DFØ forvaltar utgreiingsinstruksen på vegner av Finansdepartementet. Dette ansvaret har vi hatt sidan den reviderte utgreiingsinstruksen tredde i kraft 1. mars 2016. DFØ har òg ansvaret med å forvalte økonomiregelverket, jf. eigen rapport til Finansdepartementet.
Forvaltingsansvaret for utgreiingsinstruksen omfattar å tolke, informere og rettleie om instruksen, vurdere behov for vidareutvikling og gi råd til Finansdepartementet om endringar i instruksen. Vidare skal DFØ oppdatere rettleiaren til utgreiingsinstruksen ved behov.
Dersom det kjem spørsmål om utgreiingsinstruksen eller rettleiaren til instruksen som reiser prinsipielle spørsmål, skal desse leggjast fram for Finansdepartementet. Andre aktuelle departement blir involverte ved behov.
DFØ har eit delt rettleiingsansvar med Justis- og beredskapsdepartementet, som har ansvar for føresegnene som gjeld lover og forskrifter (kapittel 4), og med Utanriksdepartementet, som har ansvar for føresegnene om EØS- og Schengen-saker (kapittel 5 og andre kapittel som gjeld denne typen saker).
DFØ si handsaming av førespurnadar er lagd opp etter dokumenterte interne retningslinjer og rutinar. Det blir gjort for å sikre god kvalitet, dokumentasjon og effektivitet. Alle skriftlege svar på førespurnadar blir arkiverte. DFØ tek imot førespurnadane på e-postadressa postmottak@dfo.no.
DFØ har òg ansvar for fagområdet samfunnsøkonomisk analyse, som mellom anna inneber å rettleie og svare på spørsmål om krava i Finansdepartementet sitt rundskriv R-109 om prinsipp og krav ved utarbeiding av samfunnsøkonomiske analysar m.m. Det er ein nær samanheng mellom det rundskrivet og utgreiingsinstruksen. Utgreiingsinstruksen definerer når ein samfunnsøkonomisk analyse er nødvendig, mens rundskrivet fastset korleis ein slik analyse skal gjennomførast. DFØ si forvalting av utgreiingsinstruksen blei frå august 2022 organisert i Enhet for offentlig ressursbruk (ORB)2, som ligg i Divisjon for styring, organisering og ledelse (SOL). Oppgåver knytte til forvaltinga av utgreiingsinstruksen og fagområdet samfunnsøkonomiske analysar er i hovudsaka samla i ORB. Vidare er gode avgjerdsgrunnlag eit sentralt tema for fleire av dei andre fagområda som DFØ er ansvarleg for. Dette gjeld spesielt oppgåver i dei tre seksjonane Seksjon for Styring, Seksjon for tilskudd og Seksjon for ledelse, som ligg i Divisjon for styring, organisering og ledelse (sjå kapittel 5.3).
Fotnoter
2DFØ si forvalting av utgreiingsinstruksen var tidlegare plassert i Avdeling for utredning og analyse (AFA).