3. Førespurnadar om instruksen

DFØ handsamar førespurnadar om utgreiingsinstruksen og samfunns-økonomiske analysar frå departement, underliggjande verksemder og allmennheita. Under gir vi ei kort beskriving av omfanget av og kva type førespurnadar DFØ har svart på i 2021.

DFØ svarer òg på ei rekke spørsmål i samband med kurs, innlegg, workshops/seminar og rådgivingsoppdrag, jamfør kapittel 5.

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

I 2021 handsama DFØ til saman 15 førespurnadar om utgreiingsinstruksen og om samfunns-økonomiske analysar i samsvar med Finansdepartementet sitt rundskriv R-109/14, og der éin av desse var av prinsipiell karakter.

Tabell 1 gir ei oversikt over tal på førespurnadar DFØ svarte på i perioden 2019–2021, fordelte på kva tema dei går på i instruksen. Dei fleste førespurnadane DFØ tok imot i løpet av 2021, gjeld innhaldskrava i utgreiingsinstruksen og metode for samfunnsøkonomiske analysar. Dette samsvarer med statistikk frå tidlegare år. Dette er fire førespurnadar mindre enn i 2020.

Tema202120202019
Verkeområdet til utgreiingsinstruksen5  6  2
Innhaldskrava i utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar    8     109
Prosesskrava i utgreiingsinstruksen23 1
Totalt tal på førespurnadar  15   1912
Tabell 1: Tal på førespurnadar i perioden 2019–2021

I 2021 var den gjennomsnittlege sakshandsamingstida på om lag 9 dagar. To av sakene blei svarte ut ved at det blei halde eit møte. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid utanom desse to sakene var på 3 dagar.

I 2021 fekk vi ein førespurnad av prinsipiell karakter, ein type sak som gjerne tek lengre tid å svare på ettersom svaret skal forankrast hos Finansdepartementet. Denne saka blei svart på etter 42 dagar. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid inkludert denne prinsipielle saka var på om lag 11 dagar.

Kort beskriving av den prinsipielle saka:

Finansdepartementet (FIN) fekk ein prinsipiell førespurnad frå Statens vegvesen om prosesskravet i instruksen. Statens vegvesen hadde i forkant av førespurnaden fått nokre råd frå Justis- og beredskapsdepartementet (JD) når det gjaldt første del av førespurnaden. FIN svarte på førespurnaden basert på utkast til svar frå DFØ.

Ei kort oppsummering av svara på spørsmåla:

  • Det første spørsmålet dreidde seg om det er mogleg å delegere makta til å velje å unnlate høyring. Vi svarte at vi var einige i JD si forståing om at det ikkje er høve til å delegere makta til å avgjere høyring, i samsvar med utgreiingsinstruksen punkt 3-3.
  • Det andre spørsmålet gjaldt om det er mogleg å delegere vedtaksmoglegheita (det vil seie moglegheita til å vedta forskriftene om endringane). Vi svarte at utgreiingsinstruksen ikkje regulerer dette spørsmålet. Slik vi vurderer det, er det dei alminnelege reglane for delegering som vil gjelde for dette spørsmålet, dersom det ikkje er fastsett delegering av vedtaksmakt i lov eller forskrift på området.
  • Det tredje spørsmålet dreidde seg om å unnlate høyring ved EØS-saker. Vi svarte at dersom ein lèt vere å gjennomføre ei høyring i EØS- og Schengen-saker i tråd med unntaksføresegnene i punkt 3-3 i instruksen, blir dette ikkje vurdert som fråvik av instruksen, og det krev heller inga særskild avgjerd.
  • Det fjerde spørsmålet var om instruksen opnar for at vegdirektøren kan avgjere å unnlate høyring i alle saker som gjeld veglister i kommande år. Og vidare om det i så fall vil vere tilstrekkeleg med ein referanse til denne avgjerda for eksempel ved å vise til eit saksnummer, for å oppfylle kravet i instruksen om at ei avgjerd om å unnlate høyring skal vere skriftleg og motivert samt følgje saka. Vi svarte at det i utgangspunktet skal gjerast ei eiga vurdering om unntak frå høyring i den enkelte saka. Men ettersom Statens vegvesen har vurdert at det ikkje er nødvendig å leggje desse sakene ut på høyring, er det av praktiske grunnar rimeleg å opne opp for å avgjere unntak for høyring for alle føresegnene samla for kommande år. Det siste spørsmålet var om det vil vere tilstrekkeleg med ein referanse til denne avgjerda for eksempel ved å vise til eit saksnummer, for å oppfylle kravet i instruksen om at ei avgjerd om å unnlate høyring skal vere skriftleg og motivert samt følgje saka. Vidare stadfesta vi at det vil vere tilstrekkeleg å referere til saksnummeret for å oppfylle kravet om å «følgje saka».

3.2 Beskriving av eit utval førespurnadar

Under følgjer ei kort beskriving av eit utval førespurnadar vi har handsama. Desse er sorterte under kapittel 1–3 i rettleiaren til utgreiingsinstruksen.

Spørsmål om verkeområdet:

  • Vi har fått spørsmål om instruksen gjeld ved interne kartleggingar. Vi har svart at instruksen gjeld når nye statlege tiltak (medrekna vesentlege endringar i eksisterande tiltak) skal vurderast i samband med den interne kartlegginga. Ein tommelfingerregel er at instruksen gjeld så lenge tiltaket har verknader utover eiga verksemd. Vidare presiserte vi at instruksen vil vere eit nyttig hjelpemiddel for å greie ut nye tiltak uavhengig av om tiltaket er omfatta av instruksen.
  • Vi har òg fått spørsmål om instruksen gjeld for eit departement, i arbeidet som eigardepartement med å utarbeide avtalar, vedtekter, retningslinjer eller liknande for eit statleg føretak eller heileigd selskap. Vidare om instruksen gjeld for desse to selskaps-formene. Vi har svart at instruksen gjeld i dei tilfella som er beskrivne, så framt det blir vurdert nye statlege tiltak. Vidare informerte vi om at instruksen ikkje gjeld for utgreiings-arbeid i eigne rettssubjekt (for eksempel statsføretak og helseføretak). Men i dei tilfella der eigne rettssubjekt på oppdrag frå fagdepartementet greier ut, skal departementet i oppdragsdokumentet krevje at selskapet følgjer utgreiingsinstruksen.

Spørsmål om krava til innhald:

  • Vi har fått spørsmål om kvifor kravet om menneskerettsvurderingar (MR) ikkje er eksplisitt nemnd i utgreiingsinstruksen, og ein førespurnad om å vurdere dette. FIN deltok saman med DFØ for å svare på dette spørsmålet blant fleire frå Nasjonal institusjon for menneskerettigheter (NIM). Vi svarte at sjølv om vurdering av menneskerettar ikkje eksplisitt er nemnd i instruksen, er denne typen vurderingar omfatta av det tredje spørsmålet i instruksen, der dette blir utdjupa i rettleiaren som høyrer til instruksen. Vidare bør ein vurdere prinsipielle spørsmål utover det reint juridiske, ettersom det ofte finst eit handlingsrom som fordrar at ein gjer dei gode vurderingane.
  • Vi har fått spørsmål om grunnlaget for utrekninga av faktoren på 0,2 brukt i utrekninga av skattefinansieringskostnaden, slik han er omtalt i DFØ sin rettleiar i samfunns-økonomiske analysar. Vi har svart at grunnlaget for faktoren på 0,2 finn ein i NOU 1997:27 Nytte-kostnadsanalyser (kap. 1.4.7).
  • Vi har òg fått spørsmål om det finst nokon krav eller prinsipp som skal følgjast ved utrekning av tal på timar i eit årsverk. Vi informerte om at Digitaliseringsdirektoratet har utarbeidd ei rettleiing i samband med medfinansieringsordninga, der det står at ein kan rekne 1697 timar for eit årsverk. Vidare opplyste vi om at vi for tida reviderer DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar, og at vi i den samanhengen vil vurdere om vi skal gi ei konkret tilråding om dette.

Spørsmål om prosesskrava:

Vi har fått spørsmål om instruksen inneber at saka må sendast på ny høyring dersom ein har oppgitt feil ikrafttredingsdato i ei høyringssak. Vi har svart at det reviderte forslaget skal leggjast ut på ny høyring i tilfelle der høyringsfråsegnene eller andre forhold fører til vesentlege endringar i forslaget. I tilfelle der høyringsinstansane har hatt saka til høyring tidlegare, er det i dei fleste tilfella tilstrekkeleg å leggje ut dei delane av utgreiinga som er endra, med ein referanse til den opphavlege saka.

Oppdatert: 23. juni 2022

DFØ-rapport 2022:2 DFØ og forvaltninga av utgreiingsinstruksen 2021

1. Bakgrunn, formål og avgrensing

2. DFØ – makt, interne retningslinjer og organisering

3. Førespurnadar om instruksen

3.1 Oversikt over førespurnadar vi har fått

Kort beskriving av den prinsipielle saka:

Ei kort oppsummering av svara på spørsmåla:

3.2 Beskriving av eit utval førespurnadar

Spørsmål om verkeområdet:

Spørsmål om krava til innhald:

Spørsmål om prosesskrava:

4. Samarbeid med andre aktørar

5. DFØ sitt kompetansetilbod og andre tiltak

5.1 DFØ sitt kompetansetilbod om utgreiingsinstruksen og samfunnsøkonomiske analysar

Kurstilbodet

Kompetansetenester på nettstaden til DFØ

Rådgiving, minikurs, innlegg og nettverk                                                                      

5.2 DFØ si rettleiing innan styring og leiing

DFØ sitt kompetansetilbod innan styring

DFØ sitt kompetansetilbod for leiarar i staten

5.3 Ansvar for deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee

Fotnoter

6. Strategisk viktige enkeltoppgåver i 2022

Oppdatere DFØ sin rettleiar i samfunnsøkonomiske analysar

Oppdatere DFØ sin rettleiar til utgreiingsinstruksen

Vidareutvikle resten av DFØ sitt kompetansetilbod  

Bistå med å utarbeide rettleiar om utgreiing av objekt- og infrastruktursikring

Synleggjere utgreiingsinstruksen på dei andre fagområda til DFØ og i DFØ sitt kompetansetilbod

Nettverk for regelverksforvaltning

Deltaking i OECD sin Regulatory Policy Committee (RPC)

Etablere ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av ei ny statusmåling om etterleving av utgreiingsinstruksen

Fotnoter

Skriv ut / lag pdf av veileder

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord