DFØ og forvaltinga av utgreiingsinstruksen i 2019

Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) har på vegner av Finansdepartementet ansvaret for å forvalte utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket. Formålet med den årlege rapporten om utgreiingsinstruksen er å gi Finansdepartementet eit grunnlag for å vurdere måten DFØ har forvalta utgreiingsinstruksen på i det enkelte året.

DFØ-rapport 2020:6
Regelverk
Styring
  • Kapittel 2 gir ein omtale av organisatoriske rammer, interne retningslinjer og organisering knytt til arbeidet med regelverkssaker.
  • Kapittel 3 inneheld ei oversikt over kor mange gonger departement og statlege verksemder har spurt oss om fortolking og forståing av utgreiingsinstruksen. Vi svarer òg på spørsmål om samfunnsøkonomiske analysar. Nokre av spørsmåla går vi nærmare inn på.
  • Kapittel 4 inneheld ei oversikt over samarbeidet mellom DFØ og andre aktørar om utgreiingsinstruksen.
  • Kapittel 5 beskriv nokre aktivitetar som har vore sentrale i forvaltinga av utgreiingsinstruksen, mellom anna kompetansehevande tiltak som DFØ tilbyr statlege verksemder.
  • Kapittel 6 inneheld ein kort omtale av strategisk viktige enkeltoppgåver for regelverksforvaltinga i 2020.
Oppdatert: 25. september 2020

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord