Kapittel

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2022

Som ein del av forvaltingsansvaret for utgreiingsinstruksen og fagområdet samfunnsøkonomisk analyse vil DFØ arbeide for stadig å vidareutvikle kompetansetilbodet vårt til departement og underliggjande etatar.

I 2022 blir dette dei viktigaste strategiske enkeltoppgåvene som vil krevje mest ressursar:

  • vidareutvikle kompetansetilbodet vårt, medrekna oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar og DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen
  • bistå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) med å utvikle ein rettleiar for utgreiing av objekt- og infrastruktursikring
  • kontinuerleg arbeide med å innarbeide utgreiingsinstruksen i dei andre av DFØ sine fagområde og tenester
  • delta i styringsgruppa til Nettverk for rettslige styringsinstrumenter
  • koordinere norsk deltaking i OECD-komiteen Regulatory Policy Committee
  • etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Nedanfor gir vi ei meir utfyllande beskriving av desse enkeltoppgåvene.

Oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

Vi skal i 2022 revidere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar. Rettleiaren frå 2018 må oppdaterast for å ta inn nyare metodiske vurderingar, møte behov vi har fanga opp i dialogen vår med brukarar, og styrkje den pedagogiske framstillinga. Vi har oppretta ei referansegruppe beståande av departement og underliggjande etatar. I tillegg får vi bistand frå ein ekstern konsulent med brei erfaring og kompetanse innanfor samfunnsøkonomiske analysar.

Dessutan ønskjer vi å bidra til ei meir heilskapleg rettleiing på fagområdet og skal derfor òg justere rettleiinga vår til FIN sitt arbeid med å etablere ein rettleiar for konseptvalutgreiingar innanfor prosjektmodellen i staten.

Den oppdaterte SØA-rettleiaren blir publisert på DFØ sine nettsider i løpet av hausten 2022.

Oppdatere DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen

DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen skal oppdaterast i løpet av 2022. Basert på innspel og dialog med brukarane våre har vi fanga opp ei rekkje mindre endringsforslag. Bakgrunnen for revideringa er behovet for oppdateringar på EØS-området, både endringar i sjølve instruksen og endringar i rettleiinga om denne typen saker.

Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod  

DFØ har fokus på ei kontinuerleg betring av kompetansetenestene våre innan utgreiings-instruksen og samfunnsøkonomiske analysar, basert på DFØ si statusmåling om utgreiingar av statlege tiltak6 samt evalueringar og tilbakemeldingar frå brukarane våre. Kompetansetilbodet vårt består av kurs, rettleiing, nettverk og rådgiving (sjå kapittel 5).

DFØ prøver stadig ut nye og meir effektive måtar å formidle kunnskap til brukarane våre på. Vi har dei siste to åra opparbeidd ein god kompetanse med å tilby digitale kurs og nettverksmøte.

I 2022 skal vi tilby både digitale og fysiske kurs innanfor utgreiingsinstruksen og samfunns-økonomiske analysar. Fordelen med digitale kurs er at ein større del av målgruppa vår vil ha sjansen til å delta. Det er i tillegg eit meir budsjett- og miljøvennleg alternativ. Samtidig ønskjer vi å tilby fysiske kurs ettersom denne kursforma i noko større grad eignar seg til fagdiskusjon og gruppearbeid. Tilbakemeldingar frå kursdeltakarane viser at både fysiske og digitale kurs fungerer godt.

Når det gjeld møta i DFØ sitt nettverk innan samfunnsøkonomisk analyse, kjem desse i 2022 til å vere fysiske. Eit viktig formål med nettverket er nemleg å kunne utveksle erfaringar og kompetanse. I tillegg skal vi òg gjere videopptak tilgjengeleg i etterkant av nettverksmøta, slik at vi kan nå ut til eit større publikum.

Vi ser òg eit behov for å ta på oss nokre oppgåver som i større grad inneber praktisk kompetanse med samfunnsøkonomiske analysar. Det gir oss nyttig læring inn i arbeidet med å forvalte utgreiingsinstruksen og utvikle eksisterande rettleiarar og kompetansetilbodet elles. Eit viktig skritt i denne retninga er at FIN gir oss moglegheit til å følgje enkelte kvalitetssikringsoppdrag under prosjektmodellen i staten. Bistand til rettleiar om utgreiing av objekt- og infrastruktur-sikring vil òg bidra til meir sektorspesifikk kompetanse (sjå avsnittet under).

Våren 2022 skal vi saman med FIN delta som sparringspartnar i samband med at det skal gjerast ein KS1 av konseptvalutgreiing (KVU) av oppgraderinga av Troll – Noreg sin forskingsstasjon i Antarktis. Dette er ei KVU som Klima- og miljødepartementet har ansvar for, og departementet har samtykt i at DFØ følgjer dette oppdraget. Å følgje dette arbeidet vil gi DFØ innsikt i praktiske og faglege problemstillingar ein står overfor i konkrete utgreiingar. Det er avtalt med FIN at vi skal evaluere DFØ si rolle og bistand i etterkant av oppdraget, som grunnlag for å vurdere korleis vi eventuelt bør bistå ved moglege framtidige oppdrag.

Bistå med å utarbeide rettleiar om utgreiing av objekt- og infrastruktursikring

DFØ har i supplerande tildelingsbrev av oktober 2021 og i tildelingsbrev for 2022 frå FIN fått i oppdrag å bistå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) med å utarbeide ein rettleiar for utgreiing av førebyggjande tryggingstiltak retta mot objekt og infrastruktur. Dette er eit oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Finansdepartementet. Bakgrunnen for oppdraget er at det framover må gjerast strenge prioriteringar av offentlege tiltak. Det må sjåast i samanheng med at det økonomiske handlingsrommet i tida framover blir meir avgrensa. Rettleiaren skal etter planen vere ferdig innan primo juni 2022.

Som ein del av oppdraget skal det òg utarbeidast kriterium for vurdering av satsingsforslag i saker om førebyggjande objekt- og infrastrukturtrygging innan 1. desember 2022.

Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

Gode avgjerdsgrunnlag er eit sentralt element for fleire av fagområda innan styringsområdet, som er regulert i økonomiregelverket. DFØ skal arbeide vidare med å synleggjere bodskap om rolla og funksjonen til utgreiingsinstruksen innan område som etatsstyring, verksemdsstyring og tilskotsforvalting (jamfør kapittel 5.2). Utgreiingar i samsvar med instruksen er sentralt for at statlege verksemder skal ha eit avgjerdsgrunnlag av god kvalitet i styringa. Ulike studiar viser at mangelfulle avgjerdsgrunnlag er ei utfordring i styringa.7

Vidare har DFØ ansvar for fagområdet leiing i staten og tilbyr i den samanhengen ei rekkje kurs på Læringsplattformen. Det å synleggjere kva rolle og funksjon utgreiingsinstruksen har, er viktig innanfor enkelte delar av dette kurstilbodet. Eit eksempel er «Ny leder i staten», som blei lansert i fjor som eit digitalt kurstilbod. Kurset inneheld til saman 15 sprintar innanfor ulike tema. Ein av sprintane handlar om kor viktig det er med gode avgjerdsgrunnlag, og krava i utgreiingsinstruksen (jamfør kapittel 5.2).

Enhet for offentlig ressursbruk i DFØ arbeider med auka kunnskap om og merksemd rundt god bruk av offentlege ressursar, mellom anna gjennom arbeid med områdegjennomgangar. Spørsmåla i utgreiingsinstruksen er grunnleggjande for å gjere slike vurderingar på ein god måte. Framover skal vi arbeide med å sjå det DFØ gjer på områdegjennomgangar, endå meir i samanheng med forvaltinga av utgreiingsinstruksen.

Nettverk for regelverksforvaltning

DFØ skal halde fram med å vere medlem i styringsgruppa for «Nettverk for regelverks-forvaltning» (tidlegare kalla Nettverk for rettslige styringsinstrumenter) saman med representantar frå Forsvaret, DSB, Politidirektoratet og Skatteetaten (jamfør kapittel 5.1). I tillegg skal vi ha eit administrativt ansvar.  Vi tek sikte på å arrangere eitt nettverksmøte i halvåret. Første halvår 2022 er det planlagt eit møte om etterleving av regelverk og åtferdsteori.

Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

DFØ vurderer å delta i OECD sin Regulatory Committee (RPC) som ein nyttig og relevant lærings- og nettverksarena innan reguleringsarbeid (jamfør kapittel 5.3). DFØ skal følgje opp ansvaret som nasjonal koordinator ved å vere ein aktiv aktør som legg til rette for eit godt samarbeid nasjonalt og internasjonalt.

Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

DFØ vil hausten 2022 starte med å førebu ei ny statusmåling om kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak. Førre statusmåling blei publisert i februar 2020.8 Denne studien viste at det framleis er store svakheiter knytte til å oppfylle minimumskravet i instruksen, og det blir i for liten grad gjennomført samfunnsøkonomiske analysar. I tillegg blir ikkje prosesskrava oppfylt godt nok.

Vi skal vurdere om det bør gjerast nokon endringar ved neste statusmåling. Mellom anna skal vi vurdere korleis vi kan fange opp eit større utval av utgreiingar. I førre måling var det i hovudsaka utgreiingar innanfor regelverksområdet som blei fanga opp.

Fotnoter

6Sjå rapport på nettstaden til DFØ: Tilfredsstiller statlege utgreiingar krava i utgreiingsinstruksen? Statusmåling 2019 – DFØ (dfo.no)

7Sjå mellom anna rapporten https://www.difi.no/rapport/2019/04/departementene-i-forersetet-omstilling

8Sjå rapport på nettstaden til DFØ: Tilfredsstiller statlege utgreiingar krava i utgreiingsinstruksen? Statusmåling 2019 – DFØ (dfo.no)

Oppdatert: 23. juni 2022

DFØ-rapport 2022:2 DFØ og forvaltninga av utgreiingsinstruksen 2021

Skriv ut / lag PDF

1. Bakgrunn, formål og avgrensing

2. DFØ – makt, interne retningslinjer og organisering

3. Førespurnadar om instruksen

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

Kort beskriving av den prinsipielle saka:

Ei kort oppsummering av svara på spørsmåla:

3.2 Beskriving av eit utval førespurnadar

Spørsmål om verkeområdet:

Spørsmål om krava til innhald:

Spørsmål om prosesskrava:

4. Samarbeid med andre aktørar

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

5.1 DFØ sitt kompetansetilbod om utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar

Kurstilbodet

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk                                                                      

5.2 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

5.3 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Fotnoter

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2022

Oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

Oppdatere DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen

Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod  

Bistå med å utarbeide rettleiar om utgreiing av objekt- og infrastruktursikring

Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

Nettverk for regelverksforvaltning

Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Fotnoter

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.