DFØ-rapport 2022:2 DFØ og forvaltninga av utgreiingsinstruksen 2021

1. Bakgrunn, formål og avgrensing

Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) har på vegner av Finansdepartementet ansvaret for å forvalte utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket.

Finansdepartementet har i tildelingsbrevet for 2022 gitt DFØ dette oppdraget:

DFØ skal utarbeide årlege rapportar til departementet om eiga forvaltning av høvesvis økonomiregelverket og utgreiingsinstruksen. Rapportane skal peike på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som har komme fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen for revisjonsåret 2020. Rapporten skal vidare orientere om strategisk viktige enkeltoppgåver for DFØ innanfor regelverksområdet i 2022. Rapportane skal sendast til departementet innan 31. mars 2022.

Formålet med den årlege rapporten om utgreiingsinstruksen er å gi Finansdepartementet eit grunnlag for å vurdere DFØ si forvalting av utgreiingsinstruksen det enkelte året.

I kapittel 2 står ein omtale av organisatoriske rammer, interne retningslinjer og organisering knytt til DFØ sitt arbeid med regelverkssaker.

Kapittel 3 inneheld ei oversikt over tal på førespurnadar frå departement og statlege verksemder om tolkinga og forståinga av utgreiingsinstruksen. Vi svarer òg på førespurnadar om samfunnsøkonomiske analysar. Vi beskriv eit utval førespurnadar nærmare.

Kapittel 4 inneheld ei oversikt over DFØ sitt samarbeid med andre aktørar om utgreiingsinstruksen.

Kapittel 5 inneheld ei beskriving av nokre aktivitetar som har vore sentrale i forvaltinga av utgreiingsinstruksen, medrekna DFØ sine kompetansetenester som blir tilbydde til statlege verksemder.

Kapittel 6 inneheld ein kort omtale av strategisk viktige enkeltoppgåver for regelverksforvaltinga i 2022.

I tildelingsbrevet for 2022 står det òg at rapporten skal peike på eventuelle forhold av gjennomgåande karakter som har komme fram i Dokument 1 frå Riksrevisjonen for revisjonsåret 2020. Vi har ikkje funne spesielle forhold knytte til utgreiingsinstruksen i Dokument 1. Regelverksrapporten om utgreiingsinstruksen blir gjennomgått i eit årleg fagmøte med Finansdepartementet og blir deretter publisert på dfo.no. Les rapporten frå i fjor.

2. DFØ – makt, interne retningslinjer og organisering

DFØ forvaltar utgreiingsinstruksen på vegner av Finansdepartementet. Dette ansvaret har vi hatt sidan den reviderte utgreiingsinstruksen tredde i kraft 1. mars 2016. DFØ har òg ansvaret med å forvalte økonomiregelverket, jf. eigen rapport til Finansdepartementet.

Forvaltingsansvaret for utgreiingsinstruksen omfattar å tolke, informere og rettleie om instruksen, vurdere behov for vidareutvikling og gi råd til Finansdepartementet om endringar i instruksen. Vidare skal DFØ oppdatere rettleiaren til utgreiingsinstruksen ved behov. DFØ skal hjelpe til med å innhente kommentarar frå departementa til forslag om vesentlege endringar i rettleiinga og innarbeide desse. Eventuelle endringar i sjølve utgreiingsinstruksen skal gjerast ved ny kongeleg resolusjon, mens vesentlege endringar i rettleiaren må vere forankra hos departementa, eventuelt i regjeringa.

Dersom det kjem spørsmål om utgreiingsinstruksen eller rettleiaren til instruksen som reiser prinsipielle spørsmål, skal desse leggjast fram for Finansdepartementet. Andre aktuelle departement blir involverte ved behov.

DFØ har eit delt rettleiingsansvar med Justis- og beredskapsdepartementet, som har ansvar for føresegnene som gjeld lover og forskrifter (kapittel 4), og med Utanriksdepartementet, som har ansvar for føresegnene om EØS- og Schengen-saker (kapittel 5 og andre kapittel som gjeld denne typen saker).

DFØ si handsaming av førespurnadar er lagd opp etter dokumenterte interne retningslinjer og rutinar. Det blir gjort for å sikre god kvalitet, dokumentasjon og effektivitet. Alle skriftlege svar på førespurnadar blir arkiverte. DFØ tek imot førespurnadane til e-postadressa postmottak@dfo.no.

DFØ har òg ansvar for fagområdet samfunnsøkonomisk analyse, som mellom anna inneber å rettleie og svare på spørsmål om krava i Finansdepartementet sitt rundskriv R-109 om prinsipp og krav ved utarbeiding av samfunnsøkonomiske analysar m.m. Det er ein nær samanheng mellom det rundskrivet og utgreiingsinstruksen. Utgreiingsinstruksen definerer når ein samfunnsøkonomisk analyse er nødvendig, mens rundskrivet fastset korleis ein slik analyse skal gjennomførast.

DFØ si forvalting av utgreiingsinstruksen er organisert i avdeling for forvaltningsanalyse, som ligg i divisjon for styring, organisering og ledelse (SOL). Oppgåver knytte til forvaltinga av utgreiingsinstruksen og fagområdet samfunnsøkonomiske analysar er samla i seksjon for utredning og utvikling.

3. Førespurnadar om instruksen

DFØ handsamar førespurnadar om utgreiingsinstruksen og samfunns-økonomiske analysar frå departement, underliggjande verksemder og allmennheita. Under gir vi ei kort beskriving av omfanget av og kva type førespurnadar DFØ har svart på i 2021.

DFØ svarer òg på ei rekke spørsmål i samband med kurs, innlegg, workshops/seminar og rådgivingsoppdrag, jamfør kapittel 5.

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

I 2021 handsama DFØ til saman 15 førespurnadar om utgreiingsinstruksen og om samfunns-økonomiske analysar i samsvar med Finansdepartementet sitt rundskriv R-109/14, og der éin av desse var av prinsipiell karakter.

Tabell 1 gir ei oversikt over tal på førespurnadar DFØ svarte på i perioden 2019–2021, fordelte på kva tema dei går på i instruksen. Dei fleste førespurnadane DFØ tok imot i løpet av 2021, gjeld innhaldskrava i utgreiingsinstruksen og metode for samfunnsøkonomiske analysar. Dette samsvarer med statistikk frå tidlegare år. Dette er fire førespurnadar mindre enn i 2020.

Tema202120202019
Verkeområdet til utgreiingsinstruksen5  6  2
Innhaldskrava i utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar    8     109
Prosesskrava i utgreiingsinstruksen23 1
Totalt tal på førespurnadar  15   1912
Tabell 1: Tal på førespurnadar i perioden 2019–2021

I 2021 var den gjennomsnittlege sakshandsamingstida på om lag 9 dagar. To av sakene blei svarte ut ved at det blei halde eit møte. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid utanom desse to sakene var på 3 dagar.

I 2021 fekk vi ein førespurnad av prinsipiell karakter, ein type sak som gjerne tek lengre tid å svare på ettersom svaret skal forankrast hos Finansdepartementet. Denne saka blei svart på etter 42 dagar. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid inkludert denne prinsipielle saka var på om lag 11 dagar.

Kort beskriving av den prinsipielle saka:

Finansdepartementet (FIN) fekk ein prinsipiell førespurnad frå Statens vegvesen om prosesskravet i instruksen. Statens vegvesen hadde i forkant av førespurnaden fått nokre råd frå Justis- og beredskapsdepartementet (JD) når det gjaldt første del av førespurnaden. FIN svarte på førespurnaden basert på utkast til svar frå DFØ.

Ei kort oppsummering av svara på spørsmåla:

  • Det første spørsmålet dreidde seg om det er mogleg å delegere makta til å velje å unnlate høyring. Vi svarte at vi var einige i JD si forståing om at det ikkje er høve til å delegere makta til å avgjere høyring, i samsvar med utgreiingsinstruksen punkt 3-3.
  • Det andre spørsmålet gjaldt om det er mogleg å delegere vedtaksmoglegheita (det vil seie moglegheita til å vedta forskriftene om endringane). Vi svarte at utgreiingsinstruksen ikkje regulerer dette spørsmålet. Slik vi vurderer det, er det dei alminnelege reglane for delegering som vil gjelde for dette spørsmålet, dersom det ikkje er fastsett delegering av vedtaksmakt i lov eller forskrift på området.
  • Det tredje spørsmålet dreidde seg om å unnlate høyring ved EØS-saker. Vi svarte at dersom ein lèt vere å gjennomføre ei høyring i EØS- og Schengen-saker i tråd med unntaksføresegnene i punkt 3-3 i instruksen, blir dette ikkje vurdert som fråvik av instruksen, og det krev heller inga særskild avgjerd.
  • Det fjerde spørsmålet var om instruksen opnar for at vegdirektøren kan avgjere å unnlate høyring i alle saker som gjeld veglister i kommande år. Og vidare om det i så fall vil vere tilstrekkeleg med ein referanse til denne avgjerda for eksempel ved å vise til eit saksnummer, for å oppfylle kravet i instruksen om at ei avgjerd om å unnlate høyring skal vere skriftleg og motivert samt følgje saka. Vi svarte at det i utgangspunktet skal gjerast ei eiga vurdering om unntak frå høyring i den enkelte saka. Men ettersom Statens vegvesen har vurdert at det ikkje er nødvendig å leggje desse sakene ut på høyring, er det av praktiske grunnar rimeleg å opne opp for å avgjere unntak for høyring for alle føresegnene samla for kommande år. Det siste spørsmålet var om det vil vere tilstrekkeleg med ein referanse til denne avgjerda for eksempel ved å vise til eit saksnummer, for å oppfylle kravet i instruksen om at ei avgjerd om å unnlate høyring skal vere skriftleg og motivert samt følgje saka. Vidare stadfesta vi at det vil vere tilstrekkeleg å referere til saksnummeret for å oppfylle kravet om å «følgje saka».

3.2 Beskriving av eit utval førespurnadar

Under følgjer ei kort beskriving av eit utval førespurnadar vi har handsama. Desse er sorterte under kapittel 1–3 i rettleiaren til utgreiingsinstruksen.

Spørsmål om verkeområdet:

  • Vi har fått spørsmål om instruksen gjeld ved interne kartleggingar. Vi har svart at instruksen gjeld når nye statlege tiltak (medrekna vesentlege endringar i eksisterande tiltak) skal vurderast i samband med den interne kartlegginga. Ein tommelfingerregel er at instruksen gjeld så lenge tiltaket har verknader utover eiga verksemd. Vidare presiserte vi at instruksen vil vere eit nyttig hjelpemiddel for å greie ut nye tiltak uavhengig av om tiltaket er omfatta av instruksen.
  • Vi har òg fått spørsmål om instruksen gjeld for eit departement, i arbeidet som eigardepartement med å utarbeide avtalar, vedtekter, retningslinjer eller liknande for eit statleg føretak eller heileigd selskap. Vidare om instruksen gjeld for desse to selskaps-formene. Vi har svart at instruksen gjeld i dei tilfella som er beskrivne, så framt det blir vurdert nye statlege tiltak. Vidare informerte vi om at instruksen ikkje gjeld for utgreiings-arbeid i eigne rettssubjekt (for eksempel statsføretak og helseføretak). Men i dei tilfella der eigne rettssubjekt på oppdrag frå fagdepartementet greier ut, skal departementet i oppdragsdokumentet krevje at selskapet følgjer utgreiingsinstruksen.

Spørsmål om krava til innhald:

  • Vi har fått spørsmål om kvifor kravet om menneskerettsvurderingar (MR) ikkje er eksplisitt nemnd i utgreiingsinstruksen, og ein førespurnad om å vurdere dette. FIN deltok saman med DFØ for å svare på dette spørsmålet blant fleire frå Nasjonal institusjon for menneskerettigheter (NIM). Vi svarte at sjølv om vurdering av menneskerettar ikkje eksplisitt er nemnd i instruksen, er denne typen vurderingar omfatta av det tredje spørsmålet i instruksen, der dette blir utdjupa i rettleiaren som høyrer til instruksen. Vidare bør ein vurdere prinsipielle spørsmål utover det reint juridiske, ettersom det ofte finst eit handlingsrom som fordrar at ein gjer dei gode vurderingane.
  • Vi har fått spørsmål om grunnlaget for utrekninga av faktoren på 0,2 brukt i utrekninga av skattefinansieringskostnaden, slik han er omtalt i DFØ sin rettleiar i samfunns-økonomiske analysar. Vi har svart at grunnlaget for faktoren på 0,2 finn ein i NOU 1997:27 Nytte-kostnadsanalyser (kap. 1.4.7).
  • Vi har òg fått spørsmål om det finst nokon krav eller prinsipp som skal følgjast ved utrekning av tal på timar i eit årsverk. Vi informerte om at Digitaliseringsdirektoratet har utarbeidd ei rettleiing i samband med medfinansieringsordninga, der det står at ein kan rekne 1697 timar for eit årsverk. Vidare opplyste vi om at vi for tida reviderer DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar, og at vi i den samanhengen vil vurdere om vi skal gi ei konkret tilråding om dette.

Spørsmål om prosesskrava:

Vi har fått spørsmål om instruksen inneber at saka må sendast på ny høyring dersom ein har oppgitt feil ikrafttredingsdato i ei høyringssak. Vi har svart at det reviderte forslaget skal leggjast ut på ny høyring i tilfelle der høyringsfråsegnene eller andre forhold fører til vesentlege endringar i forslaget. I tilfelle der høyringsinstansane har hatt saka til høyring tidlegare, er det i dei fleste tilfella tilstrekkeleg å leggje ut dei delane av utgreiinga som er endra, med ein referanse til den opphavlege saka.

4. Samarbeid med andre aktørar

DFØ har eit delt rettleiingsansvar for utgreiingsinstruksen med Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og Utanriksdepartementet (UD). DFØ har ansvar for å rettleie om føresegnene i kapittel 1–3. JD har ansvar for føresegnene som gjeld lover og forskrifter (kapittel 4), og UD har ansvar for føresegnene som omhandlar EØS- og Schengen-saker (kapittel 5 og andre kapittel som omhandlar denne typen saker).

Eit godt samarbeid med JD og UD er sentralt for å oppnå ei god forvalting av utgreiings-instruksen. På nettstaden til DFØ er det oppgitt kontaktinformasjon til JD og UD ved førespurnadar som omhandlar kapittel 4 og 5 i utgreiingsinstruksen.

DFØ har i 2021 hatt kontakt med JD om oppdatering av rettleiaren deira om lovteknikk og lovførebuing (2000), slik at han blir i samsvar med gjeldande utgreiingsinstruks. Vi er informert om at JD har starta opp arbeidet med å oppdatere rettleiaren, og vi har tilbydd oss å hjelpe departementet med revideringa. Vi har ikkje hatt kontakt med UD i 2021 utover kontakt i samband med referansegruppa til OECD-komiteen som er nemnd under. FIN har likevel halde oss informerte om det pågåande arbeidet med EØS-saker. Dette gjeld òg endringsforslag til rettleiaren til utgreiingsinstruksen, der UD har vore involvert saman med JD og FIN i ei arbeidsgruppe. DFØ har òg hatt dialog og samarbeid med andre aktørar i andre samanhengar:

  • DFØ har hatt jamlege kontaktmøte med Regelrådet med formål om gjensidig informasjonsutveksling og diskusjon om relevante samarbeidsflater.
  • Tilsvarande har vi jamleg dialog med Concept. I 2021 hadde vi eit møte for å diskutere relevante prosjekt på tvers, der FIN deltok òg. Concept deltek i referansegruppa med DFØ si revidering av rettleiaren i samfunnsøkonomiske analysar i 2022 (jamfør kap. 6). 
  • DFØ deltek i styringsgruppa til «Nettverk for rettslige styringsinstrumenter», saman med representantar frå Forsvaret, DSB, Politidirektoratet og Skatteetaten (jf. kapittel 5.1).
  • Vi har samarbeidd med NFD, KMD, FIN, UD, JD, Regelrådet og Digitaliseringsrådet gjennom å delta i DFØ si referansegruppe knytt til norsk deltaking i OECD-komiteen Regulatory Policy Committee (jf. kapittel 5.3). 
  • DFØ har i 2021 starta opp med jamlege møte med den tverretatlege metodegruppa innan samferdselsområdet.
  • Vi har hatt dialog med Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) i samband med utarbeiding av ny rettleiing om sikringstiltak (jf. kapittel 6).

DFØ hadde elles i april 2021 det årlege fagmøtet med FIN for å gå gjennom rapporten om DFØ si forvalting av utgreiingsinstruksen i 2020. DFØ har òg løpande fagdialog med FIN om ulike typar oppgåver og metodeutvikling.

DFØ har òg vore i dialog med andre departement og underliggjande verksemder i samband med enkeltoppdrag. I kapittel 5 er det gitt meir informasjon om kva resultat samarbeidet med ulike aktørar har munna ut i.

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

DFØ sitt kompetansetilbod knytt til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar er ein sentral del av ansvaret vårt for å forvalte utgreiingsinstruksen. I dette kapittelet gir vi ein omtale av kompetansetilbodet vårt. Vidare gir vi ei beskriving av andre tiltak og erfaringar som viser korleis DFØ har forvalta utgreiingsinstruksen gjennom 2021.

5.1 DFØ sitt kompetansetilbod om utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar

DFØ si målsetjing er at det skal gjennomførast fleire og betre utgreiingar i staten. Kompetansetenestene til DFØ skal bidra til å heve nivået på utgreiingskompetansen til departement og underliggjande verksemder. Ulike studiar, medrekna DFØ si statusmåling om utgreiingsinstruksen, som blei publisert i februar 2020, viser at det er eit vesentleg betringspotensial når det gjeld kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak1.

DFØ tilbyr kurs, rettleiing, workshops/seminar, rådgiving og eit nettverk for samfunns-økonomiske analysar. Vi innhentar synspunkt frå brukarane våre om kva utfordringar og behov dei har i samband med utgreiingar av tiltak, for at kompetansetilbodet til DFØ skal opplevast som relevant og brukarvennleg. Vidare involverer vi brukarane våre ved utvikling av nye tenester og ved vidareutvikling av eksisterande tenester.

Samarbeid med andre offentlege og private aktørar som har praktisk erfaring med å gjennomføre utgreiingar, kvalitetssikre utgreiingar og annan relevant utgreiingskompetanse, gir nyttig innsikt og kunnskapsdeling som gjer DFØ i stand til å levere gode og brukarretta kompetansetenester.

DFØ si kunde- og brukarundersøking viser at dei som bruker DFØ sine kompetansetenester innan utgreiingsinstruksen, er svært fornøgde, jamfør omtale i årsrapporten. Vidare viser evalueringane våre av kurs- og nettverksmøte gode brukartilbakemeldingar (sjå under). 

Kurstilbodet

I 2020 la vi om heile kurstilbodet frå kurs med fysisk oppmøte i lokala våre til eit heildigitalt tilbod. Dette har vi helde ved lag i 2021 grunna koronapandemien. I løpet av 2021 heldt vi tre kurs om utgreiingsinstruksen og to kurs om samfunnsøkonomiske analysar.

Kursa om utgreiingsinstruksen blei haldne i februar, april og desember. Dette er kurs som opphavleg er baserte på eit fysisk heildagskurs. Dei blei delte opp og haldne over to halve dagar for betre å tilpasse seg det digitale formatet. Som ein del av kurset blir det gjennomført gruppeoppgåver.

Det har vore stor interesse for desse kursa, og etter kvart som både kurshaldarar og brukarar har blitt meir komfortable på digitale plattformer, har vi kunna auke talet på deltakarar på kursa.

På desse tre kursa om utgreiingsinstruksen blei det sett eit tak på 49 påmelde. Handtering av grupper og gruppearbeid har vore førande for det maksimale talet på påmelde på kvart enkelt kurs. Det blir sett opp venteliste dersom det er fleire enn 49 som ønskjer å delta på kursa. I 2021 var det ventelister på alle tre kurs. Av erfaring er det færre som møter opp på digitale kurs enn på fysiske, så vi har brukt ventelistene til å fylle på ved fråfall der dette har vore mogleg. Til samanlikning var det i snitt 30 påmelde i 2020.

Etter kvart kurs blir det sendt ut ei evaluering der deltakarane blir bedne om å rangere fleire aspekt ved kurset frå 1 til 6. Kursa om utgreiingsinstruksen fekk denne gjennomsnittsskåren på desse spørsmåla:2

  • 4,9 på spørsmålet Kor fornøgd er du med ditt eige faglege utbyte?
  • 5,2 på spørsmålet Kor fornøgd er du med det faglege innhaldet i arrangementet?

I figuren under ser du gjennomsnittsskåren for dei to spørsmåla nemnde over for åra 2019, 2020 og 2021. Det er framleis ein litt lågare skår på dei digitale kursa enn på dei fysiske kursa som blei haldne i 2019. Både kurshaldarar og kursdeltakarar har no meir erfaring med digitale plattformer, og dette forklarer truleg årsaka til betre tilbakemeldingar det siste året. Vi planlegg å tilby ein kombinasjon av digitale og fysiske kurs framover (sjå kapittel 6).

Diagram som viser faglig utbytte og faglig innhold.
Figur: Her ser du gjennomsnittsskåren for spørsmåla «Kor fornøgd er du med ditt eige faglege utbyte?» og «Kor fornøgd er du med det faglege innhaldet i arrangementet?» for åra 2019–2021.

Vidare blei det i 2021 halde to digitale kurs om samfunnsøkonomiske analysar. Det første kurset blei tilbydd etter førespurnad frå BaneNor, som ønskte å styrke metodekompetansen sin innan samfunnsøkonomisk analyse. Dette var eit totimarskurs som hadde om lag 150 påmelde. Som følgje av tekniske utfordringar blei kurset sendt som videoopptak i staden for live presentasjon, som opphavleg var planen. Kurset var likevel ein suksess med mange gode tilbakemeldingar. Med utgangspunkt i kurset for BaneNor tilbydde vi eit kurs om samfunnsøkonomiske analysar, no med tilgang for alle verksemder i staten. Dette kurset fekk òg gode tilbakemeldingar, med ein gjennomsnittsskår på høvesvis 4,8 og 5,2 på fagleg utbyte og fagleg innhald. Kurset blei gjennomført med 132 påmelde.

Det nye digitale totimarskurset om samfunnsøkonomiske analysar er innhaldsmessig tilnærma likt det fysiske heildagskurset som blei halde før pandemien, men er noko forkorta. Vidare er alle oppgåver (og pausar) tekne vekk, noko som har gjort det mogleg å opne for eit stort tal på deltakarar. Opptak av kurset er òg sendt ut til fleire verksemder som har etterspurt materiell og kurstilbod frå oss. Kurset ligg tilgjengeleg som eit videoopptak på nettstaden vår.

DFØ tilbyr dessutan to e-læringskurs, eit kurs om utgreiing av statlege tiltak og eit noko eldre kurs om forenkla analysar. Ved å tilby nettkurs har statsforvaltinga tilgang til kurs der dei er, og når dei har behov for læring. Begge nettkursa er tilgjengelege på Læringsplattformen til DFØ3 og på nettstaden vår om fagområdet utgreiingsinstruksen. Totalt har 216 personar gitt ei evaluering av nettkurset om utgreiing av statlege tiltak sidan kurset blei lansert i 2018. Kurset har i gjennomsnitt fått 5 av 6 moglege stjerner.  Statistikken vår viser at det var om lag 300 personar som fullførte kurset i 2021, mens det var om lag 220 og 110 som fullførte i høvesvis 2020 og 2019. Det har altså vore ein stigande trend i talet på deltakarar som har fullført kurset.4

Vidare utvikla vi i 2021 eit digitalt kurs om utgreiingsinstruksen for nye leiarar i staten (sjå kapittel 5.2).

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

På nettsidene til DFØ tilbyr vi ei rekkje kompetansetenester knytte til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar.  I løpet av 2021 har vi gjennomført eit arbeid med å betre og revidere nettsidene våre. Vi har samarbeidd med Netlife og gjennomført intervju med fleire brukarar for å få innsikt i kva dei ønskte seg på nettsidene. Basert på denne innsikta, fleire workshops og ein innhaldssprint endra vi struktur og ein del av innhaldet på nettsidene våre. Resultatet var at nettsidene skulle bli meir pedagogiske og gi ein meir intuitiv inngang til utgreiingar og samfunnsøkonomiske analysar basert på faktiske spørsmål brukarane stiller seg når dei kjem inn på sidene våre. Dei nye nettsidene blei publiserte i juni 2021.

Vidare har vi arbeidd med å lage videoar om nokre utvalde tema innan samfunnsøkonomiske analysar. Desse videoane blei publiserte i 2021:

Desse videoane blei laga som eit supplement til resten av kurstilbodet vårt. Med unntak av webinaret om samfunnsøkonomisk analyse (jamfør beskriving over), som vi har lagt ut heile versjonen av, er formålet å tilby korte videoar om utvalde tema innanfor samfunnsøkonomiske analysar. Vi skal fortløpande lage fleire videoar som vi legg ut på nettstaden vår.

På nettsidene våre finn du òg rettleiarane innanfor utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar:

Begge desse rettleiarane skal oppdaterast i løpet av 2022 (jamfør kapittel 6).

DFØ tilbyr òg ei rekkje praktiske verktøy og andre ressursar som kan vere nyttige for å greie ut statlege tiltak. Eksempel på desse er nettkurs, tips til bestilling av utgreiingar og samfunnsøkonomiske analysar og sjekkliste ved utgreiing av statlege tiltak.

Vi har òg eit spel om utgreiingsinstruksen som blei lagt ut på nettstaden vår i samband med Styringskonferansen i januar 2020. I 2021 var det om lag 700 som tok i bruk spelet, mens det i 2020 var om lag 500 personar som tok i bruk spelet. Kurset er utvikla i samarbeid med eit konsulentselskap, og i 2022 skal vi vurdere vidare innretning av kurset.

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk                                                                      

DFØ tilbyr noko rådgiving til statlege verksemd som skal bestille eller gjennomføre ei utgreiing. Rådgivinga er basert på hjelp-til-sjølvhjelps-prinsippet. Prinsippet inneber at vi ikkje gjennomfører utgreiingar eller utarbeider rettleiarar for verksemder. Vi kan derimot hjelpe til med råd om metode og korleis oppfylle krava i utgreiingsinstruksen og Finansdepartementet sitt rundskriv om samfunnsøkonomiske analysar.

I 2021 hjelpte vi fem verksemder med noko rådgiving innan utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar. Desse var Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Digitaliseringsdirektoratet, Nasjonalt institutt for menneskerettigheter (NSM), Direktoratet for tryggleik og beredskap (DSB) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Vidare har vi avtalt å ha jamlege møte med den tverretatlege metodegruppa innan samferdsel (som består av ei rekkje underliggjande etatar). I 2021 hadde vi to møte om handtering av høvesvis usikkerheitsanalysar og karbonprisbaner i ein samfunnsøkonomisk analyse. I tillegg hadde vi eit høyringsinnspel i samband med ny arkivlov. Vi stilte òg opp på eit intervju med Finansdepartementet i Sverige, som ønskte informasjon om Noreg sitt rettleiingstilbod innanfor utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomisk analyse.

Til samanlikning hadde vi i 2020 ingen rådgivingsoppdrag og fire oppdrag i 2019. Vidare har vi i 2021 svart på ei rekkje førespurnader (sjå kapittel 3) og gitt råd i samband med sektor- og temarettleiarar knytte til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomisk analyse (sjå under).

I 2021 heldt vi minikurs/workshops/innlegg for desse åtte verksemdene:

  • BaneNor 
  • Digitaliseringsdirektoratet
  • Miljødirektoratet
  • Norsk Romsenter
  • Statens vegvesen
  • Landbruksdirektoratet
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet / REGA
  • Jernbanedirektoratet

Direktøren heldt òg eit innlegg om utgreiingsinstruksen på den årlege NORNESK-konferansen med tittelen «Gårsdagens kunnskap for morgendagens beslutninger –kunnskaps-oppsummeringens rolle». I tillegg heldt direktøren eit innlegg på eit frukostseminar som Barneombodet hadde om temaet barnerettsvurderingar.

I 2021 publiserte vi to fagblogginnlegg om temaa utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar. I tillegg kjem det fram kor viktig det er med gode avgjerdsgrunnlag, i DFØ sin direktørblogg og i andre fagblogginnlegg.

Vidare tilbyr vi bistand i samband med sektor- og temarettleiarar, som er supplerande rettleiing til DFØ sitt rettleiingsmateriell. Eit viktig siktemål med å delta i den typen arbeid er å sørgje for at krava samsvarer med gjeldande krav om utgreiingar og DFØ si rettleiing om korleis desse kan oppfyllast på best mogleg måte. Vi deltek òg i arbeid med å utvikle metodar som blir gjennomført av andre statlege verksemder, akademia eller konsulenthus. I 2021 var vi med på dette arbeidet:

  • Vi deltok i ei referansegruppe til Statsbygg sin rettleiar i samfunnsøkonomisk analyse.  Arbeidet starta opp i 2020, og rettleiaren blei publisert i juni 2021. FIN har òg delteke i referansegruppa.
  • Vi deltok i ei referansegruppe til Helsedirektoratet sin rettleiar om verknader på folkehelsa. Arbeidet starta opp i 2020 og skulle etter planen publiserast hausten 2021 etter høyringsrunden i august. Vi er kjende med at arbeidet truleg blir teke opp att i 2022. DFØ har koordinert innspela våre til rettleiingsutkast frå Helsedirektoratet med FIN.

Vidare har DFØ vore i kontakt med Justisdepartementet i samband med oppdatering av rettleiaren deira om lovteknikk og lovførebuingar (jamfør kapittel 4).

DFØ har òg eit nettverk for samfunnsøkonomiske analysar med over 400 medlemmer. Formålet med nettverket er å auke kunnskapen om samfunnsøkonomiske analysar og bidra til å utveksle erfaringar og byggje nettverk. Vi arrangerer to nettverksmøte i året, eitt på våren og eitt på hausten. I 2021 blei begge nettverksmøta gjennomførte digitalt.

Temaet for junimøtet var «Pandemi og samfunnsøkonomi», der arbeidet og rapportane til Holdenutvalget blei presentert av utvalsleiar Steinar Holden (UiO). I tillegg blei rapporten til koronakommisjonen presentert av kommisjonsleiar Egil Matsen (Forte Fondsforvaltning AS).

I desember var temaet korleis klimagassutslepp skal handterast i samfunnsøkonomiske analysar i samband med nytt regelverk om karbonprisar frå Finansdepartementet gjeldande frå januar 2022. Her innleidde Vegard Halde Hirsch (FIN) om regelverket til Finansdepartementet, mens Knut Einar Rosendahl (NMBU) og Vegard Rugset (SVV) kommenterte det nye regelverket.

I evalueringa av nettverksmøta ber vi deltakarane om å rangere fleire forhold ved nettverksmøta frå 1 til 6. På spørsmåla om eige fagleg utbyte og kvaliteten på det faglege innhaldet fekk desse to nettverksmøta ein gjennomsnittsskår på høvesvis 5,4 og 5,1. Talet på deltakarar på dei to nettverksmøta i 2021 var i snitt på 122 påmelde, mens snittet i 2020 var på om lag 170 deltakarar. Det at vi har gjennomført nettverksmøta digitalt har ført til at vi har gått frå om lag 60 deltakarar i snitt til over 100. Ulempa ved å halde desse møta digitalt er at det går utover den sosiale dimensjonen og nettverksbygginga. Vi legg opp til at framtidige nettverksmøte skal gjennomførast fysisk, med moglegheit for å sjå videoopptak i etterkant (jamfør kapittel 5).

Vidare er DFØ medlem av styringsgruppa for «Nettverk for rettslige styringsinstrumenter» (omdøypt til Nettverk for regelverksforvaltning i 2022) saman med representantar frå Forsvaret, DSB, Politidirektoratet og Skatteetaten. DFØ har òg eit administrativt ansvar for nettverket. Nettverket blei etablert i 2019 og er ope for tilsette i statlege verksemder som arbeider med regulering og rettsleg styring. Formålet med nettverket er å bidra til ein betre reguleringspraksis i statsforvaltinga. Det skal bidra med fagleg påfyll, utveksling av erfaringar, kompetanse og kontakt med andre som arbeider innan reguleringsfeltet. Nettverket vil arrangere seminar som tek opp ulike tema i ein reguleringsprosess som utvikling og utarbeiding av regelverk, undersøking av etterlevingspraksis, sanksjonar ved regelverksbrot og evalueringar av resultat og måloppnåing. På grunn av koronapandemien blei det ikkje arrangert nokon nettverksmøte i 2021.

5.2 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

Utgreiingsinstruksen og gode avgjerdsgrunnlag er eit sentralt tema for fleire av fagområda som DFØ er ansvarleg for. Dette gjeld spesielt oppgåver i dei to seksjonane Seksjon for styring og Seksjon for ledelse, som ligg under Avdeling for kompetanseutvikling. Nedanfor gir vi ein kort omtale av relevante oppgåver/prosjekt innanfor desse fagområda.

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring

Gode avgjerdsgrunnlag er sentralt for fleire av fagområda som er regulerte i økonomi-regelverket, medrekna verksemdsstyring, etatsstyring og tilskot.

DFØ har også i 2021 arbeidd med å vidareutvikle rettleiinga innanfor fagområda verksemds-styring og etatsstyring. Utgreiingar i samsvar med instruksen er sentralt for at statlege verksemder skal ha eit avgjerdsgrunnlag av god kvalitet i styringa.

Våren 2021 publiserte vi ny rettleiing om styringsinformasjon. Der peiker vi spesielt på at utgreiingar er det naturlege startpunktet for oppfølgingsarbeidet i mål- og resultatstyring. Det gir ein langsiktig raud tråd og lettar arbeidet med å prioritere kva som skal følgjast opp. Sjå rettleiinga som ligg på denne lenka: https://dfo.no/fagomrader/mal-og-resultatstyring/5-steg-pa-veien-til-god-styringsinformasjon). Arbeidet med å vidareutvikle rettleiinga innanfor dette området held fram i 2022.

Vidare har DFØ i 2021, i dialog med FIN, gitt innspel til OECD sitt arbeid med standardar for policy evaluation. Vi ventar òg nye OECD-tilrådingar på evalueringsområdet i løpet av sommaren 2022 (sjå òg rapport om DFØ si forvalting av økonomiregelverket).

Når det gjeld tilskotsområdet, hadde DFØ i 2021 ein gjennomgang av rettleiingstilbodet vårt. Vi har vurdert at kvaliteten på tilskotsregelverka er varierande og trur at desse kan bli betre med eit betre avgjerdsgrunnlag i botn. På bakgrunn av gjennomgangen tilrår vi å vidareutvikle rettleiingstilbodet om dette på nettsidene våre.

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

På bakgrunn av resultata frå DFØ si statusmåling om kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak meiner vi at DFØ sitt kompetansetilbod i større grad må rette seg inn mot leiarar. Ein føresetnad for god kvalitet på styringa er at det ligg føre gode avgjerdsgrunnlag i samsvar med krava i utgreiingsinstruksen. Dersom leiarar ikkje i større grad forankrar instruksen i styringa, blir det truleg inga betring i neste statusmåling om utgreiingskvaliteten. 

DFØ lanserte våren 2021 eit nytt digitalt kurstilbod retta mot nye leiarar i staten. Kurset består av tre modular5 og 15 ulike sprintar, som er ei læringsøkt om eit bestemt tema. Ein av sprintane i modul 2 om «Løpende oppgaver og hverdagsledelse» er sprint 6 om temaet «Beslutnings-grunnlag». Formålet med denne sprinten er å vise kva rolle og ansvar leiarar har for å etterleve krava i utgreiingsinstruksen.

I 2021 var det om lag 500 personar som opna sprinten om «Beslutningsgrunnlag», og av desse svarte 10 prosent på ei evaluering. Evalueringa viser at sprinten fekk gode tilbakemeldingar frå brukarane. Om lag 90 prosent av respondentane var einige i at dei likte sprinten, og at dei lærte noko nytt. Om lag 75 prosent svarte at sprinten bidrog til å endre utøvinga av leiing i stor eller nokon grad. Vidare svarte om lag 75 prosent at sprinten ville bidra til betre resultat i stor eller nokon grad.

Vidare blir òg utgreiingsinstruksen og gode avgjerdsgrunnlag nemnt i tre andre sprintar i kursmodulen.

5.3 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Finansdepartement delegerte ansvaret for å følgje opp OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC) til DFØ i 2018. Dette innebar òg å sikre rolla som ansvarleg koordinator for Noreg sin medlemskap i denne komiteen.

DFØ vurderer det slik at det å delta i komiteen gir nyttig innsikt om reguleringsarbeid i andre land og er ein arena for å knyte seg til relevante nettverk internasjonalt. OECD produserer ei rekkje sentrale dokument som gjeld både innhald i ei utgreiing (medrekna før-, undervegs- og etter-evalueringar) og kor viktig prosess (involvering av berørte og andre) er i samband med utgreiingsarbeidet.

Eit viktig siktemål med å delta i komiteen er å vurdere kva Noreg kan lære av andre land, og å spreie erfaringar og kunnskap om arbeidet i denne OECD-komiteen. DFØ si deltaking i komiteen vil elles vere ei kjelde til å vidareutvikle kompetansetilbodet vårt. Vi har oppretta ein eigen nettstad med informasjon om arbeidet i denne komiteen. I 2021 er mellom anna publikasjonen «OECD Regulatory Policy Outlook 2021» omtalt. DFØ koordinerer ei referansegruppe som består av representantar frå samarbeidspartnarane våre frå Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Finansdepartementet, Regelrådet og Digitaliseringsdirektoratet. Vi har jamlege kontaktmøte med referansegruppa for å koordinere innspela våre til dokument som blir handsama i komiteen, og for å diskutere relaterte problemstillingar knytte til reguleringsarbeid. JD har som følgje av avgrensa kapasitet ikkje hatt høve til å delta på møte i 2021.

Basert på innspel frå referansegruppa har DFØ i 2021 gitt kommentarar til ulike dokument. Vi har mellom anna kvalitetssikra data om Noreg til OECD si spørjeundersøking om reguleringspolitikk (iREG) samt ein omtale i publikasjonen «OECD Regulatory Policy Outlook 2021».

Fotnoter

1Sjå DFØ-rapporten «Tilfredsstiller statlige utredninger utredningsinstruksens krav? Statusmåling 2019».

2Skårar som blei gitt i 2020, var høvesvis 4,4 (eige fagleg utbyte), 4,7 (fagleg innhald)

4Vi har ikkje brukbar statistikk for det andre nettkurset.

5Dette er dei tre modulane i kurset: Ledelse og rammene for styring i staten, Løpende oppgaver og hverdagsledelse og Fremsynt lederskap og innovasjon.

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2022

Som ein del av forvaltingsansvaret for utgreiingsinstruksen og fagområdet samfunnsøkonomisk analyse vil DFØ arbeide for stadig å vidareutvikle kompetansetilbodet vårt til departement og underliggjande etatar.

I 2022 blir dette dei viktigaste strategiske enkeltoppgåvene som vil krevje mest ressursar:

  • vidareutvikle kompetansetilbodet vårt, medrekna oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar og DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen
  • bistå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) med å utvikle ein rettleiar for utgreiing av objekt- og infrastruktursikring
  • kontinuerleg arbeide med å innarbeide utgreiingsinstruksen i dei andre av DFØ sine fagområde og tenester
  • delta i styringsgruppa til Nettverk for rettslige styringsinstrumenter
  • koordinere norsk deltaking i OECD-komiteen Regulatory Policy Committee
  • etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Nedanfor gir vi ei meir utfyllande beskriving av desse enkeltoppgåvene.

Oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

Vi skal i 2022 revidere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar. Rettleiaren frå 2018 må oppdaterast for å ta inn nyare metodiske vurderingar, møte behov vi har fanga opp i dialogen vår med brukarar, og styrkje den pedagogiske framstillinga. Vi har oppretta ei referansegruppe beståande av departement og underliggjande etatar. I tillegg får vi bistand frå ein ekstern konsulent med brei erfaring og kompetanse innanfor samfunnsøkonomiske analysar.

Dessutan ønskjer vi å bidra til ei meir heilskapleg rettleiing på fagområdet og skal derfor òg justere rettleiinga vår til FIN sitt arbeid med å etablere ein rettleiar for konseptvalutgreiingar innanfor prosjektmodellen i staten.

Den oppdaterte SØA-rettleiaren blir publisert på DFØ sine nettsider i løpet av hausten 2022.

Oppdatere DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen

DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen skal oppdaterast i løpet av 2022. Basert på innspel og dialog med brukarane våre har vi fanga opp ei rekkje mindre endringsforslag. Bakgrunnen for revideringa er behovet for oppdateringar på EØS-området, både endringar i sjølve instruksen og endringar i rettleiinga om denne typen saker.

Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod  

DFØ har fokus på ei kontinuerleg betring av kompetansetenestene våre innan utgreiings-instruksen og samfunnsøkonomiske analysar, basert på DFØ si statusmåling om utgreiingar av statlege tiltak6 samt evalueringar og tilbakemeldingar frå brukarane våre. Kompetansetilbodet vårt består av kurs, rettleiing, nettverk og rådgiving (sjå kapittel 5).

DFØ prøver stadig ut nye og meir effektive måtar å formidle kunnskap til brukarane våre på. Vi har dei siste to åra opparbeidd ein god kompetanse med å tilby digitale kurs og nettverksmøte.

I 2022 skal vi tilby både digitale og fysiske kurs innanfor utgreiingsinstruksen og samfunns-økonomiske analysar. Fordelen med digitale kurs er at ein større del av målgruppa vår vil ha sjansen til å delta. Det er i tillegg eit meir budsjett- og miljøvennleg alternativ. Samtidig ønskjer vi å tilby fysiske kurs ettersom denne kursforma i noko større grad eignar seg til fagdiskusjon og gruppearbeid. Tilbakemeldingar frå kursdeltakarane viser at både fysiske og digitale kurs fungerer godt.

Når det gjeld møta i DFØ sitt nettverk innan samfunnsøkonomisk analyse, kjem desse i 2022 til å vere fysiske. Eit viktig formål med nettverket er nemleg å kunne utveksle erfaringar og kompetanse. I tillegg skal vi òg gjere videopptak tilgjengeleg i etterkant av nettverksmøta, slik at vi kan nå ut til eit større publikum.

Vi ser òg eit behov for å ta på oss nokre oppgåver som i større grad inneber praktisk kompetanse med samfunnsøkonomiske analysar. Det gir oss nyttig læring inn i arbeidet med å forvalte utgreiingsinstruksen og utvikle eksisterande rettleiarar og kompetansetilbodet elles. Eit viktig skritt i denne retninga er at FIN gir oss moglegheit til å følgje enkelte kvalitetssikringsoppdrag under prosjektmodellen i staten. Bistand til rettleiar om utgreiing av objekt- og infrastruktur-sikring vil òg bidra til meir sektorspesifikk kompetanse (sjå avsnittet under).

Våren 2022 skal vi saman med FIN delta som sparringspartnar i samband med at det skal gjerast ein KS1 av konseptvalutgreiing (KVU) av oppgraderinga av Troll – Noreg sin forskingsstasjon i Antarktis. Dette er ei KVU som Klima- og miljødepartementet har ansvar for, og departementet har samtykt i at DFØ følgjer dette oppdraget. Å følgje dette arbeidet vil gi DFØ innsikt i praktiske og faglege problemstillingar ein står overfor i konkrete utgreiingar. Det er avtalt med FIN at vi skal evaluere DFØ si rolle og bistand i etterkant av oppdraget, som grunnlag for å vurdere korleis vi eventuelt bør bistå ved moglege framtidige oppdrag.

Bistå med å utarbeide rettleiar om utgreiing av objekt- og infrastruktursikring

DFØ har i supplerande tildelingsbrev av oktober 2021 og i tildelingsbrev for 2022 frå FIN fått i oppdrag å bistå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) med å utarbeide ein rettleiar for utgreiing av førebyggjande tryggingstiltak retta mot objekt og infrastruktur. Dette er eit oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Finansdepartementet. Bakgrunnen for oppdraget er at det framover må gjerast strenge prioriteringar av offentlege tiltak. Det må sjåast i samanheng med at det økonomiske handlingsrommet i tida framover blir meir avgrensa. Rettleiaren skal etter planen vere ferdig innan primo juni 2022.

Som ein del av oppdraget skal det òg utarbeidast kriterium for vurdering av satsingsforslag i saker om førebyggjande objekt- og infrastrukturtrygging innan 1. desember 2022.

Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

Gode avgjerdsgrunnlag er eit sentralt element for fleire av fagområda innan styringsområdet, som er regulert i økonomiregelverket. DFØ skal arbeide vidare med å synleggjere bodskap om rolla og funksjonen til utgreiingsinstruksen innan område som etatsstyring, verksemdsstyring og tilskotsforvalting (jamfør kapittel 5.2). Utgreiingar i samsvar med instruksen er sentralt for at statlege verksemder skal ha eit avgjerdsgrunnlag av god kvalitet i styringa. Ulike studiar viser at mangelfulle avgjerdsgrunnlag er ei utfordring i styringa.7

Vidare har DFØ ansvar for fagområdet leiing i staten og tilbyr i den samanhengen ei rekkje kurs på Læringsplattformen. Det å synleggjere kva rolle og funksjon utgreiingsinstruksen har, er viktig innanfor enkelte delar av dette kurstilbodet. Eit eksempel er «Ny leder i staten», som blei lansert i fjor som eit digitalt kurstilbod. Kurset inneheld til saman 15 sprintar innanfor ulike tema. Ein av sprintane handlar om kor viktig det er med gode avgjerdsgrunnlag, og krava i utgreiingsinstruksen (jamfør kapittel 5.2).

Enhet for offentlig ressursbruk i DFØ arbeider med auka kunnskap om og merksemd rundt god bruk av offentlege ressursar, mellom anna gjennom arbeid med områdegjennomgangar. Spørsmåla i utgreiingsinstruksen er grunnleggjande for å gjere slike vurderingar på ein god måte. Framover skal vi arbeide med å sjå det DFØ gjer på områdegjennomgangar, endå meir i samanheng med forvaltinga av utgreiingsinstruksen.

Nettverk for regelverksforvaltning

DFØ skal halde fram med å vere medlem i styringsgruppa for «Nettverk for regelverks-forvaltning» (tidlegare kalla Nettverk for rettslige styringsinstrumenter) saman med representantar frå Forsvaret, DSB, Politidirektoratet og Skatteetaten (jamfør kapittel 5.1). I tillegg skal vi ha eit administrativt ansvar.  Vi tek sikte på å arrangere eitt nettverksmøte i halvåret. Første halvår 2022 er det planlagt eit møte om etterleving av regelverk og åtferdsteori.

Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

DFØ vurderer å delta i OECD sin Regulatory Committee (RPC) som ein nyttig og relevant lærings- og nettverksarena innan reguleringsarbeid (jamfør kapittel 5.3). DFØ skal følgje opp ansvaret som nasjonal koordinator ved å vere ein aktiv aktør som legg til rette for eit godt samarbeid nasjonalt og internasjonalt.

Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

DFØ vil hausten 2022 starte med å førebu ei ny statusmåling om kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak. Førre statusmåling blei publisert i februar 2020.8 Denne studien viste at det framleis er store svakheiter knytte til å oppfylle minimumskravet i instruksen, og det blir i for liten grad gjennomført samfunnsøkonomiske analysar. I tillegg blir ikkje prosesskrava oppfylt godt nok.

Vi skal vurdere om det bør gjerast nokon endringar ved neste statusmåling. Mellom anna skal vi vurdere korleis vi kan fange opp eit større utval av utgreiingar. I førre måling var det i hovudsaka utgreiingar innanfor regelverksområdet som blei fanga opp.

Fotnoter

6Sjå rapport på nettstaden til DFØ: Tilfredsstiller statlege utgreiingar krava i utgreiingsinstruksen? Statusmåling 2019 – DFØ (dfo.no)

7Sjå mellom anna rapporten https://www.difi.no/rapport/2019/04/departementene-i-forersetet-omstilling

8Sjå rapport på nettstaden til DFØ: Tilfredsstiller statlege utgreiingar krava i utgreiingsinstruksen? Statusmåling 2019 – DFØ (dfo.no)