Noregs nasjonale ekspertar i Kommisjonen - Ein ressurs for Noreg, eller berre for EU?

Evalueringa har hatt som mål å skildre ordninga med nasjonale ekspertar i Kommisjonen. Dette inneber norsk deltaking og utviklinga over tid. Vidare har evalueringa sett på korleis dei rettleiande retningslinjene frå 2008 er følgde opp. Det blir gjort ein analyse av på kva måte nasjonale ekspertar fungerer som eit verkemiddel i norsk europapolitikk og kva faktorar som påverkar ordninga.

Difi-rapport 2012:1
Norge og EU/EØS

Stortingsmelding 23 (2005-2006), Om gjennomføring av europapolitikken, framhevar kor viktig ordninga med nasjonale ekspertar er, og peikar på at ho er eit nyttig og sentralt verkemiddel i norsk europapolitikk. Dette inngår i synet på at tidleg innsats for å fremje norske synspunkt i avgjerdsprosessen i EU er sentralt for å lukkast med den politikken regjeringa legg opp til.

Tidlegare arbeid viser at forvaltninga opplever EU/EØS-spørsmål som ein stadig større del av arbeidskvardagen. Denne rapporten søkjer derfor å medverke til vidareutvikling av det EU/EØS-retta arbeidet i forvaltninga.

Oppdatert: 22. mai 2020

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.