Noreg får både ris og ros i OECD-rapport

OECD-rapporten «Governance at a glance» viser at Noreg skårar høgt på mange av indikatorane for god offentleg forvaltning. Samtidig peikar rapporten på at både Noreg og andre OECD-land kan bli betre til å ta med klima og miljø i budsjettprosessane sine, og dessutan styrke regelverk om til dømes interessekonfliktar i forvaltning og politikk.

Rapporten vart publisert i juni og kjem kvart andre år. Den handlar om tilstanden og utviklingstrekka i forvaltninga til 38 OECD-land, og går igjennom ei rekkje ulike faktorar under temaet god styring og organisering av forvaltninga. DFØ er bidragsytar til rapporten, og enkelte av tala som gjeld Noreg er henta frå DFØs Innbyggerundersøkelse.

Tema du kan lese om er til dømes kor tilfredse innbyggarane er med dei offentlege tenestene, kva moglegheiter innbyggarane har til å påverke tenester og politikk, digitalisering av forvaltninga, budsjetteringspraksis og utviklinga av dei offentlege inntektene og utgiftene. Mange av resultata gjeld for 2021 og 2022.

Etterlyser involvering av innbyggarane

Ifølgje OECD kan landa framleis bli betre på å sleppe til brukarar og innbyggarane i utviklinga og innovasjon av offentleg sektor. Her skårar Noreg klart dårlegare enn gjennomsnittet. Berre 27 prosent i Noreg, mot 41 prosent i OECD, trur det er sannsynleg at dei får påverke avgjerder om sitt eige nærområde. 

Rapporten viser vidare at kvinner framleis er underrepresenterte i forhold til menn i offentlege institusjonar og politikk i ei rekke land. Dette er ein indikator Noreg skårar betre på enn gjennomsnittet i OECD.

Landa, inkludert Noreg, kan også bli langt betre på å ta inn vurderingar knytt til klima og miljø i budsjettprosessane sine og bør jobbe vidare med å styrke regelverk om til dømes interessekonfliktar i forvaltning og politikk.

Skårar høgt på fleire område

Rapporten viser at Noreg i 2021 skårar klart betre enn OECD-gjennomsnittet på fleire indikatorar, til dømes tillit til styresmaktene og tilfredsheit med offentlege tenester. Mellom anna sa 61 prosent av respondentane at dei hadde tillit til offentleg forvaltning, mot 50 prosent i OECD. Tilsvarande sa 81 prosent at dei hadde tillit til domstolane, mot 57 prosent i OECD.

Samtidig er Noreg blant landa der det er størst forskjell i tilfredsheita til dei med høg og låg utdanning.

Funna samsvarer med tillitsrapport frå DFØ

OECD peikar også på at tilliten til demokratiske styresett blir utfordra når fleire kriser rammar samtidig. Eit liknande resultat finn vi i ei nyleg publisert undersøking frå DFØ som viser at tilliten til styresmaktene gjekk ned frå 2021 til 2022. I denne perioden måtte Noreg handtere konsekvensane av krigen i Ukraina, prisvekst, straumkrise og kommune- og fylkesoppløysingar.

Publisert: 25. september 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.