Kapittel

3. Førespurnadar om instruksen

DFØ handsamar førespurnadar om utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar frå departement, underliggjande verksemder og allmennheita. Under gir vi ei kort beskriving av omfanget av og kva type førespurnadar DFØ har svart på i 2022.

DFØ svarer òg på ei rekke spørsmål i samband med kurs, innlegg, workshops/seminar og rådgivingsoppdrag, jamfør kapittel 5.

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

I 2022 handsama DFØ til saman 13 førespurnadar om utgreiingsinstruksen og om samfunnsøkonomiske analysar i samsvar med Finansdepartementet sitt rundskriv R-109/14.

Tabell 1 gir ei oversikt over tal på førespurnadar DFØ svarte på i perioden 2019–2022, fordelte på kva tema dei går på i instruksen. Dei fleste førespurnadane DFØ tok imot i løpet av 2022, gjeld innhaldskrava i utgreiingsinstruksen og metode for samfunnsøkonomiske analysar. Dette samsvarer med statistikk frå tidlegare år. Dette er to førespurnadar mindre enn i 2021. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid var på om lag 4 dagar i 2022, mens ho var på 9 dagar i 2021.

Tema2022202120202019
Verkeområdet til utgreiingsinstruksen4562
Innhaldskrava i utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar68109
Prosesskrava i utgreiingsinstruksen3231
Totalt tal på førespurnadar13151912
Tabell 1: Tal på førespurnadar i perioden 2019–2022

3.2 Kort beskriving av utvalde saker

I løpet av 2022 har vi svart ut førespurnadar av fagleg karakter som vist i kapittel 3.1, i tillegg til meir praktiske spørsmål knytte til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomisk analyse. Mange av førespurnadane og spørsmåla svarer vi ut munnleg per telefon, mens andre svarer

vi på skriftleg per e-post. I tillegg kjem det ofte mange spørsmål på kursa våre eller i etterkant av kursa vi held. Vi tok i 2022 ikkje imot nokon førespurnadar av prinsipiell karakter.

Under følgjer ei kort beskriving av eit utval førespurnadar vi har handsama. Desse er sorterte under kapittel 1–3 i rettleiaren til utgreiingsinstruksen.

Spørsmål om verkeområdet:

Vi har fått spørsmål om det finst nokon klagehøve hos DFØ for saker som ikkje er tilstrekkeleg godt greidde ut. Vi informerte om at det ikkje finst nokon klageinstans, og at det er kvart enkelt forvaltingsorgan som sjølv må sikre at utgreiingsinstruksen blir følgd ved utgreiingar dei har ansvar for. Det følgjer av utgreiingsinstruksen punkt 1–3, der det står at det forvaltingsorganet som har ansvar for utgreiingsarbeidet, skal sikre at føresegnene i instruksen blir følgde. Her står det òg at kvart departement har eit overordna ansvar for kvaliteten på utgreiingane innanfor eigen sektor. Vidare tilrådde vi å eventuelt kontakte ansvarlege forvaltingsorgan i den aktuelle saka.

Spørsmål om krava til innhald:

Vi har fått spørsmål med bakgrunn i raske teknologiske endringar og lange utgreiingsprosessar, om det er slik at «beste tiltak» nærmast er utdatert når den samfunnsøkonomiske analysen (som ofte går over fleire år) er ferdig. Vi har svart at det ved kvar utgreiing er sentralt å svare på minimumskravet i instruksen for å komme fram til eit godt avgjerdsgrunnlag, og at storleiken på dei forventa verknadane av tiltaket skal vere avgjerande for kor grundig utgreiinga skal vere. Mellom anna er det viktig å komme fram til problemet som skal løysast, kva tiltak som er relevante, og kva usikkerheit som er forbunde med tiltaket. I dei tilfella der tiltaket er irreversibelt og det er stor usikkerheit knytt til kor samfunnsøkonomisk lønnsamt tiltaket er, er det relevant å vurdere såkalla realopsjonar (jf. DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar, kapittel 3.6). Vidare er det viktig å følgje opp det nye tiltaket som eventuelt blir sett i verk, for å sikre at forventa gevinstar blir realiserte (med tilvising til DFØ si rettleiing om gevinstrealisering).

Vi har òg fått spørsmål om det finst rettleiarar om samfunnsøkonomiske analysar i andre land, og om det finst rettleiing som går på verdsetting av liv og helse. Vi har svart at det finst ei rekkje land som har utarbeidd rettleiing om samfunnsøkonomiske analysar i tillegg til mellom anna OECD og EU. På nettsidene til DFØ har vi samla eit utval av desse. Når det gjeld verdsetting av liv og helse, har vi svart at det i løpet av 2023 kjem meir utfyllande rettleiing frå Helsedirektoratet om dette temaet utover det som er gitt i DFØ si rettleiing.

Spørsmål om prosesskrava:

Vi har fått spørsmål om kor fritt ein står til å bruke formelle høyringar for å få innspel/synspunkt frå eksterne, sjølv om det kanskje formelt sett ikkje er krav om ei høyring. Vi har òg fått spørsmål om eit høyringsseminar der ein inviterer ut breitt, kan erstatte ei vanleg høyring. Vi har svart at prosesskrava må vurderast i kvar enkelt sak, og at ein må vurdere skjønnsmessig om eit tiltak er forventa å medføre vesentlege verknader, med mindre det dreier seg om regelverksendringar (jf. DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen, kapittel 2.2). Dersom ein er i tvil om tiltaket har vesentlege verknader, bør ein gjennomføre ei formell høyring. Vidare bør ein berre bruke høyringsseminar som eit supplement til alminneleg høyring, også i dei tilfella ein er i tvil om tiltaket medfører vesentlege verknader.

Vi har òg fått spørsmål om det er mogleg å klage på at høyringsfristen er fastsett med for kort frist, og kven ein eventuelt kan rette ei klage til. Vi svarte at statlege verksemder sjølve er ansvarlege for å følgje instruksen, der det av punkt 3-3 går fram at høyringsfristen normalt skal vere tre månader, og ikkje mindre enn seks veker, med unnatak for EØS- og Schengen-saker. Vidare følgjer det av instruksen at ei avgjerd om å fråvike instruksen skal treffast av øvste leiar i det ansvarlege forvaltingsorganet, og at denne skal vere skriftleg og motivert, og skal følgje saka (jf. punkt 1-4 i instruksen). Vidare informerte vi om at det eventuelt kan takast kontakt med aktuell verksemd for å få ei nærmare grunngiving for kvifor ein har fråvike minimumsfristen i instruksen.

Oppdatert: 29. juni 2023

Kontakt

Har du spørsmål eller tilbakemeldinger om innholdet i denne rapporten, ta kontakt med: 

DFØ-rapport 2023:5 DFØs forvaltning av utredningsinstruksen 2022

Skriv ut / lag PDF

1. Bakgrunn, formål og avgrensing

Fotnoter

2. DFØ – makt, interne retningslinjer og organisering

Fotnoter

3. Førespurnadar om instruksen

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

3.2 Kort beskriving av utvalde saker

Spørsmål om verkeområdet:

Spørsmål om krava til innhald:

Spørsmål om prosesskrava:

4. Samarbeid med andre aktørar

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

Kurstilbodet

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk

5.2 Oppdatert rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

5.3 Bistand til NSM sin rettleiar innan tryggleikstiltak

5.4 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring og tilskot

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

5.5 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Fotnoter

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod

6.2 Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

6.3 Nettverk for regelverksforvaltning

6.4 Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

6.5 Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Fotnoter

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.