Varsel om gjennomføring og fristar i høve lisensteljing for alle lønnskundar.
Bakgrunn
Lisensteljing blir gjennomført i forkant av kvart kvartal. Prosedyren er skildra i sjekklista “Lisenstelling for fakturering av lisenser og drift”, datert 16. desember 2022. Sjekklista er tilgjengeleg i DFØ Brukardokumentasjon.
Gjennomføring og fristar
DFØ vil gjennomføra lisensteljing i perioden 29. april til 24. mai 2024.
Punkt 7 og 13 i sjekklista er dei viktigaste punkta for kundane.
DFØ Brukardokumentasjon
Fristen for tilbakemelding etter kontroll av teljeresultat er 10. mai 2024 (sjekklista pkt. 7), og for fakturagrunnlaget 23. mai 2024 (sjekklista pkt. 13).