Statlege selskap og føretak med sektorpolitiske mål. Ei kartlegging av styringshøve og faktisk bruk av verkemiddel.

Føremålet med kartlegginga har vore å skaffe fram kunnskap om korleis staten styrer heileigde selskap og føretak med sektorpolitiske oppgåver. Kartlegginga femner om i alt tretti selskap og føretak.

Difi-rapport 2011:5
Styring

Desse dekkjer ulike sektorar og samfunnsområde, og det er stor variasjon mellom dei når det gjeld mål og oppgåver, størrelse og kompleksitet, og graden av kommersiell drift og konkurranse i dei marknadane dei opererer i. Eigarskapen er delt mellom ulike departement.

Kartlegginga syner at staten har ei rekkje verkemiddel til sin disposisjon, og at desse verkemidla vert brukt i ulike kombinasjonar i styringa av dei aktuelle selskapa og føretaka. Tett kopling mellom bruken av dei ulike styringsverkemidla gjer det vanskeleg å peike ut eitt eller fleire verkemiddel som det eller dei viktigaste. Selskapslovgjevinga og anna relevant regulering fastset i stor grad kva for verkemiddel ein skal eller kan nytta i styringa av kvart enkelt, konkret tilfelle. Sektordepartementa har samstundes eit monaleg handlingsrom til å forme ut bruken av relevante verkemiddel.

Oppdatert: 22. mai 2020

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.