Gode rekrutteringsprosessar er nødvendige for å gi leiarane eit godt avgjeringsgrunnlag når det skal tilsetjast folk i ledige stillingar. Notatet gir eit godt grunnlag til å diskutere korleis personlegheitstest kan brukast som eit verkemiddel til å auke kvaliteten i rekrutteringsprosessen, og kva som krevst når verksemda bruker personlegheitstest med interne ressursar i rekrutteringsarbeidet.