Gå til navigasjon Gå til innhold

Åpne relatert ...

Lukke relatert ...

Organisasjon og leiing

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) er organisert for å vareta statens behov for ei heilskapleg tilnærming til økonomistyring i statlege verksemder.

Nøkkeltal

  • 400 tilsette
  • Lønns- og/eller rekneskapstenester til rundt 83 prosent av alle statlege verksemder
  • Lønnsutbetalingar til 79 000 statleg tilsette, 90 000 honorarlønnede og 31 000 timelønnede
  • 44 615 944 057 (44,6 mrd.) kr utbetalt i lønns- og reiseutbetalinger i 2015
  • 781 000 behandla fakturaer
  • 65 millionar transaksjonar gjennom statens konsernkontoordning
  • 227 statlege verksemder innrapporterte til statsrekneskapen 
  • Totalt 1064 deltakarar på 34 kurs og seminar

DFØ er organisert i fem avdelingar:

  • Lønnsavdelinga
  • Rekneskapsavdelinga
  • Forvaltings- og analyseavdelinga
  • Strategi- og fellestjenesteavdelingen
  • Kommunikasjonsenheten

Avdelingane er lokaliserte med ei sentraleining i Oslo og kontorstader i Stavanger og Trondheim.

Kontorstadene leverer lønns- og rekneskapstenester til statlege verksemder.

Sentraleininga i Oslo tek seg av administrative oppgåver, systemtenester, produktutvikling og forvaltingsoppgåver.



Organisasjonskart

 

 

 


Leiargruppa i DFØ 

 

Roger Bjerke, midlertidig direktør

Som direktør er han mellom anna kontaktpersonen for DFØ mot Finansdepartementet. I leiargruppa hans er det fem avdelingsdirektørar. 

Roger Bjerke har brei erfaring med å utvikle og implementere styringsmodellar i offentleg sektor.

 

Gøril Aune

Gøril Aune, avdelingsdirektør i regnskapsavdelinga

Som direktør for rekneskapsavdelinga er ho ansvarleg for å levere rekneskapstenester til omlag 140 statlege verksemder.

 

Rune Bjerkås

Rune Bjerkås, avdelingsdirektør i strategi- og fellestjenesteavdelingen

Bjerkås kom til DFØ i august 2013 frå Deloitte Consulting. Han har òg lang erfaring som leiar i Forsvaret. Bjerkås skal vere drivkraft i strategiutvikling, leggje til rette for strategisk styring av DFØ og leie den dagelege støtta til direktøren.

Bjerkås har sivil og militær utdanning på masternivå innan leiing og strategi.

 

 

Wibecke Høgsveen, fungerende avdelingsdirektør i forvaltnings og analyseavdelinga

Som direktør for forvaltings- og analyseavdelinga har ho mellom anna ansvaret for å forvalte  økonomiregelverket i staten, statens konsernkontoordning, statsrekneskapen og utredningsinstruksen..

 

Ruth Høyland Jønsrud

Ruth Høyland Jønsrud,
kommunikasjonsdirektør

Kommunikasjonseininga i DFØ har ansvar for ekstern- og internkommunikasjon, kunde- og marknadskommunikasjon, formidling og e-læring, nettsider og CRM.

 

Bjørn Sæstad

Bjørn Sæstad, avdelingsdirektør i lønnsavdelinga

Sæstad har lang erfaring som leiar, og han kom til DFØ frå stillinga som assisterande fylkesdirektør i NAV Rogaland. Direktøren for lønnsavdelinga har ansvaret for å levere lønnstenester til 178 (tal frå 2011) statlege verksemder.