Noen av våre PowerBI figurer fungerer ikke som de skal, vi jobber med saken! 

Opphøyr av ei statleg verksemd

Oppgåver for perioden frå avgjerd fram til verksemda stansar. Her finn du sjekklister for verksemda og departementet.

Sjekklister for opphøyrsaktivitetar i verksemda

Dialogen med overordna departement

Det er viktig med eit godt samarbeid mellom departement og verksemd for å bidra til best
mogleg opphøyr av verksemda. Vedtak om opphøyr må formaliserast i eit tildelingsbrev, og det må sette klare rammer for kvar enkelt verksemd si rolle, ansvar, oppgåver og eventuelle krav i sjølve opphøyrsperioden.

Behovet for å fastsette detaljerte krav til denne perioden vil variere. Ved organisasjonsendringar blir også behovet forsterka for dialog. Departement og verksemd har eit felles ansvar for ein god styringsdialog med ei god forventningsavklaring.

Kor lang tid skal vi sette av?

Frå avgjerda om opphøyr er teke og til den statlege verksemda stansar, er det mange aktivitetar som må gjennomførast. Det er viktig å sette av tilstrekkeleg tid til dette. Det som vanlegvis tek mest tid, og som det er viktig å starte med først, er handtering av personalet og korleis verksemda skal avvikle avtalar slik som leie av lokale. Nokre aktivitetar, til dømes det å planlegge avslutning av rekneskap, må vere vareteke i god tid før verksemda er formelt stansa.

Det bør gå minst ni månader frå avgjerda om opphøyr til verksemda skal vere avslutta. Ved større endringar bør det vere eit tidsperspektiv på minst eit år. Ta omsyn til at det kan vere periodar med redusert kapasitet, som til dømes sommarferie, når de bereknar kor lang tid det bør ta.

Oppdatert: 18. mars 2025

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.