Utanforskapens moglegheiter. Om norsk påverknad innanfor EØS

Difi har kartlagt Noregs moglegheiter til å påverke EU i EØS-saker. Undersøkinga viser at norsk forvalting stort sett bruker moglegheita til å påverke på en god og meir systematisk, samordna og profesjonell måte no enn i 2001.

Difi-rapport 2016:7
Kompetanse
Norge og EU/EØS
Organisering
Samordning

Regjeringa sitt arbeidsprogram for EØS-saker, med tilhøyrande strategiarbeid på departementsnivå, ser ut til å ha gitt større merksemd om desse sakene. Samtidig viser våre undersøkingar at det er rom for forbetringar, ikkje minst når det gjeld samordning mellom forvaltningsorgana.

Difis mål for prosjektet var først og fremst å auke kunnskapen om kva utfordringar endringar i EUs vedtaksstrukturar har medført for norske myndigheiter sine moglegheiter til å påverke innanfor EØS-samarbeidet. Vi har kartlagt dei viktigaste implikasjonane av endringane i EU-systemet slik forvaltinga oppfattar det. For Difi er det eit sentralt mål å gi ei oversikt over viktige endringar, og dermed styrke kunnskapsgrunnlaget i ei ny EU-verkelegheit. Vi gir også døme på korleis einskildsektorar har handtert denne nye verkelegheita. I vår rapport har vi særleg gått inn på EØS-arbeidet i mat- og energisektorane.

Det har vore sentralt for oss å

  1. vurdere i kva grad Difi sine tidlegare råd til forvaltinga er følgde opp
  2. gi nye råd basert på ny informasjon

Nokre hovudfunn og anbefalingar:

  • Den overordna vurderinga til Difi er at forvaltinga handterer dei fleste EØS-saker tilfredsstillande. Dei fleste sektorane har velfungerande system på plass for å handtere EØS-saker på same måte som andre saker. Nokre sektorar, spesielt Klima- og miljødepartementet (KLD), «matdepartementa» (Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet) og Olje- og energidepartementet (OED), har løfta sitt arbeid samanlikna med tilstandsbeskrivinga i Difi-rapportar frå årtusenskiftet. Vår konklusjon er at forvaltinga jobbar godt med påverknadsarbeidet, gitt rammene i EØS-avtalen.
  • Endringane som er gjort i samband med etableringa av ein ministerpost for EØS-saker har hatt effekt. Dette kjem særleg til uttrykk i det årlege arbeidet med regjeringa sitt arbeidsprogram for EØS-saker. Fleire av departementa fortel at den auka merksemda om EØS-saker har gjort det lettare å tvinge fram prioriteringar.
  • Vi meiner at ordninga med nasjonale ekspertar bør greiast ut. Som eit minimum bør departementa/direktorata som sender nasjonale ekspertar avklare kva dei ønsker å oppnå med ordninga. I tillegg bør dei framvise ein plan for førebuingar før avreise, oppfølging av den tilsette under opphaldet i Brussel samt skissere korleis og på kva måte den einskilde nasjonale ekspert vil gi nytte for departementet.
  • Vi meiner at det er heilt sentralt å bygge vidare på det gode arbeidet med regjeringa sitt arbeidsprogram.
  • Vi meiner det er eit sentralt poeng å sørge for klare leiardepartement i interdepartementale samordningssaker, for å unngå at saker stopper opp og at politisk nivå vert involverte for avklaring når det er nødvendig.

Om undersøkinga

Difi har gjennomført denne undersøkinga på oppdrag frå Utanriksdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I undersøkinga har vi primært henta inn informasjon gjennom semistrukturerte intervju hos myndigheitene. Vi har intervjua 64 personar, med 57 intervju. Grovt sett kan informantane fordelast på fem kategoriar:

  1. EØS-koordinatorar i departementa
  2. tilsette ved EU-delegasjonen i Brussel
  3. tilsette i Mattilsynet og i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)
  4. tilsette i EU-kommisjonen med kjennskap til Noregs deltaking
  5. toppleiarar

Vi har også gjort ein dokumentstudie, og mellom anna gått gjennom tidlegare utgreiingar i Noreg og Sverige. Ei referansegruppe som var sett saman av sentrale personar frå myndigheiter, privat næringsliv og akademia har gitt nyttige innspel undervegs og bidratt til å kvalitetssikre arbeidet vårt.

Oppdatert: 22. mai 2020

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.