I dette notatet har vi vurdert i kva grad dei intenderte effektane av samanslåinga av Klima- og forureiningstilsynet og Direktoratet for naturforvalting er vortne realiserte, og om det er eventuelle ikkje-intenderte effektar som det er verdt å gjere greie for. Vidare har vi søkt å identifisere vidare forbetringspotensial i måten Miljødirektoratet vert drive i dag.
Regjeringa gjennomførte ein områdegjennomgang av miljøforvaltinga i 2016. Som ein del av dette arbeidet fekk Difi i oppdrag å undersøke effektane av omorganiseringa av Miljødirektoratet som fann stad i 2013.
Samanslåinga skulle bidra til meir heilskapleg miljøforvalting, meir avveging mellom miljøomsyn og andre samfunnsomsyn, rolleklarheit, forenkla og straumlinjeforma etatsstyring og tilsvarande for styringa av fylkesmannen. Etter vårt skjønn er desse måla til dels nådd og til dels i ferd med å verte nådd. Det vil seie at der det er eit stykke igjen, går det i riktig retning. Slik sett meiner Difi i sum at samanslåinga har vore vellukka.
I rapporten peiker vi også på område der forvaltinga ikkje fungerer tilfredsstillande og der det kan vere behov for auka ressursbruk. Samtidig peiker vi på område der det kan vere eit potensial for å hente ut meir synergiar og fagleg samordning.
Difi anbefaler å betre styringa av fylkesmannen, vurdere organiseringa av Statens naturoppsyn, styrke handlingsrommet til leiinga, ta tak i samordningsutfordringar og auke bruken av fellestenester.