotnoter

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod

6.2 Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

6.3 Nettverk for regelverksforvaltning

6.4 Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

6.5 Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Fotnoter

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.