Rettleiar om utskiljing av verksemd frå staten

Frå stat til marknad. Rettleiar om utskiljing av verksemd frå staten.

Veileder 2014:1
Organisering

Rettleiaren er først og fremst meint å vere eit praktisk hjelpemiddel for departementa i arbeidet med å førebu og gjennomføre politiske vedtak om å skilje ut verksemder eller deler av verksemder frå staten. Føremålet med rettleiaren er å auke kunnskapen om forhold som må vurderast i samband med utskiljing av ei verksemd frå staten og etablering av verksemda som eige rettssubjekt. Rettleiaren vil også vere nyttig for verksemder som er under omstilling eller der det er aktuelt å etablere heile eller deler av verksemder som eit eige rettssubjekt. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har gitt Difi oppdraget å revidere rettleiaren.

I rettleiaren vert det mellom anna diskutert:

  • Grunnlaget for å vurdere om ei utskiljing er føremålstenleg eller ikkje.
  • Forhold som må avklarast før endeleg avgjersle om utskiljing vert tatt.
  • Forhold som er sentrale i samband med sjølve fristillinga.
  • Forhold som det er viktig å vere merksam på i tida etter at utskiljinga har skjedd.

Den oppdaterte rettleiaren erstattar rettleiaren «Fra stat til marked» som Moderniseringsdepartementet ga ut i 2005.

Oppdatert: 22. mai 2020

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.