Innovasjon i offentleg sektor – både heilskap og mangfald

Sidan 2010 har nokre sentrale aktørar auka sin kompetanse og innsikt på fagområdet innovasjon. Likevel er det uklart om innovasjonskrafta er sterk nok, om ansvaret for innovasjon i offentleg sektor er for fragmentert og om det er behov for å tenkje nytt om korleis vi kan styrke innovasjonsarbeidet.

Difi-rapport 2017:1
Organisering
Samordning

Det er bakgrunnen for at Difi fikk følgande oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet i tildelingsbrevet for 2016:

«Ansvaret for innovasjon i offentlig sektor er fragmentert. Difi skal invitere KS, Innovasjon Norge og andre relevante aktører til en diskusjon om mulige alternativer for en mer helhetlig, nasjonal pådriver for innovasjon i offentlig sektor. Difi skal så gi sin vurdering til KMD på selvstendig grunnlag.»

Denne rapporten gir eit breitt bilete av kva aktørar som gjer kva på innovasjonsområdet i offentleg sektor i dag. Våre funn viser at innsatsen må styrkast for å realisere dei politiske ambisjonane, men forventninga til rolla som nasjonal pådrivar for innovasjon spriker. Vår konklusjon er at éin innovasjonsaktør ikkje kan ha rolla åleine, men at rollene og samarbeidet mellom dei mest sentrale aktørane bør tydeleggjerast og styrkast.

På grunnlag av kartlegging og analyse, anbefaler vi følgande konkrete tiltak:

  1. utarbeide ein nasjonal strategi for innovasjon i offentleg sektor
  2. koordinere og målrette tilskot og stimuleringsordningar frå ulike departement betre
  3. etablere eit innovasjonslaboratorium for at offentlege verksemder skal kunne eksperimentere med nye innovative løysingar
  4. innføre ei hospiteringsordning der ressurspersonar kan jobbe i andre sine prosjekt 2–3 månader
  5. etablere eit innovasjonsnettverk for leiarar anten som eit nytt tilbod eller ved å la innovasjon verte eit sentralt tema i eksisterande nettverk blant leiarar
  6. etablere eit fast forum for dei offentlege innovasjonsaktørane/-pådrivarane Difi, Forskningsrådet, KS, Innovasjon Norge, DogA og Helsedirektoratet/ Direktoratet for e-helse. Føremålet er å kome fram til konkrete forslag til løysingar på dei svakheitene denne rapporten peiker på, og følge opp anbefalingane.
Oppdatert: 22. mai 2020

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.