Kapittel

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

DFØ sitt kompetansetilbod knytt til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar er ein sentral del av ansvaret vårt for å forvalte utgreiingsinstruksen. I dette kapittelet gir vi ein omtale av kompetansetilbodet vårt. Vidare gir vi ei beskriving av andre tiltak og erfaringar som viser korleis DFØ har forvalta utgreiingsinstruksen gjennom 2021.

5.1 DFØ sitt kompetansetilbod om utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar

DFØ si målsetjing er at det skal gjennomførast fleire og betre utgreiingar i staten. Kompetansetenestene til DFØ skal bidra til å heve nivået på utgreiingskompetansen til departement og underliggjande verksemder. Ulike studiar, medrekna DFØ si statusmåling om utgreiingsinstruksen, som blei publisert i februar 2020, viser at det er eit vesentleg betringspotensial når det gjeld kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak1.

DFØ tilbyr kurs, rettleiing, workshops/seminar, rådgiving og eit nettverk for samfunns-økonomiske analysar. Vi innhentar synspunkt frå brukarane våre om kva utfordringar og behov dei har i samband med utgreiingar av tiltak, for at kompetansetilbodet til DFØ skal opplevast som relevant og brukarvennleg. Vidare involverer vi brukarane våre ved utvikling av nye tenester og ved vidareutvikling av eksisterande tenester.

Samarbeid med andre offentlege og private aktørar som har praktisk erfaring med å gjennomføre utgreiingar, kvalitetssikre utgreiingar og annan relevant utgreiingskompetanse, gir nyttig innsikt og kunnskapsdeling som gjer DFØ i stand til å levere gode og brukarretta kompetansetenester.

DFØ si kunde- og brukarundersøking viser at dei som bruker DFØ sine kompetansetenester innan utgreiingsinstruksen, er svært fornøgde, jamfør omtale i årsrapporten. Vidare viser evalueringane våre av kurs- og nettverksmøte gode brukartilbakemeldingar (sjå under). 

Kurstilbodet

I 2020 la vi om heile kurstilbodet frå kurs med fysisk oppmøte i lokala våre til eit heildigitalt tilbod. Dette har vi helde ved lag i 2021 grunna koronapandemien. I løpet av 2021 heldt vi tre kurs om utgreiingsinstruksen og to kurs om samfunnsøkonomiske analysar.

Kursa om utgreiingsinstruksen blei haldne i februar, april og desember. Dette er kurs som opphavleg er baserte på eit fysisk heildagskurs. Dei blei delte opp og haldne over to halve dagar for betre å tilpasse seg det digitale formatet. Som ein del av kurset blir det gjennomført gruppeoppgåver.

Det har vore stor interesse for desse kursa, og etter kvart som både kurshaldarar og brukarar har blitt meir komfortable på digitale plattformer, har vi kunna auke talet på deltakarar på kursa.

På desse tre kursa om utgreiingsinstruksen blei det sett eit tak på 49 påmelde. Handtering av grupper og gruppearbeid har vore førande for det maksimale talet på påmelde på kvart enkelt kurs. Det blir sett opp venteliste dersom det er fleire enn 49 som ønskjer å delta på kursa. I 2021 var det ventelister på alle tre kurs. Av erfaring er det færre som møter opp på digitale kurs enn på fysiske, så vi har brukt ventelistene til å fylle på ved fråfall der dette har vore mogleg. Til samanlikning var det i snitt 30 påmelde i 2020.

Etter kvart kurs blir det sendt ut ei evaluering der deltakarane blir bedne om å rangere fleire aspekt ved kurset frå 1 til 6. Kursa om utgreiingsinstruksen fekk denne gjennomsnittsskåren på desse spørsmåla:2

  • 4,9 på spørsmålet Kor fornøgd er du med ditt eige faglege utbyte?
  • 5,2 på spørsmålet Kor fornøgd er du med det faglege innhaldet i arrangementet?

I figuren under ser du gjennomsnittsskåren for dei to spørsmåla nemnde over for åra 2019, 2020 og 2021. Det er framleis ein litt lågare skår på dei digitale kursa enn på dei fysiske kursa som blei haldne i 2019. Både kurshaldarar og kursdeltakarar har no meir erfaring med digitale plattformer, og dette forklarer truleg årsaka til betre tilbakemeldingar det siste året. Vi planlegg å tilby ein kombinasjon av digitale og fysiske kurs framover (sjå kapittel 6).

Diagram som viser faglig utbytte og faglig innhold.
Figur: Her ser du gjennomsnittsskåren for spørsmåla «Kor fornøgd er du med ditt eige faglege utbyte?» og «Kor fornøgd er du med det faglege innhaldet i arrangementet?» for åra 2019–2021.

Vidare blei det i 2021 halde to digitale kurs om samfunnsøkonomiske analysar. Det første kurset blei tilbydd etter førespurnad frå BaneNor, som ønskte å styrke metodekompetansen sin innan samfunnsøkonomisk analyse. Dette var eit totimarskurs som hadde om lag 150 påmelde. Som følgje av tekniske utfordringar blei kurset sendt som videoopptak i staden for live presentasjon, som opphavleg var planen. Kurset var likevel ein suksess med mange gode tilbakemeldingar. Med utgangspunkt i kurset for BaneNor tilbydde vi eit kurs om samfunnsøkonomiske analysar, no med tilgang for alle verksemder i staten. Dette kurset fekk òg gode tilbakemeldingar, med ein gjennomsnittsskår på høvesvis 4,8 og 5,2 på fagleg utbyte og fagleg innhald. Kurset blei gjennomført med 132 påmelde.

Det nye digitale totimarskurset om samfunnsøkonomiske analysar er innhaldsmessig tilnærma likt det fysiske heildagskurset som blei halde før pandemien, men er noko forkorta. Vidare er alle oppgåver (og pausar) tekne vekk, noko som har gjort det mogleg å opne for eit stort tal på deltakarar. Opptak av kurset er òg sendt ut til fleire verksemder som har etterspurt materiell og kurstilbod frå oss. Kurset ligg tilgjengeleg som eit videoopptak på nettstaden vår.

DFØ tilbyr dessutan to e-læringskurs, eit kurs om utgreiing av statlege tiltak og eit noko eldre kurs om forenkla analysar. Ved å tilby nettkurs har statsforvaltinga tilgang til kurs der dei er, og når dei har behov for læring. Begge nettkursa er tilgjengelege på Læringsplattformen til DFØ3 og på nettstaden vår om fagområdet utgreiingsinstruksen. Totalt har 216 personar gitt ei evaluering av nettkurset om utgreiing av statlege tiltak sidan kurset blei lansert i 2018. Kurset har i gjennomsnitt fått 5 av 6 moglege stjerner.  Statistikken vår viser at det var om lag 300 personar som fullførte kurset i 2021, mens det var om lag 220 og 110 som fullførte i høvesvis 2020 og 2019. Det har altså vore ein stigande trend i talet på deltakarar som har fullført kurset.4

Vidare utvikla vi i 2021 eit digitalt kurs om utgreiingsinstruksen for nye leiarar i staten (sjå kapittel 5.2).

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

På nettsidene til DFØ tilbyr vi ei rekkje kompetansetenester knytte til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar.  I løpet av 2021 har vi gjennomført eit arbeid med å betre og revidere nettsidene våre. Vi har samarbeidd med Netlife og gjennomført intervju med fleire brukarar for å få innsikt i kva dei ønskte seg på nettsidene. Basert på denne innsikta, fleire workshops og ein innhaldssprint endra vi struktur og ein del av innhaldet på nettsidene våre. Resultatet var at nettsidene skulle bli meir pedagogiske og gi ein meir intuitiv inngang til utgreiingar og samfunnsøkonomiske analysar basert på faktiske spørsmål brukarane stiller seg når dei kjem inn på sidene våre. Dei nye nettsidene blei publiserte i juni 2021.

Vidare har vi arbeidd med å lage videoar om nokre utvalde tema innan samfunnsøkonomiske analysar. Desse videoane blei publiserte i 2021:

Desse videoane blei laga som eit supplement til resten av kurstilbodet vårt. Med unntak av webinaret om samfunnsøkonomisk analyse (jamfør beskriving over), som vi har lagt ut heile versjonen av, er formålet å tilby korte videoar om utvalde tema innanfor samfunnsøkonomiske analysar. Vi skal fortløpande lage fleire videoar som vi legg ut på nettstaden vår.

På nettsidene våre finn du òg rettleiarane innanfor utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar:

Begge desse rettleiarane skal oppdaterast i løpet av 2022 (jamfør kapittel 6).

DFØ tilbyr òg ei rekkje praktiske verktøy og andre ressursar som kan vere nyttige for å greie ut statlege tiltak. Eksempel på desse er nettkurs, tips til bestilling av utgreiingar og samfunnsøkonomiske analysar og sjekkliste ved utgreiing av statlege tiltak.

Vi har òg eit spel om utgreiingsinstruksen som blei lagt ut på nettstaden vår i samband med Styringskonferansen i januar 2020. I 2021 var det om lag 700 som tok i bruk spelet, mens det i 2020 var om lag 500 personar som tok i bruk spelet. Kurset er utvikla i samarbeid med eit konsulentselskap, og i 2022 skal vi vurdere vidare innretning av kurset.

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk                                                                      

DFØ tilbyr noko rådgiving til statlege verksemd som skal bestille eller gjennomføre ei utgreiing. Rådgivinga er basert på hjelp-til-sjølvhjelps-prinsippet. Prinsippet inneber at vi ikkje gjennomfører utgreiingar eller utarbeider rettleiarar for verksemder. Vi kan derimot hjelpe til med råd om metode og korleis oppfylle krava i utgreiingsinstruksen og Finansdepartementet sitt rundskriv om samfunnsøkonomiske analysar.

I 2021 hjelpte vi fem verksemder med noko rådgiving innan utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar. Desse var Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Digitaliseringsdirektoratet, Nasjonalt institutt for menneskerettigheter (NSM), Direktoratet for tryggleik og beredskap (DSB) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Vidare har vi avtalt å ha jamlege møte med den tverretatlege metodegruppa innan samferdsel (som består av ei rekkje underliggjande etatar). I 2021 hadde vi to møte om handtering av høvesvis usikkerheitsanalysar og karbonprisbaner i ein samfunnsøkonomisk analyse. I tillegg hadde vi eit høyringsinnspel i samband med ny arkivlov. Vi stilte òg opp på eit intervju med Finansdepartementet i Sverige, som ønskte informasjon om Noreg sitt rettleiingstilbod innanfor utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomisk analyse.

Til samanlikning hadde vi i 2020 ingen rådgivingsoppdrag og fire oppdrag i 2019. Vidare har vi i 2021 svart på ei rekkje førespurnader (sjå kapittel 3) og gitt råd i samband med sektor- og temarettleiarar knytte til utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomisk analyse (sjå under).

I 2021 heldt vi minikurs/workshops/innlegg for desse åtte verksemdene:

  • BaneNor 
  • Digitaliseringsdirektoratet
  • Miljødirektoratet
  • Norsk Romsenter
  • Statens vegvesen
  • Landbruksdirektoratet
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet / REGA
  • Jernbanedirektoratet

Direktøren heldt òg eit innlegg om utgreiingsinstruksen på den årlege NORNESK-konferansen med tittelen «Gårsdagens kunnskap for morgendagens beslutninger –kunnskaps-oppsummeringens rolle». I tillegg heldt direktøren eit innlegg på eit frukostseminar som Barneombodet hadde om temaet barnerettsvurderingar.

I 2021 publiserte vi to fagblogginnlegg om temaa utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar. I tillegg kjem det fram kor viktig det er med gode avgjerdsgrunnlag, i DFØ sin direktørblogg og i andre fagblogginnlegg.

Vidare tilbyr vi bistand i samband med sektor- og temarettleiarar, som er supplerande rettleiing til DFØ sitt rettleiingsmateriell. Eit viktig siktemål med å delta i den typen arbeid er å sørgje for at krava samsvarer med gjeldande krav om utgreiingar og DFØ si rettleiing om korleis desse kan oppfyllast på best mogleg måte. Vi deltek òg i arbeid med å utvikle metodar som blir gjennomført av andre statlege verksemder, akademia eller konsulenthus. I 2021 var vi med på dette arbeidet:

  • Vi deltok i ei referansegruppe til Statsbygg sin rettleiar i samfunnsøkonomisk analyse.  Arbeidet starta opp i 2020, og rettleiaren blei publisert i juni 2021. FIN har òg delteke i referansegruppa.
  • Vi deltok i ei referansegruppe til Helsedirektoratet sin rettleiar om verknader på folkehelsa. Arbeidet starta opp i 2020 og skulle etter planen publiserast hausten 2021 etter høyringsrunden i august. Vi er kjende med at arbeidet truleg blir teke opp att i 2022. DFØ har koordinert innspela våre til rettleiingsutkast frå Helsedirektoratet med FIN.

Vidare har DFØ vore i kontakt med Justisdepartementet i samband med oppdatering av rettleiaren deira om lovteknikk og lovførebuingar (jamfør kapittel 4).

DFØ har òg eit nettverk for samfunnsøkonomiske analysar med over 400 medlemmer. Formålet med nettverket er å auke kunnskapen om samfunnsøkonomiske analysar og bidra til å utveksle erfaringar og byggje nettverk. Vi arrangerer to nettverksmøte i året, eitt på våren og eitt på hausten. I 2021 blei begge nettverksmøta gjennomførte digitalt.

Temaet for junimøtet var «Pandemi og samfunnsøkonomi», der arbeidet og rapportane til Holdenutvalget blei presentert av utvalsleiar Steinar Holden (UiO). I tillegg blei rapporten til koronakommisjonen presentert av kommisjonsleiar Egil Matsen (Forte Fondsforvaltning AS).

I desember var temaet korleis klimagassutslepp skal handterast i samfunnsøkonomiske analysar i samband med nytt regelverk om karbonprisar frå Finansdepartementet gjeldande frå januar 2022. Her innleidde Vegard Halde Hirsch (FIN) om regelverket til Finansdepartementet, mens Knut Einar Rosendahl (NMBU) og Vegard Rugset (SVV) kommenterte det nye regelverket.

I evalueringa av nettverksmøta ber vi deltakarane om å rangere fleire forhold ved nettverksmøta frå 1 til 6. På spørsmåla om eige fagleg utbyte og kvaliteten på det faglege innhaldet fekk desse to nettverksmøta ein gjennomsnittsskår på høvesvis 5,4 og 5,1. Talet på deltakarar på dei to nettverksmøta i 2021 var i snitt på 122 påmelde, mens snittet i 2020 var på om lag 170 deltakarar. Det at vi har gjennomført nettverksmøta digitalt har ført til at vi har gått frå om lag 60 deltakarar i snitt til over 100. Ulempa ved å halde desse møta digitalt er at det går utover den sosiale dimensjonen og nettverksbygginga. Vi legg opp til at framtidige nettverksmøte skal gjennomførast fysisk, med moglegheit for å sjå videoopptak i etterkant (jamfør kapittel 5).

Vidare er DFØ medlem av styringsgruppa for «Nettverk for rettslige styringsinstrumenter» (omdøypt til Nettverk for regelverksforvaltning i 2022) saman med representantar frå Forsvaret, DSB, Politidirektoratet og Skatteetaten. DFØ har òg eit administrativt ansvar for nettverket. Nettverket blei etablert i 2019 og er ope for tilsette i statlege verksemder som arbeider med regulering og rettsleg styring. Formålet med nettverket er å bidra til ein betre reguleringspraksis i statsforvaltinga. Det skal bidra med fagleg påfyll, utveksling av erfaringar, kompetanse og kontakt med andre som arbeider innan reguleringsfeltet. Nettverket vil arrangere seminar som tek opp ulike tema i ein reguleringsprosess som utvikling og utarbeiding av regelverk, undersøking av etterlevingspraksis, sanksjonar ved regelverksbrot og evalueringar av resultat og måloppnåing. På grunn av koronapandemien blei det ikkje arrangert nokon nettverksmøte i 2021.

5.2 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

Utgreiingsinstruksen og gode avgjerdsgrunnlag er eit sentralt tema for fleire av fagområda som DFØ er ansvarleg for. Dette gjeld spesielt oppgåver i dei to seksjonane Seksjon for styring og Seksjon for ledelse, som ligg under Avdeling for kompetanseutvikling. Nedanfor gir vi ein kort omtale av relevante oppgåver/prosjekt innanfor desse fagområda.

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring

Gode avgjerdsgrunnlag er sentralt for fleire av fagområda som er regulerte i økonomi-regelverket, medrekna verksemdsstyring, etatsstyring og tilskot.

DFØ har også i 2021 arbeidd med å vidareutvikle rettleiinga innanfor fagområda verksemds-styring og etatsstyring. Utgreiingar i samsvar med instruksen er sentralt for at statlege verksemder skal ha eit avgjerdsgrunnlag av god kvalitet i styringa.

Våren 2021 publiserte vi ny rettleiing om styringsinformasjon. Der peiker vi spesielt på at utgreiingar er det naturlege startpunktet for oppfølgingsarbeidet i mål- og resultatstyring. Det gir ein langsiktig raud tråd og lettar arbeidet med å prioritere kva som skal følgjast opp. Sjå rettleiinga som ligg på denne lenka: https://dfo.no/fagomrader/mal-og-resultatstyring/5-steg-pa-veien-til-god-styringsinformasjon). Arbeidet med å vidareutvikle rettleiinga innanfor dette området held fram i 2022.

Vidare har DFØ i 2021, i dialog med FIN, gitt innspel til OECD sitt arbeid med standardar for policy evaluation. Vi ventar òg nye OECD-tilrådingar på evalueringsområdet i løpet av sommaren 2022 (sjå òg rapport om DFØ si forvalting av økonomiregelverket).

Når det gjeld tilskotsområdet, hadde DFØ i 2021 ein gjennomgang av rettleiingstilbodet vårt. Vi har vurdert at kvaliteten på tilskotsregelverka er varierande og trur at desse kan bli betre med eit betre avgjerdsgrunnlag i botn. På bakgrunn av gjennomgangen tilrår vi å vidareutvikle rettleiingstilbodet om dette på nettsidene våre.

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

På bakgrunn av resultata frå DFØ si statusmåling om kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak meiner vi at DFØ sitt kompetansetilbod i større grad må rette seg inn mot leiarar. Ein føresetnad for god kvalitet på styringa er at det ligg føre gode avgjerdsgrunnlag i samsvar med krava i utgreiingsinstruksen. Dersom leiarar ikkje i større grad forankrar instruksen i styringa, blir det truleg inga betring i neste statusmåling om utgreiingskvaliteten. 

DFØ lanserte våren 2021 eit nytt digitalt kurstilbod retta mot nye leiarar i staten. Kurset består av tre modular5 og 15 ulike sprintar, som er ei læringsøkt om eit bestemt tema. Ein av sprintane i modul 2 om «Løpende oppgaver og hverdagsledelse» er sprint 6 om temaet «Beslutnings-grunnlag». Formålet med denne sprinten er å vise kva rolle og ansvar leiarar har for å etterleve krava i utgreiingsinstruksen.

I 2021 var det om lag 500 personar som opna sprinten om «Beslutningsgrunnlag», og av desse svarte 10 prosent på ei evaluering. Evalueringa viser at sprinten fekk gode tilbakemeldingar frå brukarane. Om lag 90 prosent av respondentane var einige i at dei likte sprinten, og at dei lærte noko nytt. Om lag 75 prosent svarte at sprinten bidrog til å endre utøvinga av leiing i stor eller nokon grad. Vidare svarte om lag 75 prosent at sprinten ville bidra til betre resultat i stor eller nokon grad.

Vidare blir òg utgreiingsinstruksen og gode avgjerdsgrunnlag nemnt i tre andre sprintar i kursmodulen.

5.3 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Finansdepartement delegerte ansvaret for å følgje opp OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC) til DFØ i 2018. Dette innebar òg å sikre rolla som ansvarleg koordinator for Noreg sin medlemskap i denne komiteen.

DFØ vurderer det slik at det å delta i komiteen gir nyttig innsikt om reguleringsarbeid i andre land og er ein arena for å knyte seg til relevante nettverk internasjonalt. OECD produserer ei rekkje sentrale dokument som gjeld både innhald i ei utgreiing (medrekna før-, undervegs- og etter-evalueringar) og kor viktig prosess (involvering av berørte og andre) er i samband med utgreiingsarbeidet.

Eit viktig siktemål med å delta i komiteen er å vurdere kva Noreg kan lære av andre land, og å spreie erfaringar og kunnskap om arbeidet i denne OECD-komiteen. DFØ si deltaking i komiteen vil elles vere ei kjelde til å vidareutvikle kompetansetilbodet vårt. Vi har oppretta ein eigen nettstad med informasjon om arbeidet i denne komiteen. I 2021 er mellom anna publikasjonen «OECD Regulatory Policy Outlook 2021» omtalt. DFØ koordinerer ei referansegruppe som består av representantar frå samarbeidspartnarane våre frå Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Finansdepartementet, Regelrådet og Digitaliseringsdirektoratet. Vi har jamlege kontaktmøte med referansegruppa for å koordinere innspela våre til dokument som blir handsama i komiteen, og for å diskutere relaterte problemstillingar knytte til reguleringsarbeid. JD har som følgje av avgrensa kapasitet ikkje hatt høve til å delta på møte i 2021.

Basert på innspel frå referansegruppa har DFØ i 2021 gitt kommentarar til ulike dokument. Vi har mellom anna kvalitetssikra data om Noreg til OECD si spørjeundersøking om reguleringspolitikk (iREG) samt ein omtale i publikasjonen «OECD Regulatory Policy Outlook 2021».

Fotnoter

1Sjå DFØ-rapporten «Tilfredsstiller statlige utredninger utredningsinstruksens krav? Statusmåling 2019».

2Skårar som blei gitt i 2020, var høvesvis 4,4 (eige fagleg utbyte), 4,7 (fagleg innhald)

4Vi har ikkje brukbar statistikk for det andre nettkurset.

5Dette er dei tre modulane i kurset: Ledelse og rammene for styring i staten, Løpende oppgaver og hverdagsledelse og Fremsynt lederskap og innovasjon.

Oppdatert: 23. juni 2022

DFØ-rapport 2022:2 DFØ og forvaltninga av utgreiingsinstruksen 2021

Skriv ut / lag PDF

1. Bakgrunn, formål og avgrensing

2. DFØ – makt, interne retningslinjer og organisering

3. Førespurnadar om instruksen

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

Kort beskriving av den prinsipielle saka:

Ei kort oppsummering av svara på spørsmåla:

3.2 Beskriving av eit utval førespurnadar

Spørsmål om verkeområdet:

Spørsmål om krava til innhald:

Spørsmål om prosesskrava:

4. Samarbeid med andre aktørar

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

5.1 DFØ sitt kompetansetilbod om utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar

Kurstilbodet

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk                                                                      

5.2 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

5.3 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Fotnoter

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2022

Oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

Oppdatere DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen

Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod  

Bistå med å utarbeide rettleiar om utgreiing av objekt- og infrastruktursikring

Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

Nettverk for regelverksforvaltning

Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Fotnoter

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.