Justis- og beredskapsdepartementet bør i større grad legge vekt på risiko og tverrsektorielle utfordringar i tilsynet med departementa sitt arbeid på samfunnssikkerheits- og beredskapsfeltet. Viss departementet ønsker å avdekke reelle sårbarheiter, bør alternative verkemiddel vurderast.
Det skriv Difi og Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) i ei ny evaluering av tredje tilsynsrunde med departementa sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap.
Difi og FFI har evaluert tilsynsordninga på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet (JD). Føremålet med ordninga er å fremme god kvalitet i departementa sitt samfunnssikkerheits- og beredskapsarbeid. Ordninga skal også bidra til at problemstillingar som går på tvers av sektorane vert godt handterte.
JD har ansvar for tilsynsordninga. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) står for den praktiske gjennomføringa og skriv tilsynsrapportane.
Departementa er i all hovudsak fornøgde med ordninga. Evalueringa viser likevel at det er eit gap mellom ordninga slik den fungerer i dag og Justisdepartementet sine krav og forventningar til kva effektar det er mogleg å oppnå gjennom tilsynsordninga.
Difi og FFI meiner at det er usikkert om effekten av dagens tilsynsordning står i forhold til ressursbruken og at tilsynet i større grad bør vere basert på risiko og vesentlegheit. Utfordringar som går på tvers av sektorane bør det også leggast meir vekt på.
Difi og FFI meiner vidare at rettleiande tilsyn fungerer betre enn kontrollerande tilsyn når det gjeld departementa sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap. Viss føremålet med ordninga er å identifisere og avdekke reelle sårbarheiter, er dagens ordning ikkje det riktige verkemiddelet.