Kapittel

1. Bakgrunn, formål og avgrensing

Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) har på vegner av Finansdepartementet ansvaret for å forvalte utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket.

Finansdepartementet har i tildelingsbrevet for 2023 gitt DFØ dette oppdraget:

DFØ skal utarbeide årlege rapportar til departementet om eiga forvaltning av høvesvis økonomiregelverket og utgreiingsinstruksen. Rapportane skal peike på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som har komme fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen for revisjonsåret 2021. Rapporten skal vidare orientere om strategisk viktige enkeltoppgåver for DFØ innanfor regelverksområdet i 2023. Rapportane skal sendast til departementet innan 31. mars 2023. Formålet med den årlege rapporten om utgreiingsinstruksen er å gi Finansdepartementet eit grunnlag for å vurdere DFØ si forvalting av utgreiingsinstruksen det enkelte året.

I kapittel 2 står ein omtale av organisatoriske rammer, interne retningslinjer og organisering knytt til DFØ sitt arbeid med regelverkssaker.

Kapittel 3 inneheld ei oversikt over tal på førespurnadar frå departement og statlege verksemder om tolkinga og forståinga av utgreiingsinstruksen. Vi svarer òg på førespurnadar om samfunnsøkonomiske analysar. Vi beskriv eit utval førespurnadar nærmare.

Kapittel 4 inneheld ei oversikt over DFØ sitt samarbeid med andre aktørar om utgreiingsinstruksen.

Kapittel 5 inneheld ei beskriving av nokre aktivitetar som har vore sentrale i forvaltinga av utgreiingsinstruksen, medrekna DFØ sine kompetansetenester som blir tilbydde til statlege verksemder.

Kapittel 6 inneheld ein kort omtale av strategisk viktige enkeltoppgåver for regelverksforvaltinga i 2023.

I tildelingsbrevet for 2023 står det òg at rapporten skal peike på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som har komme fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen for revisjonsåret 2021. Vi har ikkje funne spesielle forhold knytte til utgreiingsinstruksen i Dokument 1 som er av gjennomgåande karakter.1

Regelverksrapporten om utgreiingsinstruksen blir gjennomgått i eit årleg fagmøte med Finansdepartementet og blir deretter publisert på dfo.no. Rapporten frå i fjor er publisert på nettsidene til DFØ.

Fotnoter

1Det er berre éi sak omtalt i Dokument 1 som knyter seg til utgreiingsinstruksen, som knyter seg til transportprosjekt og kva samfunnsøkonomiske analysar bør ha å seie versus andre typar analysar (medrekna ringverknadsanalysar), i eit samla avgjerdsgrunnlag (sjå side 77).

Oppdatert: 29. juni 2023

Kontakt

Har du spørsmål eller tilbakemeldinger om innholdet i denne rapporten, ta kontakt med: 

DFØ-rapport 2023:5 DFØs forvaltning av utredningsinstruksen 2022

Skriv ut / lag PDF

1. Bakgrunn, formål og avgrensing

Fotnoter

2. DFØ – makt, interne retningslinjer og organisering

Fotnoter

3. Førespurnadar om instruksen

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

3.2 Kort beskriving av utvalde saker

Spørsmål om verkeområdet:

Spørsmål om krava til innhald:

Spørsmål om prosesskrava:

4. Samarbeid med andre aktørar

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

Kurstilbodet

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk

5.2 Oppdatert rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

5.3 Bistand til NSM sin rettleiar innan tryggleikstiltak

5.4 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring og tilskot

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

5.5 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Fotnoter

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2023

6.1 Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod

6.2 Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

6.3 Nettverk for regelverksforvaltning

6.4 Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

6.5 Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Fotnoter

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.