Varsel om gjennomføring og fristar i høve lisensteljing for alle lønnskundar.
Bakgrunn
Lisensteljing blir gjennomført i forkant av kvart kvartal. Prosedyren er skildra i sjekklista “Lisenstelling for fakturering av lisenser og drift”, datert 16. desember 2022. Sjekklista er tilgjengeleg i DFØ Brukardokumentasjon.
Gjennomføring og fristar
DFØ vil gjennomføra lisensteljing i perioden 23. november til 14. desember 2023.
Punkt 7 og 13 i sjekklista er dei viktigaste punkta for kundane.
Fristen for tilbakemelding etter kontroll av teljeresultat er 04. desember 2023 (sjekklista pkt. 7), og for fakturagrunnlaget 13. desember 2023 (sjekklista pkt. 13).