Gå til navigasjon Gå til innhold

Åpne relatert ...

Lukke relatert ...

Mål, strategi og sentrale styringsdokumenter

Som statleg ekspertorgan skal DFØ, med utgangspunkt i regelverket for økonomistyring, leggje til rette for god styring i staten. Den unike rolla til DFØ er å vareta statens behov for ei heilskapleg tilnærming på området.

Effektiv ressursbruk i staten

Visjon


Effektiv ressursbruk i staten

Visjonen er noko vi strekkjer oss mot, eit framtidig ønskebilete som beskriv ein tilstand hos dei vi er til for.

Hovudmål

Formålstenlege fellesløysingar i staten

God styring i statlege verksemder

Hovudmåla definerer eit ønskt resultat eller ein effekt som DFØ ønskjer å oppnå hos dei som vi er til for. Dei snevrar inn visjonen til område som DFØ kan påverke og bidra med.

Hovudmåla reflekterer at DFØ har to målgrupper: staten samla sett og den enkelte statlege verksemda. I nokre tilfelle kan det vere konflikt mellom kva som er best for desse målgruppene. DFØ må då vurdere omsyna i kvart konkrete tilfelle.

Hovudstrategiar


Forvalte og aktivt gi råd om forbetringar av økonomiregelverket og konsernsystema til staten

Vere ein pådrivar for samarbeid i staten

Levere gode lønns- og rekneskapstenester, med tilknytte tenester, til så mange statlege verksemder som mogleg

Gi hjelp til sjølvhjelp for verksemdene med tanke på styring

Tilby segmenttilpassa tenester

 

Rammevilkår                                                                    
DFØ er eit bruttobudsjettert forvaltingsorgan som er underlagt Finansdepartementet.
DFØ er i all hovudsak løyvingsfinansiert.
DFØ er tenesteytar av integrerte økonomitenester til statlege verksemder.
DFØ har vedtaksmyndigheit innanfor økonomiregelverket og forvaltar to statlege konsernsystem. Dei andre tenestene til DFØ er valfrie for verksemdene
DFØ er lokalisert fleire stader i landet og har kontor i Trondheim, Stavanger, Hamar og Oslo.
Målgruppa til DFØ er staten samla sett og den enkelte statlege verksemda (som juridisk sett er ein del av staten).