Varsel om gjennomføring og fristar i høve lisensteljing for alle lønnskundar.
Bakgrunn
Lisensteljing blir gjennomført i forkant av kvart kvartal. Prosedyren står i sjekklista “Lisensteljing for fakturering av lisenser og drift”. Sjekklista er tilgjengeleg i DFØ Brukardokumentasjon.
Gjennomføring og fristar
DFØ vil gjennomføra lisensteljing i perioden 29. januar til 19. februar 2025.
Punkt 7 og 13 i sjekklista er dei viktigaste punkta. Lisensrapport vil bli lagt ut på DFØ Fildel 3. februar og frist for tilbakemelding er 7. februar 2025, sjå sjekklista punkt 7.
Fakturagrunnlag vil bli oppdatert med 2025Q2 14. februar. Frist for tilbakemelding er 18. februar 2025, sjå sjekklista punkt 13.