OECD-rapport viser auka behov for å bygge tillit og eit potensial for bruk av digitale verktøy

OECD-rapporten - Government at a Glance - viser at Noreg framleis skårar høgt på mange av indikatorane for god offentleg forvaltning. Samtidig viser rapporten at OECD-landa står overfor mange utfordringar, og eit mindre økonomisk handlingsrom enn før stiller større krav til myndigheitene for å handtera dei. Utfordringane aukar behovet for å styrke folk si følelse av tryggheit og tillit.

Rapporten frå OECD er ei statusoppdatering på tilstand og utviklingstrekk i forvaltninga som blir gitt ut annakvart år. Den samanliknar 38 OECD-land på mange ulike område. Publikasjonen tek blant anna for seg tema som tillit, tilfredsheit med offentlege tenester, styring, økonomi, anskaffingar og digitalisering. DFØ er blant bidragsytarane for data frå Noreg i rapporten.

Behov for tillit til at myndigheitene handterer utfordringane

OECD-landa er i ein meir utfordrande økonomisk situasjon no enn før pandemien. Samtidig er det behov for å styrke folk si følelse av tryggheit og tillit, både som ein viktig berebjelke i demokratiet og som ein indikator på kvalitet i offentleg forvaltning. I Noreg har ein høgare andel av befolkninga høg eller moderat høg tillit til myndigheitene, samanlikna med gjennomsnittet for OECD-landa.

Involvering og brukarretting er ein veg til betre tenester og auka tillit

Innbyggarane må oppleve at dei blir lytta til og at myndigheitene greier å handtere raske endringar i samfunnet. Det har lenge vore ein vekst i involvering av innbyggarane i lovgiving blant OECD-landa, men rapporten viser at framgangen no har stagnert. Samtidig viser rapporten at det er ei auking i initiativ til breiare, demokratiske involveringsprosessar. Eksemplar på slike er borgarforsamlingar, juryar og offentlege dialogar. Rapporten peiker på at det er nødvendig å framleis styrke involvering av innbyggarane i politikk- og tenesteutvikling for å auke både kvaliteten på tenestene og tilliten til myndigheitene.

OECD-landa omformar i aukande grad korleis dei leverer offentlege tenester for å sette brukarane i sentrum. Dette inneber at administrative tenester er organiserte rundt sentrale livshendingar, som å få barn, miste ein kjær, gå av med pensjon eller starte ei bedrift. Det er berre 13 land som har fullt integrerte tenester for minst éi livshending, noko som gjer det mogleg for brukarar å forhalde seg til heile prosessen gjennom eitt samla kontaktpunkt. Noreg er blant desse 13 landa.

Eit potensial for auka bruk av data og digitale verktøy

Rapporten viser at myndigheitene ennå ikkje nyttar digitale verktøy og data fullt ut for å forbetre effektivitet og verknad. Data, digitale verktøy og kunstig intelligens gir alle moglegheit for effektivitetsgevinstar. OECD-landa skårar i gjennomsnitt 0,61 på Digital Government Index (på ein skala frå 0 til 1), men dei kan forbetre sine digitale politiske rammeverk, heilskaplege tilnærmingar på tvers av forvaltninga og bruken av data som ein strategisk ressurs. Noreg skårar 0,77 på Digital Government Index og ligg dermed over gjennomsnittet for OECD. Sør-Korea, Danmark og Storbritannia skårar enda høgare enn Noreg på denne indeksen.

Det grøne skiftet krev betydeleg endring i myndigheitenes verktøy og politikk

Styring for ei grøn omstilling vil krevje langvarig forplikting, styrka institusjonell kapasitet og brei samfunnsmessig einigheit. Ifølge rapporten har majoriteten av OECD-landa innført rammeverk for grøne offentlege anskaffingar. Likevel er det berre tre land som har utvikla metodar for å måle miljøpåverknad av anskaffingspraksis – til eksempel sparte CO2-utslipp – mens ytterlegare 11 er i ferd med å utvikle slike metodar. Noreg er eit av dei tre landa som har utvikla metodar for å måle miljøpåverknad av anskaffingspraksis.

Publisert: 26. august 2025

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.