Tolkningsuttalelse om bruk av betalingskort ved reiser

Uttalelsen gjelder bruk av betalingskort ved reiser, jf. Finansdepartementets rundskriv R-105 om bruk av betalingskort i statlige virksomheter ved kjøp av varer og tjenester. Herunder omtales antall deltakere og bruk av firmakort med bedriftsansvar henholdsvis ved bestilling av reiser og på tjenestereiser. Uttalelsen henviser til bestemmelsene punkt 3.7.3.5 og rundskriv R-105.

Tolkningsuttalelse fra DFØ publisert i 2011

På bakgrunn av at Direktoratet for økonomistyring (DFØ) har fått fleire spørsmål frå statlege verksemder om tolking av Rundskriv 105 – Bruk av betalingskort i statlege verksemder ved kjøp av varer og tenester, datert 11.11.2015, vil vi komme med følgjande presiseringar:

  1. Rundskrivet skil ikkje mellom reiser der éin eller fleire personar deltek. Det vil eventuelt vere opp til verksemda å fastsetje interne retningslinjer for det, jf. pkt. 4, avsnitt 2 i rundskrivet.
  2. Rundskrivet opnar for at verksemda kan bestille reiser som fell innanfor kategorien "mindre kjøp", ved hjelp av eit verksemdskort (firmakort med bedriftsansvar), jf. pkt. 4, avsnitt 3 i rundskrivet. Slik bestilling kan til dømes skje over Internett. Det kan vere bestilling for éin eller fleire personar ved hjelp av same kortet. Nærmare reglar må i så fall fastsetjast i retningslinjene verksemda utarbeider. Firmakort med personleg ansvar kan sjølvsagt òg brukast til slike bestillingar.
  3. Verksemdskort skal vanlegvis ikkje brukast på tenestereiser, jf. pkt. 4, avsnitt 4 og pkt. 5, avsnitt 2. Rundskrivet opnar likevel for avgrensa bruk etter nærmare retningslinjer som verksemda har fastsett. Det er i denne samanhengen omtalt som døme å knyte verksemdskort til bruk av bestemte transportmiddel, jf. såkalla taxikort.
Oppdatert: 22. januar 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.