Søk

267 søkeresultater funnet
Rapportside

Nettverk og møteplassar for leiarar i staten

På oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet har Difi gjort ei kartlegging av kva nettverk og møteplassar som finst for leiarar i staten. Føremålet var å auke forståinga av korleis nettverk og møteplassar på ein best mogleg måte kan bidra til kunnskapsdeling, erfaringsutveksling og læring. Kartlegginga seier noko om kva nettverk og møteplassar som finst, korleis dei fungerer og kva erfaringar og behov leiarane i målgruppa uttrykker.

Rapportside

Evaluering av Utdanningsdirektoratet

Siden etableringen i 2004 har Utdanningsdirektoratet vært igjennom en sterk vekst både i bemanning og oppgaver. Dette har bidratt til å heve kvalitetsnivået i sektoren og å øke kunnskapen om tilstanden i sektoren. Alt i alt står utdanningsmyndighetene nå langt bedre rustet til å føre en ambisiøs politikk på området enn for 10 år siden. Samtidig har direktoratet en rekke utviklingsbehov å arbeide med både i forholdet til departementet, til kommunesektoren og når det gjelder samordning.

Rapportside

Bruk av sektoranalysar og evalueringar. Ei kartlegging

Kartlegginga gir ei skildring av korleis ordningar for analysar med ulike føremål er utforma i nokre andre land og samanfattar erfaringar frå tidlegare norske ordningar, mellom anna frå områdegjennomgangar. Den presenterer viktige funn og moglege læringspunkt med utgangpunkt i kartlegginga som kan vere relevante for norske ordningar.

Rapportside

Digitale barrierar på norske nettstader

Difi har gjennomført ei større statusmåling om universell utforming på norske nettsider. Målinga skal bidra til å finne risikoområde som gjer det vanskeleg eller umogleg for mange å bruke nettbaserte løysingar. Bank, media og reise og transport peikar seg ut med dårleg score i denne målinga.

Rapportside

Gjennomgang av det statlege forbrukarapparatet

Forbrukarapparatet består av svært sjølvstendige organisasjonar som oppnår gode resultat kvar for seg. Men apparatet som heilskap framstår etter Difi si meining som fragmentert og mindre føremåls- og kostnadseffektivt enn nødvendig.