Nettverk og møteplassar for leiarar i staten

På oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet har Difi gjort ei kartlegging av kva nettverk og møteplassar som finst for leiarar i staten. Føremålet var å auke forståinga av korleis nettverk og møteplassar på ein best mogleg måte kan bidra til kunnskapsdeling, erfaringsutveksling og læring. Kartlegginga seier noko om kva nettverk og møteplassar som finst, korleis dei fungerer og kva erfaringar og behov leiarane i målgruppa uttrykker.

Difi-notat 2015:2
Kompetanse
Ledelse

Det finst eit breitt og mangfaldig tilbod av møteplassar og nettverk for leiarar i staten. Kartlegginga viser at særleg nettverksomgrepet vert brukt om svært ulike tiltak, alt frå dei små, personlege og uformelle nettverka til store møteplassar som opne seminar og konferansar. Tilbodet er større i Oslo og Austlandsområdet enn regionalt. Nettverk og møteplassar vert arrangerte i regi av offentlege aktørar, kommersielle aktørar og ulike typar organisasjonar (interesse/bransje/fagforeining).

Leiarar oppsøker og deltar i nettverk ut frå eit ønske om erfaringsutveksling med likesinna. Fagleg relevans er viktig, og det som vert opplevd fagleg kan vere knytt til både rolle, funksjon, fag og leiing. På nettverksmøta vert det gjerne diskutert konkrete utfordringar som bidrar til å støtte deltakarane i utøvinga av si leiarrolle.

Nettverk ser ut til å fungere best når dei tar utgangspunkt i rolle snarare enn person, når dagsorden vert styrt av deltakarane, erfaringsutveksling er eit mål, talet på deltakarar ikkje er for høgt og det er knytt klare forventningar til organisering og form på nettverksmøta. Storleik ser ut til å vere avgjerande for opplevd forplikting til å delta og bidra.

Difi anbefaler:

  • ei opprydding i omgrepsbruken, slik at «nettverk» vert brukt om eit strukturert tilbod til ei avgrensa gruppe som følger visse formkrav.
  • at nettverk primært vert forstått som eit verkemiddel for læring og ikkje styring. Læringa i nettverk oppstår i møtet mellom dei som deltar, i tråd med eit læringssyn som som seier at læring skjer i samhandling med andre og som ein prosess i "praksisfellesskap".
  • at nye nettverk vert oppretta som ein del av den heilskaplege satsinga på leiing i staten, og ikkje som uavhengige tiltak.
  • at heile målgruppa «leiarar i staten» må varetakast, men at det regionale tilbodet først og fremst bør utvidast med nye møteplassar der det vert lagt til rette for uformell nettverksbygging.
Oppdatert: 22. mai 2020

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.