Eksempelsamling: Styringsdokumenta instruks for økonomi og verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd

God statleg styring føreset god styring av underliggjande verksemder. Reglement for økonomistyring i staten har mellom anna som formål å sikre at statlege midlar blir brukte og inntekter blir oppnådde i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, og at fastsette mål og resultatkrav blir oppnådde.

Oppdatert

Teksten under er hentet fra introduksjonen til eksempelsamlingen som ble publisert av den gang SSØ i 2011:

Som eit ledd i arbeidet til Finansdepartementet med å utvikle etatsstyringa i statsforvaltinga har departementet bedd SSØ om å utvikle ein karakteristikk av god praksis i styring og å finne fram til eksempel på dette. SSØ har valt å fokusere på instruks og tildelingsbrev. Instruksen og tildelingsbrevet frå fagdepartementa til underliggjande verksemder legg viktige premissar for at verksemdene skal kunne gjennomføre den vedtekne politikken, og gir rammer for den interne styringa til verksemdene.

Dette dokumentet er meint å fungere som ei kjelde til inspirasjon for departement som ønskjer å vidareutvikle instruksane og/eller tildelingsbreva til dei underliggjande verksemdene sine. Statlege verksemder er svært ulike, og det gjer at departementa har forskjellige behov knytte til desse styringsdokumenta. Departementa kan truleg òg i ulik grad kjenne seg att i eksempla som er tekne med.

Fagdepartementa vil framleis vere ansvarlege for å tilpasse etatsstyringa innanfor økonomiregelverket. Dette dokumentet er ikkje nokon mal eller noka norm for korleis instruks og tildelingsbrev skal utformast. Det enkelte departementet må derfor sjølv vurdere eventuelle behov for endringar i instruks og tildelingsbrev.

Kontaktinfo

Har du spørsmål om styringsdokumentene instruks og tildelingsbrev, send en e-post til forvaltning@dfo.no.

Vi behandler spørsmål så raskt som mulig, og normalt innen 3 uker.
Du kan eventuelt ta direkte kontakt med:

Fant du det du lette etter?