Hilde Singsaas er i statsråd i dag utnemnd som direktør for DFØ i ein ny periode på seks år. Ho var første gang utnemnd som direktør i 2017.
![Hilde Singsaas](/sites/default/files/styles/wide/public/2022-08/3%20Hilde%20Singsaas%20%28Foto%20Espen%20Sturlasson%29.jpg?itok=uT_Pf0aM)
Foto: Espen Sturlasson
Hilde Singsaas er glad for tilliten og ser fram til ein ny periode som direktør.
– Eg har eit sterkt engasjement for DFØ sitt samfunnsoppdrag. Vi leverer eit breitt spekter av tenester, men felles for dei alle er at vi skal bidra til at forvaltninga utviklar seg i takt med nye moglegheiter og behov, og at verksemdene får mest mogleg ut av ressursane dei har til rådvelde, seier ho.
Singsaas har mellom anna vore kommunikasjonsdirektør i Noregs Bank og direktør i arbeidsgivarforeininga Spekter. Ho har også vore statssekretær i Finansdepartementet og ved Statsministerens kontor.
Publisert: 17. mars 2023