Forbrukarapparatet består av svært sjølvstendige organisasjonar som oppnår gode resultat kvar for seg. Men apparatet som heilskap framstår etter Difi si meining som fragmentert og mindre føremåls- og kostnadseffektivt enn nødvendig.
Difi-rapporten framhevar at eit fragmentert apparat svekker Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sine moglegheiter for heilskapleg styring av forvaltingsoppgåvene på forbrukarområdet. Det reduserer departementets grunnlag for utforming av politikken på området og gjer moglegheitene for gjennomslag for forbrukarsaker på andre politikkområde, mindre.
Difi meiner kombinasjonen av interessepolitikk og forvaltingsoppgåver i Forbrukerrådet er uryddig og svekker legitimiteten deira i rolla som forvaltingsorgan – kanskje også i rolla som interesseorgan. Forbrukerrådets organisering med mange små einingar er neppe kostnadseffektiv. Den gir økt sårbarheit og kvalitetsmessige utfordringar.
Difi peiker også på at Forbrukarombodets namn bidrar til uklarheit. Forbrukarombodet fører tilsyn etter marknadsføringslova og har inga spesiell ombodsrolle.
På bakgrunn av desse vurderingane anbefaler Difi m.a. følgande:
- Interesseorganrollen bør skiljast frå ansvaret for oppgåver med forvaltingsmessig karakter – som klagebehandling og mekling
- Myndigheitsoppgåver, forvaltingsoppgåver og andre oppgåver med forvaltingskarakter bør i større grad sjåast i samanheng og organiserast samla i eit organ under Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet
- Organisering av arbeidsoppgåver i regionapparatet, og tal og storleik på regionkontora, bør vurderast