Vår hovudkonklusjon er at Fiskeridirektoratet vert opplevd som ei fagleg solid verksemd som i all hovudsak leverer gode resultat. Forbetringane vi peiker på handlar dels om tydeleggjering og balansering av direktoratets iverksettande og faglege rollar, og dels om utviklinga av faglege funksjonar.
Difi-rapport 2015:1
Organisering
Styring
Tilsyn
På bakgrunn av funna i kartlegginga og dei utfordringane direktoratet står overfor i form av m.a. endringar i næringa, teknologisk utvikling og avgrensa budsjettrammer, vil vi trekke fram nokre forbetringsområde for Fiskeridirektoratet:
- Balansere og tydeleggjere direktoratet sine roller på dei ulike fagområda
- Utvikle ei tydelegare og meir heilskapleg styring av regionane, m.a. ved å klargjere hovudkontorets direktoratsfunksjon
- Vidareutvikle tilsynsrolla både på fiskeri- og havbruksområdet
- Avklare rollar og ansvar mellom departement og direktorat
- Endre organiseringa, m.a. ved å redusere talet på regionar
- Legge til rette for ein meir fleksibel og utviklingsorientert organisasjon, m.a. gjennom å utarbeide ein personal- og kompetansestrategi og styrke samarbeidet mellom avdelingane