DFØ har eit delt rettleiingsansvar for utgreiingsinstruksen med Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og Utanriksdepartementet (UD). DFØ har ansvar for å rettleie om føresegnene i kapittel 1–3.
JD har ansvar for føresegnene som gjeld lover og forskrifter (kapittel 4), og UD har ansvar for føresegnene som omhandlar EØS- og Schengen-saker (kapittel 5 og andre kapittel som omhandlar denne typen saker).
Eit godt samarbeid med JD og UD er sentralt for å oppnå ei god forvalting av utgreiingsinstruksen. På nettstaden til DFØ er det oppgitt kontaktinformasjon til JD og UD ved førespurnadar som omhandlar kapittel 4 og 5 i utgreiingsinstruksen.
DFØ har i 2022 samarbeidd med FIN og JD om arbeidet med å oppdatere utgreiingsinstruksen og tilhøyrande rettleiing (sjå kapittel 5.1). Vi har ikkje hatt kontakt med UD i 2022 utover kontakt i samband med referansegruppa til OECD-komiteen som er nemnd under. Vidare har FIN halde oss informerte om det pågåande arbeidet med EØS-saker. Dette gjeld òg endringsforslag til utgreiingsinstruksen og tilhøyrande rettleiar, der UD har vore involvert saman med JD og FIN i ei arbeidsgruppe.
DFØ har òg hatt dialog og samarbeid med andre aktørar i andre samanhengar:
- DFØ har hatt jamlege kontaktmøte med Regelrådet med formål om gjensidig informasjonsutveksling og diskusjon om relevante samarbeidsflater.
- Dialog med Concept i form av å delta i referansegruppene til kvarandre (sjå kapittel 5.1).
- DFØ deltek i styringsgruppa til «Nettverk for rettslige styringsinstrumenter» saman med representantar frå Forsvaret, DSB, Politidirektoratet og Skatteetaten (jf. kapittel 5.1).
- DFØ har jamlege møte med den tverretatlege metodegruppa innan samferdselsområdet (sjå kapittel 5.1).
- Vi har samarbeidd med Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) i samband med å utarbeide ny rettleiing om sikringstiltak (sjå kapittel 5.3).
- Vi har samarbeidd med NFD, KMD, FIN, UD, JD, Regelrådet og Digitaliseringsrådet gjennom å delta i DFØ si referansegruppe knytt til norsk deltaking i OECD-komiteen Regulatory Policy Committee (sjå kapittel 5.5).
DFØ hadde elles i april 2022 det årlege fagmøtet med FIN for å gå gjennom rapporten om DFØ si forvalting av utgreiingsinstruksen i 2021. DFØ har òg løpande fagdialog med FIN om ulike typar oppgåver og metodeutvikling.
DFØ har òg vore i dialog med andre departement og underliggjande verksemder i samband med enkeltoppdrag og prosjekt. I kapittel 5 er det gitt meir informasjon om kva resultat samarbeidet med ulike aktørar har munna ut i.