Innbyggarundersøkinga på veg til 60 000 nordmenn

For sjuande gong blir denne omfattande spørjeundersøkinga send ut. Den kartlegg nordmenns tillit og haldningar til offentlege styresmakter, og korleis det er å bu i Noreg.

Undersøkinga skal gi regjeringa og forvaltninga eit betre kunnskapsgrunnlag for å vurdere utviklinga av offentlege tenester på tvers av sektorar. Den skal også gi kunnskap som kan bidra til å vidareutvikle tenestene hos offentlege verksemder. I tillegg fokuserer vi spesielt på folks tillit til styresmaktene.

DFØ og Norsk Gallup sender han ut no

Innbyggarundersøkinga blir send ut av Norsk Gallup på vegner av DFØ. Du kan sjå at invitasjonen er frå oss når avsendaren sin e-post er survey@norskgallup.no.

DFØ sender ut omkring 8 000 brev i posten og 52 000 brev via e-post. Ein del innbyggarar som er registrerte i Kontakt- og reservasjonsregister (KRR) får brev på papir. I tillegg vil dei eldste innbyggarane bli prioriterte når det gjeld postutsending.

Personvernet blir vareteke

Norsk Gallup assisterer DFØ i datainnsamlinga. Det er frivillig å delta i undersøkinga, og alle svar er konfidensielle. I alle data som kjem inn vil namn bli erstatta av eit nummer. Koplinga mellom namn og spørjeskjemaet vil bli sletta innan 6 månedar. Det vil altså ikkje vere mogleg å spore svar til enkeltindivid etter det. Fram til då kan ein når som helst trekkje seg frå undersøkinga og krevje at opplysningane blir fjerna.

Har du spørsmål eller treng hjelp?

Har du spørsmål til undersøkinga eller utfyllinga av skjemaet, kontakt Norsk Gallup på e-post: gallup-undersokelse@tns-gallup.no. Norsk Gallup gjennomfører datainnsamlinga på oppdrag for Kantar Public.

Utvalet er henta frå Folkeregisteret. Deltaking i undersøkinga inneber samtykke til behandling av personopplysningane dine. Viss du har spørsmål kan du kontakte DFØs personvernombod på e-post personvern@dfo.no.

Resultat kjem våren 2024

Etter innsamling og analyse presenterer DFØ resultata i første kvartal av 2024.

Publisert: 21. september 2023 Oppdatert: 9. oktober 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.