Kapittel

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

DFØ sitt kompetansetilbod knytt til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar er ein sentral del av ansvaret vårt for å forvalte utgreiingsinstruksen. I dette kapittelet gir vi ein omtale av kompetansetilbodet vårt. Vidare gir vi ei beskriving av andre tiltak og erfaringar som viser korleis DFØ har forvalta utgreiingsinstruksen gjennom 2022.

DFØ si målsetjing er at det skal gjennomførast fleire og betre utgreiingar i staten. Kompetansetenestene til DFØ skal bidra til å heve nivået på utgreiingskompetansen til departement og underliggjande verksemder. Ulike studiar, medrekna DFØ si statusmåling om utgreiingsinstruksen, som blei publisert i februar 2020, viser at det er eit vesentleg betringspotensial når det gjeld kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak.3

DFØ tilbyr kurs, rettleiing, workshops/seminar, rådgiving og eit nettverk for samfunnsøkonomiske analysar. Vi innhentar synspunkt frå brukarane våre om kva utfordringar og behov dei har i samband med utgreiingar av tiltak, for at kompetansetilbodet til DFØ skal opplevast som relevant og brukarvennleg. Vidare involverer vi brukarane våre ved utvikling av nye tenester og ved vidareutvikling av eksisterande tenester.

Samarbeid med andre offentlege og private aktørar som har praktisk erfaring med å gjennomføre utgreiingar, kvalitetssikre utgreiingar og annan relevant utgreiingskompetanse, gir nyttig innsikt og kunnskapsdeling som gjer DFØ i stand til å levere gode og brukarretta kompetansetenester (jamfør kapittel 4). DFØ si kunde- og brukarundersøking for 2022 viser at dei som bruker DFØ sine kompetansetenester innan utgreiingsinstruksen, er svært fornøgde, jamfør omtale i årsrapporten. Vidare viser evalueringane våre av kurs- og nettverksmøte gode brukartilbakemeldingar (sjå under). 

Kurstilbodet

I 2022 blei det halde både digitale og fysiske kurs om utgreiingsinstruksen, mens vi i 2021 og 2020 berre hadde eit digitalt tilbod som følgje av koronaepidemien. Vi har halde eitt fysisk kurs og eitt digitalt kurs om utgreiingsinstruksen, hvv. på våren og hausten i 2022. I tillegg blei det halde eit digitalt kurs om samfunnsøkonomiske analysar våren 2022.

Det fysiske kurstilbodet om utgreiingsinstruksen blir halde som heildagskurs. Mens det digitale kurstilbodet om utgreiingsinstruksen, som er basert på det fysiske kurset, blir halde over to halve dagar for at det skal vere betre tilpassa eit digitalt format. Som ein del av kurset blir det gjennomført gruppeoppgåver ved begge kurstilboda.

Det digitale kurset om samfunnsøkonomiske analysar gir ein introduksjon til denne typen analysar, og er eit kurs som varer i 2 timar. Gruppeoppgåver er ikkje tekne med som ein del av dette kurstilbodet, mens det i staden er opna for spørsmål undervegs i kurset.

Det har vore stor interesse for desse kursa, og vi har som regel ventelister til desse. Vi har kunna auke talet på deltakarar på kursa etter kvart som både kurshaldarar og brukarar er blitt meir erfarne og kompetente på digitale plattformer.

På det fysiske kurstilbodet om utgreiingsinstruksen blei det i 2022 sett eit tak på 60 påmelde. For det digitale kurstilbodet har vi gradvis auka talet og sett eit tak på 70 påmelde. Til samanlikning var det i 2021 sett eit tak på 49 påmelde. Handtering av grupper og gruppearbeid har vore førande for maks. tal kursdeltakarar ved begge kurstilboda. I tillegg set storleiken på kurslokala våre avgrensingar for kor mange deltakarar det kan vere på dei fysiske kursa.

Etter kvart kurs blir det sendt ut ei evaluering der deltakarane blir bedde om å rangere fleire aspekt ved kurset med ein skår frå 1 til 6. Kursa om utgreiingsinstruksen fekk denne gjennomsnittsskåren på desse spørsmåla:

  • 5 på spørsmålet Kor fornøgd er du med ditt eige faglege utbyte?
  • 5,2 på spørsmålet Kor fornøgd er du med det faglege innhaldet i arrangementet?

 I figuren under ser du gjennomsnittsskåren for dei to spørsmåla nemnde over for åra 2022, 2021 og 2020. Det er framleis ein litt lågare skår på dei digitale kursa enn på dei fysiske kursa som blei haldne i 2022. Meir erfarne kurshaldarar og kursdeltakarar forklarer truleg årsaka til gradvis betre evalueringar på det digitale kurstilbodet frå 2020 til 2022. Vi planlegg å tilby ein kombinasjon av digitale og fysiske kurs også framover (sjå kapittel 6).

Det digitale kurset i samfunnsøkonomiske analysar blei prega av nokre tekniske utfordringar, men fekk likevel relativt gode tilbakemeldingar med ein gjennomsnittleg skår på 4,2 og 4,4 på høvesvis fagleg utbyte og fagleg innhald. Til samanlikning fekk dette kurset i 2021 ein gjennomsnittleg skår på 4,8 og 5,2 på høvesvis fagleg utbyte og fagleg innhald. Kurset blei gjennomført med 193 påmelde, der i underkant av 100 følgde heile eller delar av kurset.

DFØ tilbyr dessutan to e-læringskurs, eit kurs om utgreiing av statlege tiltak og eit noko eldre kurs om forenkla analysar. Ved å tilby nettkurs har statsforvaltinga tilgang til kurs der dei er, og når dei har behov for læring. Begge nettkursa er tilgjengelege på Læringsplattformen til DFØ og på nettsida vår om fagområdet utgreiingsinstruksen.

Totalt har 293 personar gitt ei evaluering av nettkurset om utgreiing av statlege tiltak sidan kurset blei lansert i 2018. Kurset har i gjennomsnitt fått 5 av 6 moglege stjerner.  Statistikken vår viser at det var om lag 250 personar som fullførte kurset i 2022, mens det var om lag 300 og 230 som fullførte i høvesvis 2021 og 2020. Talet på personar som har teke kurset, har altså vore relativt stabilt dei siste åra. For det andre nettkurset manglar vi statistikk over kor mange som har teke kurset.

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

På nettstaden til DFØ tilbyr vi ei rekkje kompetansetenester knytte til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar. Vi har mellom anna lagt ut ei rekkje videoar om utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar på nettsidene våre. Desse er eit supplement til andre kurstilbod, og planen er å vidareutvikle dette tilbodet i 2023 (sjå kapittel 6).

På nettsidene våre finn du òg rettleiarane innanfor utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar:

  • DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen (2018)
  • DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar (2018)

Vi tek sikte på at oppdaterte versjonar av desse to rettleiarane blir publiserte i løpet av 2023 (jf. kapittel 6).

Bakgrunnen for arbeidet med å oppdatere rettleiaren til utgreiingsinstruksen var eit behov for oppdateringar på EØS-området i sjølve instruksen og tilhøyrande rettleiing. Basert på mellom anna innspel og dialog med brukarane våre har det òg vore behov for å gjere enkelte justeringar i instruksen og rettleiingsteksten til dei andre sakene. Forslag til endringar i utgreiingsinstruksen og tilhøyrande rettleiing blei sende på ei departementsforelegging av FIN hausten 2022, der DFØ har bistått med å innarbeide innspela frå denne runden.

Sjå beskriving av arbeidet med å oppdatere rettleiaren i samfunnsøkonomiske analysar i kapittel 5.2. 

DFØ tilbyr òg ei rekkje praktiske verktøy og andre ressursar som kan vere nyttige for å greie ut statlege tiltak. Eksempel på desse er nettkurs, tips til bestilling av utgreiingar og samfunnsøkonomiske analysar og sjekkliste ved utgreiing av statlege tiltak.

Vi har òg eit spel om utgreiingsinstruksen, som blei utvikla i samarbeid med eit konsulentselskap og lagt ut på nettstaden vår i 2020. I 2022 var det om lag 1080 som var registrerte som brukarar av spelet, mens det i 2021 og 2020 var hvv. om lag 700 og 500 registrerte brukarar. På bakgrunn av at det er relativt få brukarar som har spelt mykje sidan kurset blei lansert4, valde vi å avslutte spelet i desember 2022. 

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk

DFØ tilbyr noko rådgiving til statlege verksemder som skal bestille eller gjennomføre ei utgreiing. Rådgivinga er basert på hjelp-til-sjølvhjelps-prinsippet. Prinsippet inneber at vi ikkje gjennomfører utgreiingar eller utarbeider rettleiarar for verksemder. Vi kan derimot hjelpe til med råd om metode og korleis oppfylle krava i utgreiingsinstruksen og Finansdepartementet sitt rundskriv om samfunnsøkonomiske analysar.

I 2022 hjelpte vi fire verksemder med noko rådgiving innan utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar. Desse var NORNESK, Digitaliseringsdirektoratet, Regelrådet og KDD. Den sistnemnde hjelpa til KDD gjaldt det såkalla Departementsakademiet, der DFØ via å delta i fagrådet til akademiet har gitt bistand til korleis kurs om utgreiingsinstruksen kan utformast for departementstilsette. 

Til samanlikning hadde vi i 2021 fem rådgivingsoppdrag, ingen i 2020 og fire i 2019. Vidare har vi i 2022 svart på ei rekkje førespurnadar (sjå kapittel 3) og gitt råd i samband med sektor- og temarettleiarar knytte til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomisk analyse (sjå under).

Vidare har vi i 2022 hatt møte med den tverretatlege metodegruppa innan samferdsel (som består av ei rekkje underliggjande etatar). På eitt av møta hadde vi desse punkta på agendaen: status for DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomisk analyse, strategien for metodearbeidet i NTP, arbeidet som held på innanfor ikkje-prissette verknader hos DFØ, og ulike oppgåver innanfor klimaområdet.

I 2022 heldt vi minikurs/workshops/innlegg for desse fem verksemdene i tillegg til eit offentleg ekspertutval: (til samanlikning heldt vi for åtte verksemder i 2021)

  • Kommunal- og distriktsdepartementet
  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
  • Helsedirektoratet
  • Jernbanedirektoratet
  • Politidirektoratet
  • Totalberedskapskommisjonen

I tillegg kjem det fram kor viktig det er med gode avgjerdsgrunnlag, i DFØ sin direktørblogg og i andre fagblogginnlegg.

Vidare tilbyr vi bistand i samband med sektor- og temarettleiarar, som er supplerande rettleiing til DFØ sitt rettleiingsmateriell. Eit viktig siktemål med å delta i den typen arbeid er å sørgje for at krava samsvarer med gjeldande krav om utgreiingar og DFØ si rettleiing om korleis desse kan oppfyllast på best mogleg måte. Vi deltek òg i arbeid med å utvikle metodar som blir gjennomført av andre statlege verksemder, akademia eller konsulenthus. I 2022 var vi med på dette arbeidet:

  • Vi deltok i ei referansegruppe til Finansdepartementet si rettleiing om konseptvalutgreiingar innanfor staten sin prosjektmodell.
  • Vi deltok i ei referansegruppe til e-helse sin samfunnsøkonomiske analyse av eit digitaliseringsprosjekt.
  • Vi deltok som sparringspartnar, saman med FIN, i samband med ei KS1 av konseptvalutgreiing (KVU) av oppgradering av Troll – Noreg sin forskingsstasjon ved Antarktis.
  • Vi deltok i ei referansegruppe til Concept sin studie om temaet nullalternativet i ein samfunnsøkonomisk analyse.
  • Vi deltok saman med FIN i ei referansegruppe til Helsedirektoratet sin rettleiar om verknader på folkehelsa. Arbeidet med rettleiaren har halde på sidan 2020.

 DFØ har eit nettverk for samfunnsøkonomiske analysar med over 500 medlemmer. Formålet med nettverket er å auke kunnskapen om samfunnsøkonomiske analysar og bidra til å utveksle erfaringar og byggje nettverk. Vi arrangerer to nettverksmøte i året, eitt på våren og eitt på hausten. I 2022 blei begge nettverksmøta gjennomførte fysisk. Vi publiserer som regel eit kort referat frå nettverksmøtet, og eventuelle videopptak, som blir lagde ut i etterkant av kvart møte på nettverket sine nettsider.

Nettverksmøtet som blei halde våren 2022, hadde tittelen «Hvordan organisere arbeidet for å få til gode utredninger?». Representantar frå Direktoratet for e-Helse, Statsbygg og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet delte erfaringane sine med korleis dei organiserer arbeidet sitt og arbeider med utgreiingar.

Tittelen for nettverksmøtet som blei halde hausten 2022, var «Jakten på den forsvunne lønnsomhet – om ringvirkningsstudier og fordelingsanalyser». Rasmus Bøgh Holmen (TØI) innleidde til temaet om netto ringverknadsstudiar og korleis slike studiar blir gjennomførte innanfor ulike samfunnsområde. Eivind Tveter (Høyskolen i Molde) gav vidare innsikt i forskinga på netto ringverknader, mens Ingrid Hjort (BI) gav konkrete eksempel på korleis ein har prøvd å sette lys på fordelingsverknader ved utgreiingar ho hjalp til med under covid-19-pandemien.

I evalueringa av nettverksmøta ber vi deltakarane om å rangere fleire forhold ved nettverksmøta med ein skår frå 1 til 6. På spørsmåla om eige fagleg utbyte og kvaliteten på det faglege innhaldet fekk desse to nettverksmøta ein gjennomsnittsskår på høvesvis 4,8 og 5,1. Til samanlikning var gjennomsnittsskåren for nettverksmøta i 2021 på høvesvis 5,4 og 5,1.  Vidare er DFØ medlem av styringsgruppa for «Nettverk for regelverksforvaltning» saman med representantar frå Forsvaret, DSB, Politidirektoratet og Skatteetaten. DFØ har òg eit administrativt ansvar for nettverket. Nettverket blei etablert i 2019 og er ope for tilsette i statlege verksemder som arbeider med regelverksforvalting. Formålet med nettverket er å bidra til ein betre reguleringspraksis i statsforvaltinga. Det skal bidra med fagleg påfyll, utveksling av erfaringar, kompetanse og kontakt med andre som arbeider innan reguleringsfeltet.

Nettverket vil arrangere seminar som tek opp ulike tema i ein reguleringsprosess som utvikling og utarbeiding av regelverk, undersøking av etterlevingspraksis, sanksjonar ved regelverksbrot og evalueringar av resultat og måloppnåing. I 2022 blei det halde eit fysisk møte med temaet «Kva kan sikre god etterleving av regelverk?». I tillegg til innlegg frå styringsgruppa var det innlegg frå professor Stig S. Gezelius (Universitetet i Sørøst-Norge), høgskulelektor Anne Marthe Bjønness, høgskulelektor ved Politihøgskolen og Ph.d.-kandidat ved NHH, og Silje Undahl (Skattedirektoratet sitt åtferdsteam). Det står kort om programmet og innlegga under tidlegare arrangement på nettverket sine nettsider. Framover tek vi sikte på å arrangere eitt nettverksmøte i halvåret.

5.2 Oppdatert rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

Bakgrunnen for å oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar frå 2018 var at vi trong å ta inn nyare metodiske vurderingar, møte behov vi har fanga opp i dialogen vår med brukarar, og styrkje den pedagogiske framstillinga. Målgruppa for rettleiaren er først og fremst dei som skal utføre analysar i departement og statlege verksemder, men han er òg relevant for dei som skal bestille analysar og ta avgjerder om val av tiltak. I tillegg er konsulentselskap som utfører slike analysar på oppdrag frå staten, viktige interessentar når det gjeld å sikre gode og konsistente analysar internt og på tvers av ulike sektorar. Rettleiaren gir òg tips og råd ved utforming av supplerande sektor- og temarettleiarar.

Arbeidet med å oppdatere rettleiaren starta opp i 2022, med noko forarbeid hausten 2021. Vi oppretta ei referansegruppe beståande av departement og underliggjande etatar samt ei utvida referansegruppe beståande av konsulentar, forskingsmiljø og alle departementa. I tillegg har vi fått bistand frå ein ekstern konsulent med brei erfaring og kompetanse innanfor samfunnsøkonomiske analysar. Vidare har vi hatt eigne møte og dialog med enkelte verksemder ved behov.

I tillegg til nær involvering av referansegruppene undervegs i arbeidet med å utarbeide rettleiinga innhenta vi brukarinnsikt både i form av intervju og spørjeundersøkingar for å kartleggje kva delar av rettleiinga som hadde størst oppdateringspotensial.

Ettersom Finansdepartementet si rettleiing om konseptvalutgreiingar under staten sin prosjektmodell blir oppdatert parallelt med vår rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar, har det vore viktig å ha dialog med FIN om arbeidsdeling og konsistens mellom desse to rettleiarane. Som nemnt i kapittel 5.1 har DFØ delteke i referansegruppa til FIN si rettleiing og gitt innspel til denne via deltakinga.

Vidare har utgreiingsinstruksen og tilhøyrande rettleiing frå DFØ blitt oppdatert parallelt med at vi har oppdatert rettleiaren i samfunnsøkonomiske analysar. Også her har det vore viktig å finne ei god arbeidsdeling mellom desse to rettleiarane og sørgje for konsistent omgreps- og metoderettleiing.

5.3 Bistand til NSM sin rettleiar innan tryggleikstiltak

DFØ fekk i supplerande tildelingsbrev av oktober 2021 og i tildelingsbrev for 2022 frå FIN i oppdrag å bistå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) med eit todelt oppdrag. Den første delen gjekk ut på å utarbeide ein rettleiar for utgreiing av førebyggjande tryggingstiltak retta mot objekt og infrastruktur, mens den andre delen gjaldt å utarbeide kriterium for vurdering av satsingsforslag i saker om førebyggjande objekt- og infrastrukturtryggleik. Dette var eit oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Forsvarsdepartementet (FD) og Finansdepartementet (FIN). Bakgrunnen for oppdraget er at det framover må gjerast strenge prioriteringar av offentlege tiltak. Det må sjåast i samanheng med at det økonomiske handlingsrommet i tida framover blir meir avgrensa.

NSM har vore prosjektleiar for oppdraget, mens DFØ har bistått med prosjektmedarbeidar. Det blei oppretta ei styringsgruppe i samband med utarbeiding av rettleiaren, som bestod av representantar frå JD, FD og FIN. Vidare blei det oppretta ei referansegruppe beståande av JD, KDD, FD, Statsbygg, Forsvarsbygg, DSS, e-helse og konsulentselskapet Menon.  

Prosjektgruppa leverte eit endeleg utkast til rettleiar innan avtalt frist den 20. juni 2022, som var første del av oppdraget. Det blei halde eit møte i styringsgruppa for å diskutere rettleiingsutkastet og endringsforslag frå styringsgruppa. Det trengst ei nærmare avklaring om kva endringar som bør gjerast. Vidare arbeid med denne er derfor sett på vent inntil vidare. Tilsvarande gjeld for andre del av oppdraget, som går ut på å utarbeide kriterium for satsingsforslag i saker om førebyggjande objekt- og infrastrukturtryggleik.  

5.4 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

Utgreiingsinstruksen og gode avgjerdsgrunnlag er eit sentralt tema for fleire av fagområda som DFØ er ansvarleg for. Dette gjeld spesielt oppgåver i dei tre seksjonane Seksjon for Styring, Seksjon for tilskudd og Seksjon for ledelse, som ligg i Divisjon for styring, organisering og ledelse (SOL). Nedanfor gir vi ein kort omtale av relevante oppgåver/prosjekt innanfor desse fagområda.

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring og tilskot

DFØ vil setje søkjelyset på kva som kan gjere brukarane i stand til å dimensjonere styringa rett, for eksempel justere rapporteringskrav ut frå behov og justere ressursbruk i styringsaktivitetar slik at ein oppnår forsvarleg og effektiv styring og kontroll. I tråd med formålsparagrafen i ØR om meir effektiv måloppnåing innanfor dei rammene verksemda er tildelt, vil vi støtte brukarane i ei heilskapleg tilnærming til styring. Det inkluderer det å vurdere behov for avgjerdsgrunnlag og styringsinformasjon i samsvar med risiko, vesentlegheit og eigenart. 

DFØ ser ut frå førespurnadar at brukarane har behov for støtte til å omsetje DFØ sin bodskap til nyttig praksis. Her kan DFØ i større grad setje brukarar i stand til å lære av kvarandre sine erfaringar gjennom f.eks. deling av eksempel. Omgrepsforståing er viktig for å sikre god dialog i styringa. DFØ vil sjå nærmare på utfordringar i omgrepsbruk i statleg styring i 2023.

DFØ har delteke i OECD si Policy Evaluation Expert Group, som i juli 2022 vedtok nye tilrådingar for bruk av evaluering i offentleg sektor (Recommendation on Public Policy evaluation). Tilrådingane inkluderer førehandsevaluering (utgreiing). Vi inviterte OECD til Noreg for å presentere tilrådingane på årets evalueringskonferanse i Oslo, med omtrent 120 deltakarar, og i eit eige møte hos DFØ, der Riksrevisjonen, KDD og FIN deltok. Vi følgjer opp arbeidet med å gjere tilrådingane kjende og vurdere kva dei bør ha å seie for norsk forvalting i 2023. DFØ presenterte kudos.no på arbeidsmøtet i ekspertgruppa i OECD denne hausten.   

DFØ har saman med Nasjonalbiblioteket og DSS laga nettstaden https://kudos.dfo.no/. Der er det samla og tilgjengeleggjort nesten 20 000 dokument, medrekna mange typar avgjerdsgrunnlag, for eksempel NOU-ar, førehandsutgreiingar, KVU/KS-1/KS-2-rapportar og områdegjennomgangar. Tilgjengeleggjeringa kan leggje til rette for at departement og statlege verksemder kan lære korleis utgreiingar faktisk blir gjennomførte på tvers av ulike sektorar.

Frå 1.1.2023 er det no eit krav i føresegner om økonomistyring i staten som gjeld førehandsevalueringar og andre evalueringar:

«Virksomheten skal sørge for at evalueringer som er gjort tilgjengelig for allmennheten, blir avlevert til Nasjonalbiblioteket i tråd med pliktavleveringslova § 4. Avlevering i henhold til pliktavleveringslova § 4 er ivaretatt ved digital avlevering eller innsamling til kudos.dfo.no.» Når det gjeld tilskotsområdet, hadde DFØ i 2021 ein gjennomgang av rettleiingstilbodet vårt. Vi har vurdert at kvaliteten på tilskotsregelverka er varierande og trur at desse kan bli betre med eit betre avgjerdsgrunnlag i botn. På bakgrunn av gjennomgangen arbeider vi med å vidareutvikle rettleiingstilbodet om tilskotsforvalting på nettsidene våre. Noko som inngår i denne omtalen, er kor viktig det er å ha eit godt avgjerdsgrunnlag både før ein vel tilskot som verkemiddel, og dersom ein gjer endringar i tilskotsordningane.

I desember 2022 lanserte DFØ og Kultur- og likestillingsdepartementet ei ny teneste, tilskot.no. Denne gir oversikt over statlege tilskotsordningar som frivillige organisasjonar kan søkje på. Her finn du òg informasjon om tilskotsmottakarar og tildeling av tilskot. Nøkkeltala i løysinga viser tildelt tilskot fordelt på departement, tilskotsforvaltarar, type tilskotsmottakarar og geografi. Det er enkelt å laste ned informasjonen, slik at han kan gjenbrukast mellom anna til å gjere meir heilskaplege analysar både før ein etablerer tilskot, og dersom ein gjer endringar i innretninga av ordningane. Ei samla oversikt gir betre grunnlag for å vurdere tilskotsordningane i samanheng, slik at dei treff rette søkjarar, gir god måloppnåing og bidreg til effektiv ressursbruk. 

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

På bakgrunn av resultata frå DFØ si statusmåling om kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak meiner vi at DFØ sitt kompetansetilbod i større grad må rette seg inn mot leiarar. Ein føresetnad for god kvalitet på styringa er at det ligg føre gode avgjerdsgrunnlag i samsvar med krava i utgreiingsinstruksen. Dersom leiarar ikkje i større grad forankrar instruksen i styringa, blir det truleg inga betring i neste statusmåling om utgreiingskvaliteten. 

DFØ lanserte våren 2021 eit nytt digitalt kurstilbod retta mot nye leiarar i staten. Kurset består av tre modular5 og 15 ulike sprintar, som er ei læringsøkt om eit bestemt tema. Ein av sprintane i modul 2 om «Løpende oppgaver og hverdagsledelse» er sprint 6 om temaet «Beslutningsgrunnlag». Formålet med denne sprinten er å vise kva rolle og ansvar leiarar har for å etterleve krava i utgreiingsinstruksen. Vidare blir òg utgreiingsinstruksen og gode avgjerdsgrunnlag nemnt i tre andre sprintar i kursmodulen.

I 2022 var om lag 200 personar innom sprinten om avgjerdsgrunnlag i Ny som leder i staten-tilbodet. Til samanlikning var det om lag 500 personar som var innom sprinten i 2021. Evalueringa av sprinten viser desse gode resultata:

  • 95 % svarer at dei likte sprinten frå greitt til svært godt.
  • 94 % svarer at dei lærte noko nytt frå i nokon grad til i svært stor grad.
  • 79 % svarer at dei trur sprinten påverkar leiarutøving frå i nokon grad til i svært stor grad.
  • 80 % svarer at dei trur sprinten vil verke inn på resultata frå i nokon grad til i svært stor grad.

5.5 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Finansdepartement delegerte ansvaret for å følgje opp OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC) til DFØ i 2018. Dette innebar òg å sikre rolla som ansvarleg koordinator for Noreg sin medlemskap i denne komiteen. DFØ vurderer det slik at det å delta i komiteen gir nyttig innsikt om reguleringsarbeid i andre land og er ein arena for å knyte seg til relevante nettverk internasjonalt. OECD produserer ei rekkje sentrale dokument som gjeld både innhald  i ei utgreiing (medrekna før-, undervegs- og etter-evalueringar) og kor viktig prosess (involvering av berørte og andre) er i samband med utgreiingsarbeidet.

Eit viktig siktemål med å delta i komiteen er å vurdere kva Noreg kan lære av andre land, og å spreie erfaringar og kunnskap om arbeidet i denne OECD-komiteen. DFØ si deltaking i komiteen vil elles vere ei kjelde til å vidareutvikle kompetansetilbodet vårt. Vi har oppretta ein eigen nettstad med informasjon om arbeidet i denne komiteen, der ferdige rapportar blir publiserte fortlaupande.

DFØ koordinerer ei referansegruppe som består av representantar frå samarbeidspartnarane våre frå Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Finansdepartementet, Regelrådet og Digitaliseringsdirektoratet. Vi har jamlege kontaktmøte med referansegruppa for å koordinere innspela våre til dokument som blir handsama i komiteen, og for å diskutere relaterte problemstillingar knytte til reguleringsarbeid. JD har som følgje av avgrensa kapasitet ikkje hatt høve til å delta på møte i 2022 og 2021.

DFØ deltok saman med Regelrådet på RPC-møta, som blei arrangerte i 2022. Våren 2022 blei RPC-møtet halde digitalt, mens det hausten 2022 blei halde fysisk. Kontaktmøte med referansegruppa blei haldne i forkant av desse møta.

Fotnoter

3DFØ-rapport 2020:1 Tilfredsstiller statlege utgreiingar krava i utgreiingsinstruksen?

4Det er berre 15 prosent som har fullført meir enn halve kurset.

5Dette er dei tre modulane i kurset: Ledelse og rammene for styring i staten, Løpende oppgaver og hverdagsledelse og Fremsynt lederskap og innovasjon.

Oppdatert: 29. juni 2023

Kontakt

Har du spørsmål eller tilbakemeldinger om innholdet i denne rapporten, ta kontakt med: 

DFØ-rapport 2023:5 DFØs forvaltning av utredningsinstruksen 2022

Skriv ut / lag PDF

1. Bakgrunn, formål og avgrensing

Fotnoter

2. DFØ – makt, interne retningslinjer og organisering

Fotnoter

3. Førespurnadar om instruksen

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

3.2 Kort beskriving av utvalde saker

Spørsmål om verkeområdet:

Spørsmål om krava til innhald:

Spørsmål om prosesskrava:

4. Samarbeid med andre aktørar

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

Kurstilbodet

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk

5.2 Oppdatert rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

5.3 Bistand til NSM sin rettleiar innan tryggleikstiltak

5.4 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring og tilskot

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

5.5 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Fotnoter

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod

6.2 Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

6.3 Nettverk for regelverksforvaltning

6.4 Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

6.5 Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Fotnoter

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.