Sidemaler

Vi har fleire sidemalar (innhaldstypar) som vi bruker i Drupal-rammeverket. Nokre av sidemalane bruker vi berre på spesifikke nettstader. Rolletilgangen for redigering vil variere noko frå mal til mal.

Sidemalar på alle nettstader

Landingsside

Malen er designa for forsida. Den kan også bli brukt som transportside og som landingsside for fagtema/innhald som treng ein mer avansert inngang til valte undersider. Har du behov for reint tekstleg innhald i tillegg til lenker vidare, så skal du heller velje Informasjonsside.

Veiledning om å redigere innhald ut over dette finn du under Redigere sidemal og Redigere blokker.

Rolletilgang

Skribent: Ingen, eventuelt sende forespurnad om ny side.
Fagredaktør: Redigere, hake av under kategorisering og publisere dersom du står som forfattar.
Redaktør: Redigere eksisterande side, hake av under kategorisering og publisere.
Administrator: Gjere endringar i global taksonomi.

Informasjonsside

Malen er laga for vanleg innhald på sidene våre kor innhaldet primært bor i ein menystruktur slik at det er knytta opp til overordna side i brødsmulestien. Dette er normalt førstevalet om du ikkje har behov for ei side med spesiell funksjonalitet.

Veiledning om å redigere innhald ut over dette finn du under Redigere sidemal og Redigere blokker.

Rolletilgang

Skribent: Sende forespurnad om ny side. Redigere og sende til godkjenning.
Fagredaktør: Sende forespurnad om ny side. Redigere, sende til godkjenning og publisere.
Redaktør: Opprette ny side, hake av under kategorisering og publisere.
Administrator: Plassere sida i menyen, gjere endringar i global taksonomi.

Nyhet

Malen er laga for nyheiter, og alle publiserte sider blir lista opp i nyheitsarkivet. I tillegg kan vi legge nyheiter i ei automatisk liste, for eksempel på forsida av nettstedet, slik at nyleg publiserte sider blir vist etter dato.

Veiledning om å redigere innhald ut over dette finn du under Redigere sidemal og Redigere blokker.

Rolletilgang

Skribent/fagredaktør: Sende forespurnad om ny side. Redigere og sende til godkjenning.
Redaktør/administrator: Opprette ny side og publisere.

Prosess og prosesside

Prosess-malen kjem i to utgåver: Éin for enkel prosess med berre faser og éin for meir avanserte prosessar med undersider til kvar fase. Har du behov for ein ny prosess, så snakk med ansvarleg redaktør for nettstaden.

Menyen i prosessen og knyttinga til prosess-sider blir satt opp som ein eigen bokstruktur, og er ikkje ein del av globalmenyen.

Val av enkel eller avansert prosess gjer du nederst i redigeringsfeltet på hovudsida for prosessen.

Val av visning av menyen og menylenketittel gjer du nederst i redigeringsfeltet på den enkelte prosess-sida (gjelder undersider til fasene).

Veiledning om å redigere tekst og innhald ellers i hovudfeltet finn du under Redigere sidemal og Redigere blokker.

Rolletilgang

Skribent/fagredaktør: Sende forespurnad om ny side. Redigere og sende til godkjenning.
Redaktør: Opprette ny side, hake av under kategorisering, redigere bokstruktur og publisere.
Administrator: Gjere endringar i global taksonomi.

Veileder/rapport og veileder/rapport-kapittel

Malen er meint for publisering av lengre tekster på nett, som rapporter og veiledarar. Dette er tekster som har fleire lengre kapittel, og er tekster som brukarane gjerne fordyper seg i.

Malen består av ei framside med innleiing, ein eventuell illustrasjon (eit bilete) og ei lenka oversikt over alle kapitla. Malen kan ha fleire kapitler der sjølve innhaldet blir lagt inn. I malen kan ein bla fram og tilbake i kapitla, og i kapitla kan ein få opp ei oversikt over alt innhaldet i ei samla innholdsoversikt. I tillegg kan ein skrive ut eller lagre heile veilederen/rapporten, og ein kan søke internt etter innhald.

Rolletilgang

Skribent/fagredaktør: Sende forespurnad om ny side. Redigere og sende til godkjenning.
Redaktør: Opprette ny side, hake av under kategorisering, redigere bokstruktur og publisere.
Administrator: Gjere endringar i global taksonomi.

Sidemaler til bruk på dfo.no

Kundenotat

Malen er laga for informasjon til DFØ sine løns- og rekneskapskundane. Alle kundenotat blir også automatisk sendt ut som varsel på e-post til dei som har meldt seg på abonnement på kundenotat.

Rolletilgang

Skribent/fagredaktør: Kan opprette kundenotatet, redigere det og sende til godkjenning.
Redaktør/administrator: Legg til kategoriane "løn" eller "rekneskap", og publiserer kundenotatet.

Frister

Malen er laga for fristar for DFØ sine løns- og rekneskapskunder. Fristane blir fastsatt av løns- og rekneskapsdivisjonen, og blir publisert året før. Dei har kategoriane "løn" eller "rekneskap". Malen blir også brukt til å vise fristar innan "reise" og "godtgjersle/honorar" for honorarmottakarar.

Rolletilgang

Skribent/fagredaktør/redaktør/administrator: Kan opprette, redigere og publisere fristane.

Blogginnlegg

Malen gjeld innlegg som blir publisert på DFØ-bloggen på dfo.no. Innhaldet i blogginnlegga blir skrevne av fagpersonane, men i tett samarbeid med kommunikasjonsenheten som vurderer relevans og kvalitet på innlegga.

Eit blogginnlegg må knyttast til ein "forfattar" med bilete og informasjon om forfatteren. Dette er ein eigen mal, som må opprettast før blogginnlegget blir publisert. Ein forfattar kan ha fleire blogginnlegg, og han eller ho vil då bli lista ut på ein forfattarside.

Blogginnlegget kan ha éin eller fleire kategoriar, slik at innlegga kan filtrerast ut frå kategoriane. Det er faste kategoriar på DFØ-bloggen.

Rolletilgang

Redaktør/administrator: Opprettar, redigerer og publiserer blogginnlegget.

Rapportside

Alle rapportar frå DFØ skal publiserast på ei rapportside. Desse rapportsidene blir lista ut i ei rapportoversikt på dfo.no der ein kan filtrere rapportane på år og kategori.

Kvar rapport eller kvart notat får eit eige nummer som også skal leggast inn i malen for rapportside. Dette nummeret gir nettredaksjonen i forbindelse med publiseringa av rapporten/notatet.

Rolletilgang

Skribent/fagredaktør: Kan redigere ei rapportside og sende til godkjenning, men det er stort sett nettredaksjonen som gjer dette.
Redaktør: Opprette ny side, redigere, hake av under kategorisering, redigere bokstruktur og publisere.
Administrator: Gjere endringar i global taksonomi.

Kurs

Kurssider må opprettast i kursløysinga Deltaker.no, og det blir gjort stort sett av kursadministrasjonen. Send ein e-post til kurs@dfo.no hvis du vil opprette eit kurs/arrangement. Det er her innhaldet og praktisk informasjon blir lagt inn.

Kursidene i Drupal kan kun redigerast i etterkant av når eit kurs/arrangement/seminar er blitt holdt. Kurssida må få hake for "historisk visning" i Deltaker.no for at kursomtalen skal komme opp i oversikta over avholdte kurs og arrangement på dfo.no. Det er berre dei kursa og arrangementa som har presentasjoner eller videoopptak, som skal bli lista ut i den avholdte kursoversikten.

I tillegg til å laste opp presentasjon eller video, må du også redigere på teksten slik at det blir tydeleg at dette er eit avholdt kurs eller arrangement. Fjern informasjon som ikkje lenger er aktuelt, som f.eks. praktisk informasjon om arrangementet og påmelding.

Skribent/fagredaktør: Kan redigere og sende til godkjenning.
Redaktør/administrator: Kan redigere og publisere.

Sidemaler til bruk på anskaffelser.no

Avtale

Malen blir brukt til avtaler fra Statens innkjøpssenter og til StartOff-konkurranser. Den har litt andre metadata enn de andre malane. Du må sette riktig status på om avtalen er under arbeid, aktiv eller framtidig, og det er tilrettelagt for inndeling i avtaletypar.

Veiledning om å redigere innhald ut over dette finn du under Redigere innhald.

Rolletilgang

Skribent: Sende forespurnad om ny side. Redigere og sende til godkjenning.
Fagredaktør: Opprette ny side, hake av under kategorisering og publisere.
Redaktør: Opprette ny side, hake av under kategorisering og publisere.
Administrator: Gjere endringar i global taksonomi.

Verktøy

Fellesnevnaren for verktøy er at sidemalen ikkje bor i menyen. Verktøya er delt i kategorier, og du må velje ein kategori når du oppretter ein mal.

Typisk for bruk av denne malen er maler, veiledninger, eksempler eller annet som det er aktuelt å vise på éin eller fleire sider på nettstaden, som for eksempel ein kontrakt eller ein mal for risikomatrise. Du lagar ei side som forklarer bruk av verktøyet, og viser det alle steder det er relevant.

Du skal også alltid velje tema frå global taksonomi som er relevant for innholdet i malen. Då vil du kunne filtrere på kategorien og på temaet, og få opp alle forekomster som dekker begge kriteria, som for eksempel alle kontraktar som er relevante for bygg- og anlegg.

Når du kobler ei verktøyside til en annen side med innholdsreferanse, blir det automatisk oppretta ei krysskobling mellom sidene, slik at verktøysida samtidig vil lenke tilbake til informasjonssida der verktøysida er i bruk.

Veiledning om å redigere innhald ut over dette finn du under Redigere innhald.

Rolletilgang

Skribent: Sende forespurnad om ny side. Redigere og sende til godkjenning.
Fagredaktør: Sende forespurnad om ny side. Redigere og sende til godkjenning. Redaktør: Opprette ny side, hake av under kategorisering og publisere.
Administrator: Gjere endringar i global taksonomi.

Oppdatert: 18. september 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.