DFØ og forvaltninga av økonomiregelverket i 2020

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har frå Finansdepartementet fått delegert ansvaret for å forvalte økonomiregelverket.

DFØ-rapport 2021:4
Regelverk
Styring

I tildelingsbrevet for 2021 har vi fått i oppdrag å utarbeide ein årleg rapport til departementet om forvaltinga av økonomiregelverket. Rapporten skal peike på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som er komne fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen for revisjonsåret 2019. Vidare skal rapporten orientere om strategisk viktige enkeltoppgåver for DFØ på regelverksområdet i 2021. 

Formålet med rapporten er å gi Finansdepartementet eit grunnlag for å vurdere måten DFØ har forvalta økonomiregelverket på i det enkelte året.

Oppdatert: 15. juni 2021

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord