Delårsrekneskapsrapportane er oppdaterte

Vi har lagt ut oppdaterte rapportar for delårsrekneskap i rekneskapssystemet Unit4 ERP. Rapportane fyller ut delårsrekneskapet basert på informasjon frå rekneskapet, og kan nyttast som eit grunnlag for arbeidet med andre delårsrapportering.

Delårsrekneskapsrapportane er oppdaterte for kundar med følgjande tilknytingsform og føringsprinsipp:

  • Bruttobudsjetterte verksemder som fører rekneskapet etter SRS
  • Bruttobudsjetterte verksemder som fører rekneskapet etter 1. år SRS
  • Bruttobudsjetterte verksemder som fører rekneskapet etter kontantprinsipp
  • Nettobudsjetterte verksemder

Rapportmalane hentar tal frå rekneskapet i Unit4 ERP og er meint som eit hjelpemiddel når det skal utarbeidast delårsrekneskap for 2. tertial. Det er viktig at de alltid kontrollerar tala, då det kan oppstå avvik mellom det som kjem fram i rapportane og det som er bokført i rekneskapet.

Meir informasjon finn de på kundesidane

På kundesidane har vi beskrive korleis de tar ut rapporten frå rekneskapet. Her finn de og informasjon om endringar i rapportane og tips til kva de bør kontrollera når de fyller ut delårsrekneskapet.

Delårs- og årsregnskap

Det er deira eigardepartement som fastset om og kor ofte delårsrapportering skal skje, og kva for krav som gjeld for denne rapporteringa.

Publisert: 25. august 2025

Kontakt

kundesenter for regnskap

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.